«Apokalyptisk» matmangel er på veg, åtvarar Bank of England

Av Ethan Huff, NewsTarget, 18.mai 2022. Omsett av saksyndig.

Regjeringar rundt om i verda har tydelegvis gått tom for val når det gjeld å adressere matmangelen og inflasjonskrisa, som Bank of England no seier kjem til å bli «apokalyptisk».

Andrew Bailey, noverande guvernør i den britiske sentralbanken, seier at han er «hjelpelaus» når det gjeld å stoppe auken i matprisar og det at mat forsvinn frå butikkhyllene dei komande vekene og månadene.

I å skulde på krigen i Ukraina for krisa, som dei fleste politikarar og bank-nikkedokker gjer, føreslo Bailey – og dette er eit spesielt interssant ordval for skolerte innan bibelsk profeti – at regjeringar har «gått tomme for ryttarar» for å handtere gallopperande inflasjon, som raskt blir om til hyperinflasjon.

No aukar prisane raskare enn dei har gjort på tretti år, som skaper eit «svært stort inntektssjokk», seier han. Og situasjonen er forventa å berre bli verre etter kvart, og tosifra inflasjon kjem sannsynlegvis vil å oppstå før slutten på 2022.

Bailey fortalde parlamentsmedlemmar (MP-ar) i Treasury Select Committee at han er meir og meir uroa over nok ein auke i matkostnader dersom Ukraina, «Europas brødkorg», blir ute av stand til å frakte kveite, matolje og andre essensielle varer frå sine lager under russiske blokkadar.

«Eg står i fare for å høyrast temmeleg apokalyptisk ut når det gjeld mat, trur eg,» fastslo Bailey.

«Ukraina har eit matlager, men dei kan ikkje få det ut for augneblinken. Medan [finansministeren] var optimistisk når det gjaldt planting av avlingar, sa han at dei på noverande tidspunkt ikkje har nokon måte å frakte dei ut på slik stoda er no – og det blir verre.»

Gallopperande inflasjon og den komande matkollapsen er alle eit produkt av korrupte sentralbankar

Bailey diskuterte deretter at dette er ei «stor bekymring» ikkje berre for Storbritannia, men òg for heile den tredje verda.

«Eg er på ingen tenkjeleg måte ein militærstrateg, men kva enn som kan bli gjort for å hjelpe Ukraina få ut maten sin, vil vere eit digert bidrag,» fastslo han vidare.

Desse ytringane er forventa å auke presset på Bank of England frå konservative MP-ar som har uttrykt raseri over at han mislykkast i å gå til handling tidlegare rundt emnet.

Sentralbanken mislykkast i å auke rentesatsar på eit passande tidspunkt i fjor, noko som kunne ha hjelpt med å halde unna det noverande inflasjonsklimaet. Dei burde òg ha redusert sin «kvalitative letting» pengetrykkingsplan for fleire år sidan, sa MP-ane.

Finansdepartementet i England er òg forventa å halde eit hastemøte om budsjettet for å adressere krisen rundt aukande levekostnader. Rishi Sunak, Kanslaren, valde å auke skattane på eit tidspunkt då inntekter allereie var i ein skvis, noko som forverra ei allereie vanskeleg krise.

Sidan ein stor del av Midt-Austen er avhengige av Ukraina for korn og andre grunnleggjande matvarer, lid òg den delen av verda – og dei er forventa å lide endå meir i dei komande vekene og månadene.

Med mindre ei løysing blir oppdaga, og det raskt, vil millionar, om ikkje milliardar av menneske og familiane deira svelte i den nære framtida.

Det opphavlege målet var å halde inflasjonen i England rundt to prosent. Derimot, med prisar som allereie klyv forbi sju prosent inflasjon, saman med nok ein forventa auke dei komande månadene, er ikkje det målet lenger forventa.

«Det er ein svært, svært, meir enn ukomfortabel – eg prøver å tenkje ut eit ord som er endå meir alvorleg enn det – det er ein svært, svært vanskeleg stad å vere,» svarte Bailey då han vart spurt om han føler seg «hjelpelaus» når det gjeld å adressere inflasjonskrisen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s