Bananfobi kan vere ei form for penisfrykt

Nyleg har den svenske likestillingsministeren Paulina Brandberg (Liberalerna) gjort det kjent for verda at ho har ein intens fobi mot bananar. Dei gule, penisforma apefruktene som «alle» likar. Som Document skriv, må staben hennar fjerne spor av bananar i alle rom ho skal opphalde seg i, inkludert ein VIP-lunsj ved Domstolsverket. Der sendte statssekretæren hennar ut ein e-post der det stod at ho hadde allergi mot bananar. Det er jo ein grei måte å bortforklare denne irrasjonelle frykta mot frukta. Hadde det ikkje vore for at Banan-Paulina sjølv har sagt at det er ein fobi, og ikkje ein allergi. Hadde ho halde på den mindre kontroversielle forklaringa om at det er ein allergi, hadde ho ikkje blitt gjort til latter for å vere heilt bananas.  

Bananfobi er berre éin av mange, mange fobiar, men fellestrekket er ei irrasjonell frykt for noko som i utgangspunktet er ufarleg. Dette føyer seg inn i rekkja av fobiar mot penisforma gjenstandar, slik som «systerfobiane» pølsefobi og agurkfobi. Desse kan i sin tur førast til sjølve grunnfobien: penisfrykt.

Mange kvinner lid av penisfrykt i meir eller mindre alvorleg grad. Som regel ligg det traumatiske, penisrelaterte hendingar bak, eller den kan vere irrasjonell – då som eit resultat av bevisst programmering frå media, som ønskjer ein generasjon av penisredde kvinner som dermed vil vegre seg for å få barn. Sidan eliten er interessert i å utrydde mesteparten av menneskeheita, primært kvite menneske, passar slike fobiar som hand i hanske i deira skumle planar.

Som regel vil ei kvinne med intens penisfrykt kunne «leve» ganske so normalt, so lenge ho held seg unna penisar, pølser, bananar og andre penisforma gjenstandar. Men det vil før eller seinare oppstå ein situasjon der slike gjenstandar glir inn i biletet (og kanskje òg inn i dama, hehe). Dette vil då få tragiske konsekvensar for den involverte innehavaren av nemnde gjenstand, til dømes når hennar yre, vilt forelska kjærast vil ta det viktige steget over i samleiedelen av forholdet. Eller når den uvetande bestemora hennar serverer bananar. Ei sinnssjukt sliten åleinemor kan òg få sitt fyrste sjokkerande møte med avviket til dottera si når ho ein regnvåt ettermiddag serverer pølser med potetstappe og mykje ketsjup i den kjipe, kommunale blokkleilegheita dei residerer i. Det vil bli gråt, slag, spark og panisk fekting med armane. Stakkars jente og stakkars penisar!

Sjå òg «Penisfrykt blant kvinneleg helsepersonale skaper redsel og uhelse for målgruppene», publisert 19.mars 2022, og «Penisfrykta når nye høgder: Kvinne skar penis av mann, kommentarfeltet i Dagbladet reagerte med støtte og latter!», publisert 20.mai 2022.

Det kan naturlegvis òg finnast andre årsaker til at kvinner som er mentalt oppegåande nok til å bli likestillingsminister (om det å fungere mentalt då er ein føresetnad for å få eit slikt verv!) utviklar slike fobiar. Er det moglege konsekvensar av det å ete bananar som kan vere årsaka? Ifølgje ein del sjølverklærte vektløftarar med mange års erfaring (òg kjent som treningsnarkomane perfeksjonistar), vil ukritisk inntak av bananar føre til flatulens. Et du for mykje bananar før du skal på trening, kan du med andre ord risikere å fise jævla mykje og gjere miljøet rundt deg ganske so utriveleg. Her frå ein kar eg kjenner som likar både bananar og styrketrening:

«Eg gafla i meg fire-fem bananar nede i bilen før eg lunta i veg til trening. So stod eg der med 150 kilo balanserande på skuldrene, og skulle ta det fyrste settet av i alt 19 [!] med knebøyingar. Då eg var nede på huk og skulle byrje å løfte, kom det den brakaren. Eg trudde fyrst at eg dreit meg ut, men heldigvis viste det seg å vere berre luft. Då eg retta meg opp høyrde eg plutseleg eit stønn og eit dunk bak meg.

Eg snudde meg, og der låg faen meg ei likbleik treningsjente strak på golvet. Den stakkars jenta hadde fått den rotne banan-gufsen midt i fleisen og svima av!»

Det var for vedkomande banan-elskar uvisst om den jenta leid av bananfobi. Ho hadde nok heller det privilegium å ha ein normalt fungerande luktesans. Det gjekk forresten bra med ho. Ved hjelp av kunnig personale vart det ringt etter ambulanse, og jenta vart sendt rett til lungeavdelinga på Sentralsjukehuset. Etter tre dagar vart ho skriven ut, men heldt seg etter det unna banan-gumlande muskelmenn som stod der og løfta vekter, brølte og feis.

Med tanke på at fortida til dei aller fleste som regel er skjult i tåke og løgner, kan det vere sannsynleg at vår svenske politikar Banan-Paulina har opplevd liknande episodar. Kanskje har det òg skjedd utanfor treningssamanheng, gjerne på ein tettpakka buss, på ein smekkfull utestad eller på eit dritviktig jobbintervju i eit større svensk selskap der adm.dir. i selskapet hadde ete litt for mykje bananar og dermed sleppte ei stinkande bønne som fekk blomane på bordet til å visne. Banan-Paulina kan ha blitt bleik i leten og rett og slett kasta opp – for so å høyre etterpå at dei takka for interessa, men… fuck you. Vi veit aldri med slike fobikarar. Deira interne logikk er ofte ei rein gåte for oss normale.

Fram til politikarar blir meir ærlege og utleverande om sine mest intime hemmelegheiter, må vi innan alternative media berre kome med meir eller mindre kvalifiserte gjettingar om kva som eigentleg rører seg inni hovuda deira. Det er mildt sagt mykje vi vil ha svar på, der mesteparten ikkje på nokon måte er banan-relatert. Er det til dømes sant at dei eigentleg er ein rivaliserande menneskerase frå ein annan planet som er ute etter å utrydde oss? Er det sant at alle må sverje eid til avguden Ba’al om å ofre barn på altar rundt om i diverse «losjar»? Er det sant at bananar er deira naturlege fiende, og difor må døy?

Vi veit det ikkje sikkert før sanninga kjem på bordet. I mellomtida vil eg oppfordre alle om å sende banankassar til den svenske likestillingsministeren, og gjerne dukke opp i gata nedanfor kontoret hennar i banandrakt og demonstrere. Gradvis eksponering skal jo seiast å vere den beste måten å overvinne ein fobi på.

Dette er eit humoressay skrive av redaktøren i Saksyndig, som gjerne tek seg ein banan eller to i godt selskap.

Kommenter innlegget