Beredskapsøving for apekoppar har startdato for ein pandemi 15.mai 2022 – tilfeldig?

Henta frå Igor Chudov sin Substack-konto. Omsett og noko bearbeidd av saksyndig.

I mars 2021 vart det halde ei beredskapsøving for apekoppar [engelsk monkeypox; oms.an.]. Visstnok vart det «simulert» ein startdato for ein pandemi, og den var 15.mai 2022. Gjett når den faktiske apekopp-mediahypen starta no i mai? Rundt den same dagen!

Øvinga «simulerte» eit utbrot av vaksineresistente apekoppar som var eit åtak som ledd i biologisk krigføring. Kven var deltakarane? Den same gamle gjengen frå Bill and Melinda Gates Foundation (BMGF), Kina sitt CDC og so vidare.

Der er mykje overlapping mellom desse deltakarane og den berykta «Event 201»-simuleringa, som òg på nifst vis spådde vår Covid-19-pandemi. Chris Elias frå BMGF, Mr. Gao frå Kina sitt CDC, og kanskje fleire (oppdateringar vil kome). Her er ei oversikt over deltakarane i Event 201.

Kommentar frå saksyndig: 20.mai 2022 meldte Document at Sverige no har klassifisert apekoppar som ein allmennfarleg sjukdom. So langt er éin person i Sverige bekrefta smitta, dette i Stockholm. Den svenske Folkhälsomyndigheten skal no saman med regionale smittevernlegar undersøkje om det er fleire mistenkte tilfelle i landet. Ifølgje den britiske avisa The Telegraph har WHO kalla inn til eit «hastemøte» om spreiinga av sjukdommen.

Apekoppar liknar den langt farlegare og meir dødelege koppar (engelsk smallpox) og gjev feber, hovne lymfeknutar og utslett med blemmer. Dei som no har blitt sjuke, skal ha blitt smitta gjennom seksuell kontakt mellom menn. At dette kan vere ein seksuelt overførbar sjukdom kan antydast gjennom at det i dei so langt registrerte tilfella er rapportert om hudproblem rundt kjønnsorgana og huda rundt analopninga. I motsetnad til Covid-19, er ikkje apekoppar eit luftvegsvirus, og har vore kjent iallfall sidan den vart oppdaga i Kongo på 1970-talet. Sjukdommen er klassifisert som ein «sjeldan, sporadisk zoonose», ein sjukdom som kan overførast mellom dyr og menneske.

So langt er apekoppar blitt oppdaga i Storbritannia, Spania, Portugal, Belgia, Frankrike, USA og Australia. Til saman er det truleg vel 100 tilfelle, kanskje mindre. Desse landa har tilfeldigvis (?) relativt høg grad av mRNA-injeksjonsrate.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s