Venstreorienterte The Guardian forlèt X – skuldar plattforma for å spreie «høgreekstreme konspirasjonsteoriar» og «rasisme»

Thomas Brooke på nettstaden Remix News rapporterer:

Den britiske venstreorienterte avisa The Guardian har erklært at dei vil slutte å publisere sine artiklar på X med umiddelbar verknad, og viser til ein auke av «høgreekstreme konspirasjonsteoriar og rasisme» på plattforma.

Ei melding publisert onsdag [13.november 2024] avslørte at alle offisielle Guardian-redaktørkontoar på X skal bli arkivert etter at deira redaktørar konkluderte at fordelane med å bruke nettstaden «no blir overgått av dei negative, og at ressursar kan bli betre brukt ved å fremje vår journalistikk andre stader».

«Dette er noko vi har tenkt på ei stund med tanke på det ofte urovekkjande innhaldet som blir fremja eller funne på plattforma,» skreiv dei, og antyda at plattforma hadde blitt overteken av dei som fremjar høgreekstreme ideologiar.

Redaksjonen skreiv at Donald Trump sin siger i det amerikanske presidentvalet tidlegare denne månaden «berre har bidrege til å setje strek under det vi har vurdert lenge: at X er ei giftig medieplattform og at eigaren Elon Musk har vore i stand til å bruke påverknadskrafta til den til å forme politisk diskurs».

Avisa forklarte at journalistane deira framleis står fritt til å bruke sida til «nyheitssamlande føremål», og antyda at deira tilsette òg kan bli frårådd å bruke plattforma til å fremje innhald i tillegg til arkiveringa av deira offisielle kontoar.

Trass deira skuldingar om omfattande rasisme og konspirasjonsteoriar, skreiv den venstreorienterte avisa at dei framleis kjem til å vise til innlegg på plattforma via sin journalistikk, og viser til «direktenyheiter sin natur»-dekning.

«Vi kan gjere dette fordi forretningsmodellen vår ikkje lit på populært innhald skreddarsydd etter nykkene til sosialmedie-kjemper sine algoritmar – i staden blir vi finansiert direkte gjennom lesarane våre,» stod det i meldinga.

The Guardian hadde nesten 11 millionar følgjarar på plattforma – eit betydeleg publikum med tanke på at avisa påstår at nettstaden no fremjar rasisme og høgreekstrem retorikk.

Avisa hadde nyleg blitt latterleggjort av X-brukarar etter at det vart leke ut ein intern e-post til tilsette som minte dei på rådgjevingstenester for dei som strevde med å akseptere at Donald Trump skulle vende tilbake til Det kvite huset.

«Eg veit at resultatet har vore særs opprørande for mange kollegaer,» sa redaktør Katharine Viner til personalgruppa, og oppmuntra dei som ikkje var basert i USA om å «kontakte dykkar amerikanske kollegaer for å tilby støtta dykkar».

Erklæringa til avisa om at dei forlèt X har òg blitt møtt med latterleggjering på grunn av det som visstnok er det siste innlegget på hovudkontoen deira, der brukarar har antyda at dei ikkje lenger taklar å delta i ein marknadsplass av frie ytringar.

Andre brukarar peikte på det faktum at The Guardian hadde gått frå ein filosofi om «frie kommentarar» på artiklar på nettsida, til å berre tillate kommentarar på enkelte artiklar, der mange framleis blir strengt moderert.

På dei få artiklane som tillèt kommentarar på nettsida, kan den følgjande linja jamleg bli sett etter at eit visstnok avvikande politisk synspunkt har blitt fjerna: «Denne kommentaren vart fjerna av ein moderator fordi den ikkje følgjer våre samfunnsstandardar. Svar kan òg bli sletta.» [i originalartikkelen: This comment was removed by a moderator because it didn’t abide by our community standards. Replies may also be deleted.]

Trass den betydelege følgjarskaren, er engasjementet til avisa på X langt frå imponerande, som Tom Harwood, politisk viseredaktør i GB News sette søkjelys på.

«Woke-gjengen har overgjeve seg!» kommenterte programleiar Piers Morgan, medan Mail on Sunday-kommentator Dan Hodges leverte «Galskapen til det sjølvtitulerte progressive Venstre. ‘Denne plattforma er so påverknadskraftig at den akkurat hjelpte til med å avgjere det amerikanske valet. So vi forlèt den…’»

Avisa hevdar å ikkje følgje den same forretningsmodellen som andre publikasjonar, som er særs avhengige av annonsar frå nyheitsinnhald som går viralt, og skryter over at dei har fått stor finansiell støtte frå lesarane sine.

Dei nemnde derimot ikkje at dei tidlegare har fått utbetalingar frå påverknadskraftige personar med høg nettoverdi. I november 2021 rapporterte Mint News om korleis publikasjonen hadde fått 12,95 millionar pund [183 millionar kroner] frå Bill and Melinda Gates Foundation.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

One comment

  1. Ganske søtt at ytrehøyrekoko plutselig har blitt fokusert på å omtale alle som tar avstand fra konspi og rasisme som «vridde». Fordi ytrehøyrekoko blir omtalt som nettopp ytrehøyre. Det heter egentlig «normaltfungerende».

    Likar

Kommenter innlegget