Mike Adams i eksplosivt intervju med Liberty and Finance: «Det vil kome massiv matmangel, det største sjokket i vår levetid»

Av JD Heyes, NewsTarget, 18.mai 2022. Omsett av saksyndig.

Kommentar frå saksyndig: NewsTarget er eigd av Mike Adams.

Grunnleggjar og redaktør av Natural News, Mike Adams, the Health Ranger, har spådd ei massiv bølgje av matmangel i svært nær framtid blant den framleis kollapsande globale og innanlandske forsyningskjedekrisa som blir verre takka vere eksploderande bensin- og dieselprisar forårsaka av Joe Bidens anti-fossildrivstoff-politikk.

«Matmangelen er reell, og den kjem til å bli langt verre… Forsyingskjeden er i ferd med å kollapse,» sa han [Adams] til Liberty and Finance-podcasten tidlegare denne månaden.

Men «ikkje få panikk», la Adams til. «Førebu deg. Dette kjem til å bli det største sjokket i vår levetid.»

Adams held fram med å seie at som ein matforskar og «hard core»-prepper, har han lenge vore tilhengjar av at folk oppnår so mykje uavhengigheit frå systemet som mogleg, og påpeiker at dette vil bli naudsynt dei komande månadene, og kanskje òg åra.

«Vi har verkeleg vore forkjemparar for ferdigheitene som krevst for å dyrke din eigen mat av mange grunnar,» sa han, og la til at «fram til nyleg var hagearbeid meir ei utgift enn ei investering.»

No, i det matinflasjon held fram med å auke raskt under Biden og Demokratane sin kongress-majoritet og «kan doble seg i løpet av det neste året, er plutseleg hagearbeid ei investering. Når du kan dyrke raud eller grøn paprika som elles ville ha kosta fem eller ti dollar kvar i butikken, vil hagearbeid i dei komande månadene gje avkastning.»

Seinare endra temaet seg til den samanrasande forsyingskjeden, som gjer avhengige nasjonar, inkludert USA, sårbare.

«Komplekse forsyningskjedar er ytst sårbare for systemisk kollaps,» sa Adams. «Vi ser dette i matforsyningskjeden, sjølv innanlands,» i form av avgrensa forsyningar av morsmjølkerstatning, til dømes.

Han sa deretter at den noverande globale mangelen på gjødsel og dieselprisar, som er nesten tre gonger meir per gallon [ein gallon er om lag 4,55 liter; oms.an.] enn dei var då president Donald Trump forlét embetet, kjem til å gjere matforsyningar strammare og difor dyrare, som hans eiga verksemd har opplevd.

«Vi brukte å kunne gå inn i eitt-årige kontraktar med bondelag i USA og rundt om i verda. Det tok slutt for om lag eit år sidan i kjølvatnet av Covid-nedstengingane,» forklarte Adams. «Dei byrja å seie at vi berre kan garantere forsyningar i 90 dagar, og deretter byrja vilkåra å endre seg over heile fjøla.»

Forsyningskjedekrisa treffer òg transportseksotren, som Natural News rapporterte sist månad:

«Andelar i container-aksjar har vore under intenst press sidan seint i mars, i det heile industrien reagerer på verdsomspennande hendingar, inkludert det økonomiske utfallet forårsaka av sanksjonane påført Russland og Wuhan koronavirus (Covid-19)-nedstengingane i Kina.

Men trass presset, opplevde ikkje andelane av engros- og tank-selskapa eit fall før sist veke, noko som fall saman med ein spådom om ei økonomisk nedgradering av det Internasjonale pengefondet og dårlegare nyheiter om den økonomiske situasjonen i Kina.»

Simon Heany, senior manager for container-forskning i rådgjevingsfirmaet Drewry, åtvara at den kortsiktige og langsiktige mangelen på føreseielegheit i shipping-industrien ikkje har vore so ekstrem i hans 20 år i industrien.

«Opphopning og forsyningskjedeproblem er på noverande tidspunkt på fyrsteplass som marknadsdrivar, og har vore det i dei to åra av pandemien,» sa Heany. «Logistikkapasitet vart vengjekappa i ei tid med høg etterspurnad, og so lenge som den ineffektiviteten er der, vil fraktarar halde fram med å profittere. Spørsmålet er kor lenge det vil vare. Til slutt vil ting normalisere seg, og dersom du sparkar vekk den støtta, er ikkje grunnpilarane i marknaden særleg sterke.»

Adams avrunda intervjuet sitt med ei åtvaring om kva som vil kome om den saktegåande kollapsen av samfunnet skulle byrje å gå fortare.

«Når byar sluttar å fungere – og det er sant gjennom heile verdshistoria – døyr folk av unngåelege sjukdommar som dei får ved å kome i kontakt med ubehandla avfall,» sa han, og la til at han oppmuntrar folk til å handle inn varer som hydrogenperoksid og isopropyl-alkohol for å ivareta hygiene.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s