Penisfrykta når nye høgder: Kvinne skar penis av mann, kommentarfeltet i Dagbladet reagerte med støtte og latter!

Eg har tidlegare skrive om sokalla penisfrykt blant kvinneleg helsepersonale, og korleis dette av og til manifesterer seg i uheldige og/eller tragiske episodar blant mannlege tenestemottakarar. Denne frykta for det mannlege kjønnsorganet kan av og til bikke over i rein og skjer avsky, spesielt i tilfelle der dama meiner ho har grunn til å gå drastisk til verks for å hemne seg på mannen. I Australia fekk dette nyleg som konsekvens at ei dame valde å skjere av kjønnsorganet på sambuaren sin. Artikkelen vart publisert i hovudstraumsavisa Dagbladet torsdag 12.mai 2022, og reaksjonane kunne ikkje akkurat klassifiserast som sjokk og vantru. Ifølgje Eysten Halle i ein artikkel han fekk publisert i Resett 18.mai, «har dette innlegget pådratt seg over 1300 reaksjoner, deriblant 326 latterklikk og 326 latter-emojis». I tillegg uttrykkjer ei rekkje kommentarar støtte og latter til denne alvorlege valdsepisoden.

Det mest graverande i kommentarfeltet skal visstnok vere at fleire menn blir tagga med meldinga om at den same lagnaden kan råke dei sjølve om dei ikkje «oppfører seg» eller «finn på noko tull». Urovekkjande nok er berre eit lite mindretal av kommentarane negative til denne valdshandlinga. I hovudstraumsmedia blir avkapping av penisar med andre ord hylla, som om kvinna har teke livet av eit farleg skadedyr.

Halle kallar dette totalt empatilaust. Han meiner samfunnet bagatelliserer kvinners vald mot menn, eller at kvinna har særs gode grunnar til å utføre desse valdshandlingane. Til dømes om ho blir utsett for vald og psykisk terror frå mannen, noko som er plottet i tallause dramafilmar og psykologiske thrillerar. Det blir i drapssaker til dømes påstått at desse kvinnene handla i naudverje. VG sin gjennomgang av 18 saker frå 2000 til 2022 viser noko heilt anna: Mennene vart drepne medan dei «sov eller var hensatt i bevisstløs tilstand med medikamenter». Motivet for det som i enkelte tilfelle var overlagte drap: Sjalusi, økonomi og – i eit av tilfella – at dama var lei av gnålinga og kjeftinga frå mannen som ville ha ho til å flytte ut. Det overlagte aspektet av desse drapa var mellom anna at damene faktisk inviterte mennene heim til seg før dei tok livet av dei, at drapet med andre ord var planlagt. Inviterer du heim til deg nokon som du forventar å måtte forsvare deg mot i ein naudverjesituasjon?

På grunn av samfunnet si ufarleggjering og latterleggjering av kvinners vald mot menn, fryktar mange menn å ikkje bli trudd når dei blir utsett for vald frå kvinna i sitt liv. Innan populærkulturen blir kvinners vald mot menn sett på som morosamt og ufarleg. Kanskje til og med det å kappe av ein manns penis. Frå desse forskrudde damene sitt perspektiv kan slik ei handling fyrst og fremst dreie seg om sjølve symbolikken: Penis er mannens stumme tenar, og det som gjer han til ein mann. Litt på same måten som at det er gifttennene som gjer ein slange farleg. Ein slange utan tenner er like «farleg» som ein leikebil, og ein mann utan penis kan jo ikkje valdta deg.

Igjen ser vi manifestasjonen av ekstrem penisfrykt og penisavsky. Desse damene ser ut til å vere av den oppfatninga at dei på eit vis blir «erobra» når dei lèt ein mann inn i seg. Penis blir sverdet som temmer draken, våpenet som hærtek kvinnekroppen. I starten greidde ho truleg å skjule sin avsky godt, for ho såg gjerne på dei andre positive kvalitetane til mannen – til dømes at dersom dei flytta i lag, so ville han stå for 85% av inntekta til hushaldninga, i tillegg til å stå til teneste for ho og eventuelle barn døgeret rundt som ein 1800-tals kontrakttenar. Alt av reparasjonar og vedlikehald av hus og bil ville naturlegvis han òg stå for. Ordninga var god, om ikkje genial. Då fekk det heller våge seg om han no og då fekk tilgang til hennar «heilage grotte».

Eg er av den oppfatninga at dette veldige penishatet kan vere av ein nyare dato. Kan det ha å gjere med den patologiske feminismen som har fått fotfeste i Vesten dei siste tiåra, der menn ikkje lenger får lov til å vere menn, men vel å feigt underkaste seg krav frå «frigjorte» kvinner som blir meir og meir urimelege? Skal kvinnene ta hemn for urett som vart gjort mot formødrene deira av menn som for lengst er døde? Er vi no vitne til at mannen går inn i tusen års mørke der han må underkaste seg kvinna i eit matriarkat?

Sannsynlegvis ikkje. Fleire og fleire menn ser galskapen i kva som er i ferd med å skje. Fleire og fleire kvinner gjer det same. Feige, feminiserte menn blir valde vekk når det gjeld reproduktive føremål – damene tenkjer seg om fleire gonger før dei i det heile teke vurderer å gå inn i eit forhold med slike pseudo-menn. Som Lars Hedegaard skriv i ein artikkel i Document publisert 16.mai 2022:

«Kvinner vil ha menn som er menn, og ikke skapninger som er utstyrt med mannlige kjønnsorganer, men som prøver å gjøre seg feminine og lar seg styre av følelsene når livet krever logikk, empiri og konsistens.»

Vel, utifrå det som nyleg skjedde i Australia kan det verke som om enkelte damer ikkje ein gong vil ha skapningar som er utstyrt med mannlege kjønnsorgan! Men det er berre ein liten digresjon. Verda treng menn som er logiske og pragmatiske, akkurat som den treng kvinner som utøver omsorg. Sjølv om ein mann utmerka kan vise omsorg (eg jobbar sjølv i eit omsorgsyrke), er det ikkje forventa – eller ønskjeleg – at menn tek til seg alle aspekt frå kvinna:

«I mellomtiden har flere generasjoner menn blitt opplært til å bli myke, adoptere feminin oppførsel og undertrykke deres instinkter etter beste evne. De har lært å være feige.

Til disse mennenes overraskelse imponerer de ikke kvinner som roser dem for deres femininitet, men som ikke ønsker å ha sex med dem. Det vil de til gjengjeld gjøre med tøffe menn fra den arabiske ørkenen, som de derfor – ved å stemme på humanistiske partier – importerer i overflod.

Hvorvidt kvinnene vil være fornøyd med sine valg er ukjent.»

Utifrå enkelte ekstreme penis-relaterte handlingar, er det enkelte damer som har store problem med at menn er menn – og at dei eksisterer generelt. Når dei so møter menn frå det store utland, som på ingen måte «adopterer» dei same feminine (og feige) trekka ein finn hjå vestlege pseudo-menn, men heller ler seg fillete av dei, får damene passet påskrive. Dei blir ei erfaring rikare, på godt og (mest av alt) vondt. Å gå frå det eine ytterpunktet til det andre er noko ingen vinn på, og gjer verda til ein verre stad for begge kjønna.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s