Kjelder: Kina førebur ein «D-dag»-invasjon av det kontinentale USA, der styrkar vil lande på strendene i California, og der Biden og Newsom vil tene som Kina sine medskuldige
Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News, 20.mai 2022. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Utlekne lydfiler som ser ut til å ha kome frå eit møte med Kina sine topp-krigsgeneralar, avslører omfattande planar for ein landinvasjon i nær framtid, utført av People’s Liberation Army [Folkets frigjeringsarmé] (PLA) og forsterka med cyber-krigføring, romvåpen i bane og aktiveringa av sivile frå det kinesiske kommunistpartiet (CCP) som på noverande tidspunkt har infiltrert konsern og regjeringar rundt om i verda.
Dette er bomba som har kome ut av desse lekne lydfilene frå Kina, der ei komplett engelsk omsetjing og ein transkripsjon har blitt publisert av varslaren Jennifer Zeng. (Den engelske omsetjinga er ein tanke upolert, men framleis særs nyttig.)
I går intervjua eg John More (TheLibertyMan.com) som gav ein detaljer tanalyse av denne planen. Kjelda hans igjen er JR Nyquist, som eg snakka med i går i ein privat telefonsamtale.
Nokre av høgdepunkta i alt dette, som eg dekkjer utførleg i dagens Situation Update-podcast, inkluderer dei følgjande konklusjonane og/eller påstandane. Ha i sinne at ingen kan enno bevise at dette er den aktive planen til Kina på noverande tidspunkt, men det verkar som om slike planar blir aktivt forfølgde:
- Kina sine nedstengingar av Shanghai og Beijing var faktisk ei dekkhistorie for å late militæret bruke hamneinfrastrukturen til å laste skip med militære forsyningar som førebuing på ein storskala «D-dag»-landinvasjon.
- Sjølv om USA ikkje er spesifikt nemnt i dei lekne lydfilene, refererer førebuingane til ein «Siste krig» og er vurdert som altfor omfattande til å berre ha Taiwan som mål.
- Invasjonsstyrkane kjem vil å krysse Stillehavet forkledde som handelsskip/lasteskip. Når dei so kjem innan rekkjevidda til kortdistanserakettar, vil containerane oppå desse havfartøya opne og skyte ut kortdistanserakettar, inkludert taktiske kjernevåpen til bruk på slagmarker, som vil treffe basene til Kystvakta og Militæret i California. Kinesiske troppar vil deretter lande på strendene. Dei vil hærta hamnene (slik som Long Beach), og deretter bruke hamnene til å lande tyngre skip som kan laste av verneutstyr, artilleri og andre tunge krigsvåpen. Frå der vil Kina ha etablert eit strandhovud som liknar måten allierte styrkar storma strendene i Normandie i Andre verdskrigen.
- Både Kina og Russland har på førehand lagra store kassar med våpen, uniformer, RPG-ar, automatiske våpen, nattsynutstyr og anna militært utstyr i heile USA, fylke for fylke. Desse utstyrskassane vil bli aktiverte når CCP og russiske sivile blir fortalde å «go hot» og byrje å utføre innanlandske sabotasjeoperasjonar som har som mål det amerikanske kraftnettet, drivstoffraffineri, jarnbaner og andre infrastrukturmål. Frå transkripsjonen av dei lekne lydfilene, «Vi burde ha som framgangsmåte å bruke sivile til å dekkje og støtte militæret… Vi vil mobilisere oversjøs kinesiske og oversjøs kinesiske organisasjonar for å aktivt delta i å støtte våre militære operasjonar.»
- Kina hamstrar med vilje massive mengder matforsyningar (korn), microchips, ammunisjon, varer og andre gjenstandar som førebuing for å bli økonomisk utestengt frå Vesten, akkurat som USA og NATO gjorde mot Russland. Dette impliserer vidare at Kina førebur seg på å gå til åtak på Vesten, og forventar Vestens respons ved å observere kva USA og NATO har gjort mot Russland.
- Kina konverterer aktivt økonomien sin frå normale fredstidsoperasjonar til ein krigstidsoperasjon, og Kina sine militære leiarar tek fram sin «suksess» med covid-nedstengingar som bevis for at deira kommando-og-kontroll-dominans over innanlandsoperasjonar vil halde dei ved makta.
- Kina forventar massive opptøyar og sivil uro i dei store byane rundt Hong Kong (Guangzhou og Shenzhen), og dei er viljuge til å bruke spesialstyrkar frå PLA for å umiddelbart avrette demonstrantar og med éin gong kvele alle former for opptøyar.
- Kina og Russland har gått saman i denne innsatsen for å øydeleggje sin felles fiende (USA). Russlands operasjonar i Ukraina er essensielt ein «fikse-operasjon» for å få USA til å bruke sitt militære utstyr og troppar på det ukrainske krigsteateret, noko som dermed skaper sårbarheit og mangel på militær beredskap i det kontinentale USA (CONUS), i det Kina førebur seg på å invadere USA i ein D-dags-aktig landing av troppar og militært utstyr.
- Frå andre kjelder veit vi òg at Kina tek aktive steg i dei globale valutakrigane for å dumpe dollaren, dumpe all dollar- og Statskassegjeld, og førebu seg på ein global dollarkollaps.
- Heile denne invasjonsplanen har guvernør Newsom og Californias Demokratar hjelpt til i ved å forby AR-15 og normalkapasitetsmagasin, noko som har ført til at folket i California er dårleg utstyrt til å forsvare seg mot invaderande fiendestyrkar.
- California-guvernør Newsom er medskuldig i heile operasjonen og har blitt bestukken med 500 millionar dollar i kvitvaska pengar som delstaten California fyrst overførde til Kina som del av ein éinmilliard-dollars «PPE-kjøp»-plan som resulterte i at 500 millionar dollar gjekk tilbake til Newsom og hans svikefulle co-konspiratørar. Newsom brukte bokstavleg tala skattebetalarmidlar og Kina-kvitvasking for å betale seg sjølv ein halv milliard dollar i bestikkelsar, som ein trur han har fått i gull, kontantar og kryptovaluta.
- Kina sitt mål er å utrydde kvar einaste amerikanar i Nord-Amerika, og deretter erobre dei fruktbare jordbruksområda i Midtvesten, som Kina desperat treng for å produsere avlingane som vil mate folket deira og støtte Kina sin globale ekspansjon mot verdsdominans. Den langvarige militære haldninga til Kina inkluderer ein plan om å utrydde kvar einaste amerikanar, inkludert alle dei ulovlege innvandrarane som for tida bur i USA.
- Kina kan generere opp til 100 millionar militære troppar over tid, noko som vil overfløyme CONUS [det kontinentale USA] med ein tilsynelatande endelaus straum av kamptroppar.
Transkripsjonen refererer til element tilknytt dronekrigføring, cyber-krigføring og romvåpen, og nemner spesifikt Huawei som eit stort selskap der ressursane trengst for å støtte Kina sin krigsinnsats.
I tillegg refererer Kina sin krigsleiar sterkt til dei psykologiske operasjonane som vil bli utført av styresmaktene deira for å kontrollere befolkninga i det dei utfører krig mot Vesten:
«Fyrst må vi styrke vernet på det politiske felt. Sjå på den nylege fleirregionskrigen, spesielt Russland-Ukraina-konfliktkrigssituasjonen. Dersom de ser på heilskapen, vil USA og Vesten prøve alt for å kome med vondsinna sladder om oss, sverte oss, i eit forsøk på å skape forvirring rundt rett og gale, for å skake viljen vår til å vinne eit rettvist og avgjerande slag. Vi må gje fullt spel til folkeopinionen, juridisk kamp, psykologisk krig og militsteam for å styrke rettleiinga frå folkeopinionen og psykologisk vern, og samanheng i patriotisk støtte for den positive energien til den militære fronten.»
Estimert skjema er tidleg i november dette året
Sjølv om dei lekne lydfilene ikkje refererer til ein spesifikk kalenderdato, fortalde JR Nyquist meg at han trur at planleggingsdetaljane peiker på eit raskt skjema, kanskje tidleg i november dette året [2022]. Dette vil naturlegvis hjelpe Demokratane til å unngå kvart eit midtval der dei kan bli fjerna frå makta på grunn av den overveldande amerikanske frustrasjonen rundt Joe Biden sitt katastrofale, falske presidentembete og den fullstendige øydelegginga mot USA som har blitt sett i verk av Demokratar som utførde valfusk for å stele posisjonar i offentlege embete.
Ein kinesisk invasjon vil utsetje midtvala og nesten umiddelbart gjere USA om til eit militært diktatur, kommandert av ingen ringare enn Joe Biden, mannen som agerer kommandør, som knapt kan kommandere sine eigne lepper, langt mindre heile det amerikanske militæret.
Mike Adams har valt å skifte namnet på podcasten sin tilbake til Situation Update etter at følgjarane hans reagerte på at han hadde skifta namn på den til Citizens Log.