Forbanna Demokratar gjev Joe Biden og Tim Walz skulda for det audmjukande tapet til Kamala Harris

Ava Grace i Natural News melder:

Skuldeleiken innåt i Det demokratiske partiet har byrja. Støttespelarar til visepresident Kamala Harris vender seg no mot president Joe Biden og Minnesota-guvernør Tim Walz, og skuldar dei to for hennar tap i valet mot den valde presidenten Donald Trump.

Om morgonen etter valet onsdag 6.november, adresserte Harris ein skare av sine støttespelarar i Washington D.C. og erklærte at ho hadde vedgått nederlag overfor Trump. Under talen sin oppmuntra ho sine støttespelarar til å ikkje misse håpet, og sa at medan presidentkappløpet var over, hadde ho ikkje gjeve opp «kampen som var pådrivar for denne kampanjen».

No når Harris har gjeve opp, har politiske analytikarar, folk på innsida av Demokratane, og vanlege liberale og støttespelarar av kampanjen til visepresidenten byrja å peike med fingrar i eit forsøk på å finne ein syndebukk å halde ansvarleg for sigeren til Trump.

Dette valet er sett på som eit øydeleggjande tap for Demokratane, som ikkje berre miste presidentskapen, men òg Senatet og Representantanes hus – som arrangørar av spørjeundersøkingar trudde kunne vendast tilbake til Det demokratiske partiet.

Eit av menneska som peikte seg ut som primærmål for skuld er Biden, som Demokratane trudde trekte seg altfor seint, og at dette frårøva partiet evna til å demokratisk utpeike ein kandidat gjennom primærval.

Biden blir òg skulda av venstrefløya i partiet, som meiner at Biden-administrasjonen sin ståstad rundt Israel og Harris-kampanjen sine forsøk på å appellere til pro-Israel-lobbyen for å moderere røystarar og anti-Trump-Republikanarar alle var digre feil.

Andre Harris-støttespelarar har òg vendt raseriet sitt mot Walz av ei rekkje grunnar, inkludert at han er for progressiv, for «folkeleg» og for farga av 2020 Black Lives Matter-protestane, som byrja i Minneapolis etter dødsfallet til ein afrikansk-amerikanar ved namn George Floyd.

Posisjonen til Harris rundt nøkkeltema får òg skulda for tapet hennar

Andre kritikarar meiner at det ikkje er ein enkelperson, men sjølve temaa. Enkelte analytikarar har argumentert at amerikanarar resonnerte med ståstaden Trump har på immigrasjon, økonomien og krigar i utlandet. […]

Eit anna stort tema som får skulda er at Harris nekta å bryte med Biden og mange andre i Det demokratiske partiet som støttar å halde fram å sende våpen til Israel, der mange på venstresida i partiet trur at førde til det at røystarane hennar valde å heller halde seg heime eller gå over til å støtte tredjeparti-kandidat Jill Stein frå Det grøne partiet i USA, som har vore utvitydig i støtta si til palestinarane.

Israel-argumentet byrja på sosiale media nesten med éin gong Harris vart den nominerte. For det fyrste valde ho ikkje Pennsylvania-guvernør Josh Shapiro, som er jødisk, som sin kampanjekompis. Den tidlegare tenestepersonen i Den demokratiske nasjonalkomiteen Lindy Li argumenterte at det å velje Shapiro kunne ha fått Harris over linja.

«Folk lurer på kva som ville ha skjedd om Shapiro hadde vore med. Og ikkje berre når det gjeld Pennsylvania,» sa Li til Fox News.

Li, som jobba for Shapiro i fjor, argumenterte at det å velje ein moderat slik som Shapiro ville ha vist at Harris ikkje var den «San Fransisco-liberale» som Trump hevda at ho var.

«Men ho valde nokon som faktisk er til venstre for ho. I auga til det amerikanske folket var Walz guvernøren som vakta over protestane,» sa ho. […]

Omsett og noko forkorta av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget