Ein stressa sjukepleiars fyrste skuledag

Mot alle odds har eldstesonen til 33 år gamle Susann vakse opp til å bli ein smart gut. Han skal no byrje på sin fyrste skuledag i ein alder av seks år, fullstendig i tråd med dei rundt 70 kvalitetsreformene som har funne stad i den norske skulesektoren sidan 1990-talet…

Fordi ho som åleinemor må vere med ungen på hans fyrste skuledag, må ho vere vekke frå jobben. Under normale omstende ville ho ha fått lønt permisjon, men fordi leiinga er nokre kjipe troll som meiner Susann misbruker eigenmeldingsordninga, har denne permisjonen blitt innvilga mot at Susann jobbar vakta inn på eit seinare tidspunkt (helst eit som ikkje passar ho på nokon måte!). På denne vakre augustmorgonen går Susann kledd i ein litt for trong, sjøgrøn sommarkjole som viser fram den stillehavsdjupe kløfta hennar – dei to brysta står rett ut, digre som jura på ei mjølkeku. Dei to slitne sølvsmykka glitrar og dansar mot den tomatraude huda. Den nest-yngste sonen og dottera er avlevert i barnehagen. Ho slepp i det minste unna med å betale barnehage for berre to barn no, i staden for tre.

Den 33-årige dundra kavar i veg over flate grusplassen medan tretti andre mødrer og ein og annan utkommandert far spaserer roleg rundt ho med sine spente, storøygde ungar. Ho vrir på den digre kroppen sin, so pissetrengt at ho held på å gå i lufta. Kanskje kjolen er eit nummer for liten. Det går sikkert greitt, so lenge ho ikkje set seg ned eller pustar. Dei samlar seg framfor hovudinngangen til denne skulen, som er bygt på 1960-talet og so stygg at den skjer i auga deira. Ut av døra kjem det to damer som må vere minst ti år yngre enn Susann; ho er freista til å kalle dei jenter. Den eine har spygrønt hår, medan den andre har blåleg hår som grensar til lilla. Dei er kledde i høvesvis mørkegrøn onepiece (eit plagg du vanlegvis finn hjå barn) og ein buksedress med fargane til «homoflagget». Begge har ring i nasen og piercing i augebrynet. Susann ser på dei med lett rynka nase.

Dei to jentene ønskjer velkommen til denne fyrste skuledagen. Susann og resten av den forventningsfulle folkeskaren blir invitert inn i bygningen, der dei blir møtt av ei intens lukt av noko som Susann gjenkjenner som kjønn. Ho avfeiar dette som heilt naturleg, sidan smårollingane jo deler bygg med sprengkåte tenåringar. Ho hugsar sjølv korleis ho var som tenåring – russenamnet hennar var 7-eleven (open for alle, døgnet rundt!).

Dei endar opp inne i eit klasserom der dei får eit dusin ulike skjema opp i nevane. Det fyrste skjemaet vil vete kva slags kjønn ungen føretrekkjer å bli kalla. Susann klør seg i skolten, for dette går over det vesle ho har av forstand. Alle kan då sjå at barnet hennar er ein gut! Med eit skikkeleg mannenamn òg! Dei to lærarjentene vrir på seg då Susann konfronterer dei med sitt syn på dette skjemaet. Dei seier det er del av den nye læreplanen. Eit eller anna om radikal kjønnsteori som Susann ikkje får heilt med seg fordi ho er so sinnssjukt, sinnsjukt pissetrengt. Om det er so at ungen hennar føretrekkjer å bli titulert med pronomenet «han»? Det kan dei banne på, glefsar Susann. Og å bli kalla for «han» er ikkje berre noko ungen hennar «føretrekkjer», det er konstateringa av eit biologisk faktum!

Dei tretti seksåringane ser med store, tindrande auge på dei fargesprakande homoflagga som heng i remser over heile klasserommet, i tillegg til alle posterane som mellom anna viser skjeggete menn med perleøyredobbar, som til og med har på seg leppestift. Susann rautar forskrekka og ser rundt seg med gapande kjeft. Har ho ved eit uhell skrive sin eldste son inn på ein homoskule? Dette må då vere ei slags sjuk misforståing! Dei to lærarjentene vrir på seg då Susann leverer ein dommedagstale som kan skremme mjølka av ei ku. Dei leverer frå seg eit eller anna om aksept av LGBTQ++-kulturen og at det er naudsynt med toleranse i dagens samfunn. Susann mistenkjer at denne «toleransen» heller meir mot dyrking. Dette er då vitterleg ein offentleg skule, ikkje ein slags rar sektskule der elevane lærer at jorda er hòl inni, og at verda er styrt av vondsinna reptil-romvesen som livnærer seg av frykta til menneske!

Dei to lærarjentene avviser det heile som manglande kunnskap om dagens undervisningsmodellar og læreplanar. Susann sjølv gjekk då på barneskulen for over tjue år sidan, og mykje har endra seg sidan den tid. Ho gnir seg på haka. Det høyrest då sannsynleg ut. Til og med nynorskrettskrivinga var annleis på den tida ho gjekk på grunnskulen. Ho bestemmer seg for å gje dei tvilens fordel.

Ho har ikkje før sagt det, då døra opnar seg. Inn kjem ein stor, feit mann kledd i ein tettsitjande, sjokkrosa silkekjole med frynser og blonder. Og kven er so denne transvestitten? Jau, dette er den nye klasseforstandaren til sonen hennar, som skal vere ein del av livet hans kvar dag dei neste tre åra! Susann rautar eit høgt «hæææ?!». Har skuleverket sleppt vitet? Har alle saman blitt offer for endetidas dekadanse og moralske forderving? Kvifor i Herrens namn går denne skruen i kjole?

Dei to lærarjentene ser temmeleg stygt på Susann. Dei forklarer ho at alle desse utbrota hennar skremmer dei andre ungane. Susann går i fistel. Skremmer? I motsetnad til den fjompen som spradar rundt i kjole?! Dei kan til og med sjå anatomien hans, og han er definitivt ein mann nedantil!

Susann blir bortvist frå skulens område, med beskjed om å kome tilbake klokka to og hente ungen. Ho er so forbanna (og pissetrengt!) at ho held på å gå i lufta. Lærarjentene og kjolemannen gjev ho eit siste, særs audmjukande dytt i ryggen som sender ho og den sprengfulle blæra hennar ut av eigedommen. Ho raser bort til sin svarte, vesle skitbil og køyrer derifrå med brøl og rabalder – godt over fartsgrensa.

Sidan ho likevel har fri frå jobb (og avskyr jobben djupt og inderleg), reiser ho til det lokale handlesenteret i bydelen. Det fyrste som møter ho inne på det solbada senteret, er to unge menn som kyssar. To lurt smilande tenåringsjenter går hand i hand inn på ein erotisk butikk – det er openbert at dei skal handle der. Nok eit klinande gutepar møter ho der dei sit midt i glaninga på ein kafé. Desperat pissetrengt snik ho seg inn på toalettet. Akkurat i det ho landar den digre elefantkroppen på den altfor små dassen, kjem to fnisande tenåringsjenter inn i nabobåsen – og byrjar forsyne meg å kline med kvarandre! Susann vrir seg ut av toalettet i vantru utan å ha fått til å presse ut ein einaste drope. Har alle blitt homo no plutseleg?

Ho ligg heime på sofaen og hylgrin medan ho gaflar i seg sjokolade. Det einaste ho oppnår med alle toalettbesøka, er ein kort, stressa sprut og ein jævla høg brakfis.

Klokka to står Susann utanfor skulen og ser barnet hennar følgje dei andre elevane med foreldra. Dei to lærarjentene kastar eit blikk av uforklarleg triumf på Susann i det dei leverer sonen hennar til ho. Susann rautar i forskrekking: nokon har måla ein regnboge på kinnet på ungen hennar, og til og med teke på han leppestift og eit kjede av farga leikeperler. Då leverer han orda som nærast fungerer som prikken over i-en:

«Mamma, eg er homo!»

Og slik går no dei skeive dagane…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s