Det er Krystallnatta igjen, i det «vår frie presse» eskalerer krigen sin mot dei «uvaksinerte»

Av Mark Crispin Miller, henta frå hans Substack-konto. Omsett av saksyndig.

Gjennom Covid-krisa har akademisk «vitskap» effektivt pumpa ut enorme mengder tulle-«studiar», der dei har «funne» svakelege rettferdiggjeringar for alle «Covid-tiltaka» som i seg sjølv har drepe, skadd og/eller svekka eksponentielt fleire menneske enn «viruset» nokosinne gjorde, eller kunne gjere. Slike «studiar» har presentert «bevis» for at nedstengingar fungerer, at munnbind og «sosial avstand» reddar liv, at trygge, effektive remediar til tidleg behandling slik som HCQ [hydroksyklorokin; oms.an.] og Ivermectin er utrygge og verknadslause, og – framfor alt – at «vaksinering» er einaste måten å ende krisa; og, sidan «vaksineringa» starta, har eit kobbel andre «studiar» presentert «bevis» for at alle desse hjarteinfarkta, slaga, blodproppane og hjartestansane moglegeins har blitt forårsaka av fiskeolje, raudt kjøt, varmt vêr, kaldt vêr, miljøstøy, sex, prevensjon, drikke for lite alkohol, dommarfløyter, for mykje TV-sjåing, «knust hjarte-syndrom» (altso tristheit), pizza margherita og større politiske hendingar, blant andre «risikofaktorar» der det einaste føremålet er å få oss til å tru at det ikkje er «vaksineringsprogrammet» som har stoppa tallause hjarte dag etter dag, i heile verda.

«Forskarane» som produserer slike absurditetar er ikkje eigentleg vitskapsfolk, akkurat som at skribentane som set saman overskriftene til desse latterlege påstandane for masseabsorbering gjennom media ikkje eigentleg er journalistar. Alle saman er berre propagandistar, i varierande grad betalt for å få resten av oss til å lyde «Covid-tiltaka», som er laga ikkje for å «halde oss trygge», men drepe oss. I påvente av den dagen der alle desse kjeltringane endeleg blir haldne ansvarlege for det dei har gjort, må ekte forskarar og journalistar no starte å spore finansieringa til desse «studiane», som måtte ha blitt starta lenge før «funna» vart omsette til overskrifter og lyd-bytes av «vår frie presse». Slik forsking vil hjelpe oss å fatte storleiken og kløkta til dette enorme (og pågåande) propaganda-drivet, i tillegg til å hjelpe oss å setje namn på og setje fast alle dei ansvarlege.

Og når vi omsider då stiller dei for retten for sine brotsverk mot menneskeheita, lat oss merkje oss spesifikt deira pågåande oppvigleri til folkemord – ein tiltale som er like relevant i dag, under Covid, som det var under Nürnberg-rettssakane for det (regelrette) folkemordet som vart begått under Hitler – regelrett folkemord, fordi målet var jødane og andre «ureine» eller «undermenneskelege» etniske grupper, medan målet denne gongen er heile menneskeheita over heile verda. Nedslaktinga i sakte kino som finn stad i dag har blitt propellert, og dei har fått folk til å stille seg i kø som offer friviljug, av propaganda som er laga for å øydeleggje oss på to måtar.

På den eine sida har ein propagandaen som svertar enkelte av oss som sjukdomsvektorar, og dei gjer dette med slik ein iver – og pseudovitskapleg – som Hitlers propaganda hadde «jødane» og andre Untermenschen som mål for utrydding. Akkurat som dei propagandistane sette «jødane» og andre i rolla som dødelege einingar, der tyfus, tuberkulose, syfilis og (ikkje minst) «jødisk blod» vart påstått å utgjere ein dødeleg trugsel mot «rasehygiene» i og utanfor Tyskland – på same måten har Covid-propagandistane drive og definert dei «uvaksinerte» som slik ein alvorleg trugsel mot «helsa» til dei injiserte at dei må skiljast ut frå samfunnet, om det tydar å bli sperra inne under husarrest (slik som i Shanghai), eller stuva saman i konsentrasjonsleirar (slik som i Australia).

Og likevel er dei av oss som dermed blir markert for relokalisering av slik nynazistisk propaganda ikkje dei einaste i risikosona; for medan den propagandaen visseleg fører til at vi blir sett bak lås og slå (og kanskje tidlegare enn vi trur), er deira andre, djupare føremål å halde «vaksineringa» i gang, visstnok for å tene det større godet, men faktisk som ei vidareføring av democidet som Gates og andre har visjonar om at er den luraste måten å «redde planeten» for seg sjølv. Altso er Covid-propagandaen no endå meir øydeleggjande enn sin prototyp i Tyskland, sidan den ikkje berre har som mål å til slutt gjerne dei «ureine» menneska i verda, men nesten alle saman òg.

Faren blir meir eksplisitt, no når den sanne konsekvensen av dette infernalske «vaksinasjonsdrivet» blir stadig meir umogleg å skjule, og – difor – pushar «vår frie presse» meir og meir febrilsk at noko må bli gjort med plagen «dei uvaksinerte». Dette løynde utryddingshysteriet har no blitt forsterka av ein ny «studie» som grunnlaust resirkulerer Den store løgna – for å sitere Salons fobiske overskrift – «til og med å vere saman med uvaksinerte set dei vaksinerte i ein større risiko».

Her er to kritikkar av David Fishman sin skrekkelege «studie», som dr. Byram Bridle med rette merkjer som hattale i akademisk-vitskapleg språkdrakt. Under desse to kritikkane er Salons slaviske respons til Fishmans arbeid. For å få ei oppfatting av kor vi eigentleg er i dag, berre ta eit Google-søk på «David Fishman», «study» og «unvaccinated», og du vil sjå at «det» skjer her – og, i tillegg, vil du òg sjå (håper eg) at tida no er inne for resten av oss å stoppe dette, og sikre oss at det aldri skjer igjen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s