Av Paul Craig Roberts. Henta frå Free West Media. Omsett av saksyndig.
Dersom inflasjonsforteljinga som dei fôrer oss med er sann, gjev sanksjonspolitikken til den amerikanske regjeringa inga meining ettersom dei som lid mest er det amerikanske og det europeiske folket som betaler for forsyningsrestriskjonar i form av høgare prisar og rentesatsar.
Ettersom Russland er ein eksportør av energi og mineral, vil høgare prisar resultere i at dei tener meir på eksport. Det er amerikanarar og europearar som blir råka av høge prisar som opplever sanksjonane.
Spør deg sjølv kvifor den amerikanske regjeringa med forsyningsmangel, brotne forsyningskjedar frå den tankelause nedstengingspolitikken, og aukande inflasjon, dreiv inflasjonen høgare ved å forhindre forsyning ved hjelp av sanksjonar. Er årsaka til den noverande inflasjonen pengeopptrykking frå den amerikanske sentralbanken, eller er årsaka reduksjonen i forsyning med varer og tenester forårsaka av Washington sin Covid-protokoll og «russiske sanksjonar»?
Spør deg sjølv kvifor Biden-regimet er meir bekymra for gangster-staten Ukraina enn dei er om dei amerikanske inflasjonsgraden og velferda til amerikanske borgarar.
Spør deg sjølv om dei noverande høge bensinprisane verkeleg er eit resultat av sanksjonar som hindrar olje i å kome til marknaden. So langt eg kan sjå, held Russland fram med å selje olje og naturgass. Det er berre dei små amerikanske kjøpa av russisk olje som har stoppa. Den vesle mengda med olje involvert kan ikkje forklare prisauken. Mest sannsynleg er det oljeselskapa som bruker «krise»-forteljinga til å auke prisane.
Spør deg sjølv om ein renteauke på eit halvt prosentpoeng er nok til å forårsake eit fall på 1000 på Dow Jones-indeksen. Antakeleg er argumentet at ein høgare rentesats aukar kostnader og minkar inntekter, altso tilbakegangen til aksjemarknaden. Men dersom høgare rentesatsar aukar kostnader, korleis verkar dei mot inflasjon? Mest sannsynleg fall aksjemarknaden fordi sentralbanken seier at dei stoppar sin pengetrykkingspolitikk for å støtte prisar på aksjar og obligasjonar. I staden kjem sentralbanken til å selje aksjar og obligasjonar frå sin 9 milliardar dollars-portefølje bygt opp av å kjøpe aksjar og obligasjonar i over eit tiår for å støtte New York-bankane og Wall Street. Då kvantitativ letting byrja, var sentralbanken sin portefølje på 800 milliardar. I dag er den 11 gonger større. Denne enorme auken i sentralbanken sin portefølje forklarer den lange auken på Dow Jones og formuane som er laga på Wall Street.
Ingen av forteljingane vi blir mata med er sanne. Forteljingane tener agendaer som ikkje er offentleggjort.
Det er fiksjon at «vestlege demokrati» er sjølvstyrande. Korleis kan folk drive med sjølvstyre når dei lever i ei verd styrt av falske forklaringar som tener skjulte agendaer?