Av Art More, WDN.com. Omsett av saksyndig.
Onsdag [11.mai 2022; oms.an.] gav den siste staten opp som forsøkte å påtvinge obligatorisk vaksinering i skulen, etter vitnemål frå dr. Robert Malone og andre.
Men i eit videointervju med WND, sa den medisinske vitskapsmannen at det tilsvarte å «vinne eit lite basketak» i «eit langvarig slag», saman med nyheitene denne veka at FDA har godkjent Covid-oppfriskningsdosar for barn, og Biden-administrasjonen sitt forslag om å gje Verdas helseorganisasjon (WHO) makt til å erklære ein helserelatert naudssituasjon i USA.
Han skildra det siste trekket som at USA gjev det Kina-kontrollerte WHO «nøklane til kongeriket».
Louisiana-demokraten, guvernør John Bel Edwards annonserte onsdag at delstatens helsedepartement har valt å trekkje si støtte til vaksinemandat i det den republikanar-styrte lovgjevande makta vart overtyda om å vedta eit lovforslag som blokkerte vaksinekravet.
Malone, nøkkel-oppfinnaren av mRNA-teknologiplattforma som er brukt i Pfizer- og Moderna-vaksinar, gav æra for dette til leiarskapen til Louisiana sin justisminister [Attorney General på engelsk; oms.an.] Jeff Landry.
«Det er høgst oppmuntrande,» sa han. «Dette er den siste delstaten som prøver å innføre desse vaksinemandata.»
Han peikte på at saman med studiane og dataa som viser at barn statistisk sett har nær null risiko for alvorleg sjukdom eller død frå Covid-19, indikerer dei noverande CDC-dataa «ein auka risiko blant barn frå 5 til 11 år for sjukdom og infeksjon om dei tek vaksinen».
«Over heile verda ser vi denne oppsiktsvekkjande trenden, at dess fleire av desse inokuleringane [vaksinane] du tek, er der ein doseavhengig effekt… for auka risiko for infeksjon, sjukdom, sjukehusinnlegging og død,» sa han.
«Eit langvarig slag»
I mellomtids godkjende FDA Pfizer sin Covid-oppfriskningsdose for barn i alderen 5-11 år, sa Malone, trass den stadig aukande mengda evidens for alvorlege biverknader, inkludert myokarditt, spesielt hjå unge menn.
«Desse spekulasjonane frå vår offentlege helseteneste om at denne myokarditten er mild, og den samstundes tilstadeverande propagandaen og PR-en som har blitt sendt ut, går ikkje som planlagt, no som vi får tilgang til dataa,» sa han.
Giftigheita til vaksinen, understrekte Malone, aukar med kvar påfølgjande dose.
«Og likevel, i møte med dette, har vi eit FDA som set i gang ei tredje sprøyte, ei tredje inokulering,» sa han.
På toppen av det heile, heldt Malone fram, er meir fagfellevurdert støtte for hans hypotese om at S1-undereininga av viruset sitt piggprotein – som er identisk med S1-undereininga sleppt ut av vaksinen inn i blodet, i langt høgare nivå enn ved infeksjon – «absolutt skader nervetrådar… og opnar blod-hjerne-barrieren.»
Han sa at han åtvara om giftigheita til piggproteinet i vaksinane i juni 2021 med Steve Kirsch på Bret Weinstein sin «DarkHorse Podcast» og vart «høglytt kritisert av dei lågt utdanna, ikkje-biolog-faktasjekkarane som vart sendt mot meg som hundar».
«Men faktisk har vi no dokumentasjon i overflod som seier at piggproteinet, faktisk, er eit toksin, og meir spesifiekt eit nevrotoksin og som truleg er ansvarleg for ei rekkje av desse syndroma som no blir observert, inkludert trigeminal nevralgi, tinnitus, høyrselstapet som ser ut til å ha blitt epidemisk, og dei ulike hjernesyndroma,» sa Malone.
Den særs erfarne medisinske vitskapsmannen snakka om behovet – i etterkant av det han og mange kollegaer ser på som ein korrupt og katastrofal pandemirespons – for å reformere helse- og omsorgssystemet og halde folk ansvarlege.
Det som har blitt gjort, sa han, «møter kriteria for det vi ville kalle vondskap.»
«Det er djupt korrupt, og dersom vi ikkje held folk ansvarlege… vil vi ikkje ha åtferdsmodifikasjon og korreksjon av desse organisasjonane,» sa han.
«Noko langt meir vondsinna»
Men amerikanarar, sa Malone, og gjekk over til forslaget om å overgje offentleg helsepolitkkk til WHO, står overfor «noko langt meir vondsinna enn berre det å bruke folkehelse som våpen for å skape ein invertert totalitær stat her i USA.»
Tillegga til dei Internasjonale helseretningslinjene, påpeikte han, gjev generaldirektøren i WHO den einsidige makta til å erklære ein helseunntakstilstand basert på vide kriterium som ikkje treng å bli offentleggjort, og påføre nedstengingar, vaksinetvang og andre tiltak.
WHO, styrt av Kina, har «grovt vanskjøtta» pandemien dei siste to åra, sa han, «og forårsaka ufatteleg død og liding.»
«Å gje desse folka nøklane til kongeriket er komplett toskeskap,» sa Malone.
Den amerikanske regjeringa, sa han, «prøver aktivt å svekke vår suverenitet.»
«Dersom du bryr deg om landet ditt, dersom du bryr deg om barna, er ikkje dette tida for å sove eller spele videospel,» sa han. «Dette er tida for å engasjere seg.»
Der finst bekymra borgarar, sa han, som bruker språk som enkelte ser på som «inflammatorisk».
«Vi treng ein andre amerikansk revolusjon,» sa Malone.
Amerikanarar, held han fram, «må setje pris på den djupe visdommen til dei kjempene som overvann ein totalitær galen konge og gav oss denne utrulege gåva, eksperimentet sjølvstyre.»
«Dersom du er ein som elskar fridom og ikkje ønskjer å leve eit kollektivistisk liv,» konkluderte han, «er det på tide å lette på baken og gjere noko med det.»
Intervjuet kan sjåast her.