Av Michael Snyder, End of the American Dream, 19.mai 2022. Omsett av saksyndig.
Kva i all verda er det som skjer? I fortida vart vi fortalt at apekoppar ikkje var grunn til bekymring fordi det var so vanskeleg å spreie de ifrå person til person. Men no ser apekoppar ut til å spreie seg som eld i tørt gras. 7.mai [2022] vart det fyrste tilfellet i Vesten bekrefta i Storbritannia. No, to veker seinare, har vi dusinvis av bekrefta og mistenkte tilfelle i sju ulike land utanfor Afrika. I går diskuterte eg tilfella som har dukka opp i Spania, Portugal og USA. No er der tre fleire nasjonar som rapporterer bekrefta eller mistenkte tilfelle, og det burde få alarmbjøllene til å ringje hjå oss alle.
Det bekrefta tilfellet i Massachusetts involverer ein mann som nyleg hadde vore på reise til Canada, og so mistenkte ein at der var andre tilfelle blant kanadiarar. Tidlegare i dag [19.mai 2022] fann vi ut at «13 trulege tilfelle blir etterforska i Canada», og testresultata til desse 13 «trulege tilfella» burde bli offentleggjort snart.
I mellomtida har eit tilfelle blitt bekrefta so langt nord som i Sverige:
«Ein person i Stochholm-regionen har blitt bekrefta som smitta av apekoppar, sa det svenske Folkhälsomyndigheten i ei melding.
Den infiserte personen ‘er ikkje alvorleg sjuk, men har blitt gjeven omsorg,’ ifølgje byrået.»
Og det verkar som om det kan vere fleire tilfelle i Italia:
«Italia sin pasient var på ferie på Kanariøyane og er no i isolasjon på Spallanzani-sjukehuset i Roma, sa sjukehuset.
Og to andre mistenkte tilfelle blir overvaka, la det til.»
Dette skulle aldri kunne skje.
Sjølv om apekoppar er ein relativt ny sjukdom, har tilfelle alltid vore ekstremt sjeldne, og eit globalt utbrot vurderte ein alltid å vere ekstremt usannsynleg fordi det var so vanskeleg å spreie apekoppar.
Har noko endra seg?
Ein framtredande ekspert på smittsame sjukdommar ved Johns Hopkins University fortel oss at dette viruset ”spreier seg via fysisk berøring», og at det kan spreie seg «gjennom dropar frå luftvegane» under visse omstender:
«Dr. Amesh Adalja, ein ekspert på smittsame sjukdommar ved Johns Hopkins University i Baltimore, Maryland, fortalde òg DailyMail.com at viruset spreier seg via fysisk berøring – og at det berre spreier seg gjennom dropar frå luftvegane blant folk som allereie viser symptom.»
Det er ekstremt alarmerande å høyre.
Men før vi trekkjer konklusjonar er det viktig å hugse på at vi framleis verkeleg ikkje veit so mykje om dette viruset. Det har ikkje eksistert lenge, og vitskapsfolk har lenge åtvarar at det har potensiale for å mutere til ei meir smittsam utgåve:
«I fleire tiår har enkelte vitskapsfolk uttrykt uro for at apekopp-viruset kan ha blitt betre på å smitte menneske – ironisk nok fordi vi utrydda slektningen, koppar, seint på 1970-talet. Koppe-vaksinen beskyttar tilfeldigvis mot apekoppar. Og når nye generasjonar vart fødde inn i ei verd utan verken koppar eller koppe-vaksinasjonskampanjar, voks dei opp sårbare overfor apekoppar. I Den demokratiske republikken Kongo tyda denne svinnande immuniteten at apekopp-infeksjonar hadde ei tjuedobling i dei tre tiåra etter at koppar forsvann, som Rimoin viste i 2010. Dette gjev viruset større sjanse til å utvikle seg til eit meir smittsamt patogen blant menneske. Per i dag har viruset sin Ro – gjennomsnittstalet på menneske som får sjukdommen frå ein infisert person – vore mindre enn 1, noko som tydar at utbrot går tilbake naturleg. Men det kan med tid og stunder utvikle seg over den terskelen, og forårsake meir langvarige epidemiar, som Bergstrom simulerte i 2003. ‘Vi såg på apekoppar som ei tikkande bombe,’ fortalde han meg.»
Forhåpentlegvis vil dei som etterforskar dette nye utbrotet snart vere i stand til å fortelje oss om viruset har mutert eller ikkje.
I mellomtida påstår styresmakter at det ser ut til å spreie seg spesielt blant menn som har sex med andre menn. Det følgjande kjem frå CNN:
«Både i Storbritannia og Canada har helsestyresmakter påpeikt at fleire av apekopp-tilfella vart identifisert hjå men som hadde sex med menn – men sjølve viruset er ikkje typisk skildra som ein seksuelt overførbar infeksjon, og etterforsking rundt desse nylege tilfella held fram.»
Dersom dette nye utbrotet held fram med å vekse, vil det berre vere eit spørsmål om tid før folk byrjar å rope på vaksinar. Helsetenestefolk seier at den eksisterande koppe-vaksinen burde tilby i det minste ei viss grad av vern mot apekoppar, og at dei allereie vurderer å gje den til enkelte grupper:
«CDC-tenestefolk evaluerer om koppe-vaksine burde bli tilbydd helsepersonell som behandlar apekopp-pasientar og andre folk som kan vere i ‘høg risiko’ for eksponering for apekoppar, sa McQuiston.
‘Det er definitivt noko vi diskuterer og evaluerer, om det å tilby koppe-vaksine gjev meining i den noverande settinga,’ sa ho. ‘Vi vil vere nærare i å kome med anbefalingar for det i løpet av ein dag eller to.’»
Og det blir rapportert at der er nok dosar av koppe-vaksina «til å vaksinere so godt som alle i USA»:
«Og som eit anna bioterrorisme-føre-var-tiltak, er lageret av einingar med tre koppe-vaksinar store nok ‘til å vaksinere so godt som alle i USA,’ sa Inglesby. Og sjølv om apekopp-pasientar vanlegvis berre får lindrande behandling, eksisterer ei mogleg behandling og har òg blitt lagra: Tecovirimat, eller TPOXX, vart utvikla for å behandle koppar, men vil sannsynlegvis òg hjelpe mot apekoppar.»
Forhåpentlegvis kjem vi aldri til eit punkt der tenestefolk føler at det er behov for ein fullskala vaksinasjonskampanje Etter alt vi har vore gjennom med Covid, ønskjer ingen å oppleve det.
Der eksisterer visstnok allereie ein vaksine mot apekoppar, og New York Post rapporterer at USA nettopp har bestilt «13 millionar tilleggsdosar»:
«USA har bestilt 13 millionar tilleggsdosar av apekopp-vaksinen etter at ein mann i Massachusetts fekk det sjeldne – men potensielt alvorlege – viruset, sa tenestefolk torsdag.
Den massive ordren på 119 millionar dollar av Jynneos-sprøyter – som kan bli brukt for å behandle både apekopp- og koppe-viruset – vart skapt av bioteknologiselskapet Bavarian Nordic, ifølgje Newsweek.»
Styresmakter i den vestlege verda oppfører seg sanneleg som om dette kjem til å bli om til noko stort.
Tida vil vise om det viser seg å vere sant eller ikkje.
Men eg trur utan tvil at vi har gått inn i ein periode i historia der det med jamne mellomrom vil vere store pestilensar.
I hemmelege laboratorium over heile kloden prøver galne forskarar febrilsk å gjere dei dødelegaste sjukdommane på planeten endå dødelegare.
Det er ikkje mogleg for meg å overdrive nok toskeskapen i å utføre slik «forsking», men same kor mykje vi protesterer, vil dei berre halde fram med arbeidet sitt.
Over tid er det uunngåeleg at i det minste nokre av produkta deira vil sleppe laus, og enorme tal menneske kan ende opp døde som eit resultat.