Det som skjer i Sri Lanka, vil òg skje HER!
For tida går det føre seg valdelege opptøyar i øystaten Sri Lanka. Ei rekkje videoar som har kome derifrå nyleg viser grufulle scener frå ein stat som har gått fullstendig i oppløysing på grunn av den konstruerte samfunnskollapsen. Her er døme på det som den vestlege eliten har i vente når tilstandane i Sri Lanka spreier seg til resten av verda:
Ei gruppe halvnakne menn blir hånte og tvinga til å knele. Desse er visstnok ministrar.
Svoltne innbyggjarar jaktar offentlege tenestefolk og rike innbyggjarar for fote. Dei set fyr på heimane deira og bilane deira. Politiet avfyrer skot mot folkemengdene. Over 200 menneske har visstnok blitt drepne.
Politikarar blir banka opp og steina av desperate menneske som har mist alt.
Ein høgståande leiar i politiet blir angripen av ein forbanna folkeskare.
I denne videoen driv folk og veltar bilane til eliten og parlamentsmedlemmar i elva.
Dette er berre ein liten del av alt som går føre seg i Sri Lanka no. Eliten har i sin arroganse og hybris trudd at dei kan gjere som dei vil, men no har folket i den vesle øystaten søraust for India gjort opprør. Politikarar over heile verda bør skjelve i buksene no, for det som skjer der nede vil byrje å skje her dei komande månadene. Det heile botnar i ein katastrofal vond sirkel: aukande prisar + minkande kjøpekraft = uunngåeleg fattigdom, følgt av vald. Når du ikkje har mat til deg eller barna dine, går du drastisk til verks, og for éin gongs skuld er det folket som rår, og ikkje makta.
Som Strange Sounds skriv: «Vestlege elitar skjøner ikkje at det som skjer i Sri Lanka er matematisk uunngåeleg på ein global skala.»
Dette er ikkje tida for å vere optimist. Når opptøyar byrjar å bryte ut i den vestlege verda, inkludert USA, Europa og Noreg, er byane dei farlegaste stadene ein kan vere. Dette gjeld anten du tilhøyrer den grådige eliten som er skuld i alt dette, eller om du er ein del av folket som desse prøver å utrydde. Søk tilflukt i periferien, helst med eit digert matlager. Om du har våpen, er det berre ein fordel. Når alt av infrastruktur bryt saman, vil aude utkantar avhengige av ferjekryssing statistisk sett vere relativt trygge, for når ferjene ikkje lenger går, vil ikkje dei desperate hordane kunne kome seg frå dei nærliggjande byane, der det vil råde kaos, plyndring og rovmord. Kollektivtransport og elbilar vil fort bryte saman, og kven eig ein båt i våre dagar? Innbyggjarane i urbane strøk vil bli isolert av sitt eige grøne skifte, og sakte svelte i hel eller myrde kvarandre. Eit normalvektig menneske kan leve i 47 dagar utan mat, seiest det. No vil folk finne ut om dette stemmer.
Eg håper eg tek feil so det dundrar, og til og med at eg dummar meg totalt ut. Ingenting ville ha vore betre. Men so langt ser det ut som om apokalypsen er i full gang, og at det berre vil vere eit tidsspørsmål før opptøyane i Sri Lanka spreier seg til nabolanda og vidare til den vestlege verda.