Sputnik rapporterer:
Moskva (Sputnik) – Moskva er klare til å jobbe med administrasjonen til den valde amerikanske presidenten Donald Trump, og ballen ligg på banehalvdelen til Washington, sa den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov torsdag [14.november 2024].
«[Den russiske presidenten Vladimir] Putin sa på Valdai-forumet at han alltid er open for kommunikasjon. Vi var ikkje dei som stengde den av. Ballen ligg på den andre banehalvdelen,» sa Lavrov i eit intervju med den russiske journalisten Marina Kim då han vart spurt om moglegheita for å ta opp igjen kontakt mellom Russland og USA, med tanke på at Moskva allereie jobba med Trump.
Målet om å halde tilbake Kina kan forbli ein prioritet for USA, inkludert under administrasjonen til den valde presidenten Donald Trump, sa Sergej Lavrov.
«Målet om å halde tilbake Kina, som er fastsett av USA sin president Joe Bidens administrasjon [kjem sannsynlegvis til å] forbli ein prioritet for Trump-administrasjonen òg. Det er ein nøkkelprioritet for dei,» sa Lavrov i eit intervju med den russiske journalisten Maria Kim.
På same tid blir Russland oppfatta av USA som «dagens trugsel», der Washington prøver å stoppe Russland frå å vise at dei er ein «sterk spelar», og frå å «underminere ryktet til Vesten», la Lavrov til.
Den økonomiske suksessen til Kina er grunnen til USA sin «rabiate» politikk mot landet, sa Lavrov.
«Den verkelege grunnen til at [USA] nyleg har blitt – eg vil til og med seie – ‘rabiate’, er at Kina prestasjonsmessig går forbi USA raskt og med sjølvtillit,» sa Lavrov […]
Kina går forbi USA basert på normene til Det internasjonale pengefondet, Verdsbanken og Verdas handelsorganisasjon, sjølv om desse mekanismane og institusjonane blir kontrollert av Washington, la Lavrov til.
I 2018, innførde dåverande president Donald Trump toll på 25% på stålimport og 10% på aluminiumsimport, der han viste til nasjonaltryggleikstrugslar frå utanlandske varer. Tollen er framleis der, med unntak av fleire land, inkludert Mexico.
USA skuldar jamleg Kina for å følgje ikkje-marknadspolitikk. Beijing held fast på at dei «støttar sterkt» det fleirsidige handelssystemet og peiker på den amerikanske praksisen med å «mobbe» og innføre sanksjonar for å leggje band på selskap i andre land.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
