Av Russell L. Blaylock. Henta frå artikkelen «Covid-update: What is the truth?”. Omsett av saksyndig.
Kommentar frå saksyndig: Dette er ei omsetjing av konklusjonen til artikkelen. Originalartikkelen, som vart publisert i National Library of Medicine 22.april 2022, er lang og omfattande, men etter mitt syn særs viktig for å skjøne kva som ligg bak covid-19-«pandemien».
Vi lever alle gjennom ei av den mest drastiske endringane i vår kultur, i vårt økonomiske system, so vel som i vårt politiske system i nasjonen vår si historie, so vel som resten av verda. Vi har blitt fortalt at vi vil aldri vende tilbake til «normalen» og at ei stor tilbakestilling har blitt designa for å skape ein «ny verdsorden». Dette har alt blitt lagt ut av Klaus Schwab, leiar i World Economic Forum, i boka hans om «The Great Reset». Denne boka gjev ein god del innsikt i tankegangen til utopiarane som er stolte å bruke denne pandemiske «krisa» som deira måte å tvinge inn ei ny verd. Denne nye verdsordenen har vore på teiknebrettet til elitemanipulatorane i meir enn hundre år. I denne artikkelen har eg konsentrert meg om dei øydeleggjande effektane dette har hatt på det medisinske omsorgssystemet i USA, men det inkluderer òg mykje av den vestlege verda. I tidlegare artiklar har eg diskutert den langsame erosjonen av tradisjonell medisinsk behandling i USA, og korleis dette systemet har blitt stadig meir byråkratisert og regimentert. Denne prosessen var i ferd med å raskt akselerere, men det at denne, i mi meining, fabrikkerte «pandemien» dukka opp, har forvandla helse- og omsorgssystemet vårt over natta.
Som de har sett, har ein tidlegare usett serie av hendingar funne stad innåt i dette systemet. Sjukehusleiing, til dømes, tok posisjonen til medisinske diktatorar, gav legar ordre om å følgje protokollar som ikkje var utvikla av dei som har omfattande erfaring i å behandle dette viruset, men heller frå eit medisinsk byråkrati som aldri har behandla ein einaste Covid-19-pasient. Den pålagte bruken av respiratorar på akuttinnlagte Covid-19-pasientar, til dømes, vart gjort obligatorisk i alle medisinske system, og behandlarar som avveik frå dette vart raskt fjerna frå sine stillingar som omsorgsgjevarar, trass at dei tydeleg viste til betydeleg forbetra behandlingsmetodar. Vidare vart legar bedne om å bruke legemiddelet Remdesivir, trass at det er bevist å vere giftig, trass mangelen på verknad og trass den høge komplikasjonsraten. Dei vart bedne om å bruke legemiddel som forverra andedrett og ta munnbind på kvar einaste pasient, trass at pasienten fekk pustevanskar. I kvart tilfelle vart dei som nekta å mishandle pasientane sine, fjerna frå sjukehuset og til og med truga med å bli fråtekne autorisasjonen – eller verre.
For fyrste gong i moderne medisinsk historie vart tidleg behandling av desse infiserte pasientane ignorert over heile landet. Studiar har vist at tidleg medisinsk behandling redda 80% av desse infiserte menneska når den vart igangsett av uavhengige legar. Tidleg behandling kunne ha redda over 640 000 liv i løpet av denne «pandemien». Trass bevist effekt av desse tidlege behandlingane, heldt kreftene som kontrollerte medisinsk omsorg fram med denne destruktive politikken.
Familiar fekk ikkje lov å sjå sine kjære, noko som tvinga desse svært sjuke individa i sjukehusa til å møte døden heilt åleine. For å leggje stein til børa vart gravferder avgrensa til å inkludere eit fåtal sørgjande familiemedlemmer, som ikkje ein gong fekk lov å sitje saman. Alt dette medan store butikkar slik som Walmart og Cosco fekk lov å drive med minimale restriksjonar. Sjukeheimspasientar fekk heller ikkje lov til å ha besøk av pårørande, noko som igjen tvinga dei til å døy mutters åleine. Alt dette medan, i fleire delstatar, der den mest framtredande var New York, infiserte eldre med vilje vart overført frå sjukehus til sjukeheimar, noko som resulterte i svært høge dødstal blant desse sjukeheimsbebuarane. På byrjinga av denne «pandemien» fann 50% av alle dødsfall stad på sjukeheimar.
Gjennom denne «pandemien» har vi blitt mata med ein endelaus serie med løgner, forvrengningar og desinformasjon av media, folkehelsetilsette, medisinske byråkrati (CDC, FDA og WHO) og medisinske selskap. Legar, vitskapsfolk og ekspertar på smittsame behandlingar som danna lag designa for å utvikle meir effektive og tryggare behandlingar, vart jamleg demonisert, trakkasert, skampåført, audmjuka og opplever tap av autorisasjon, tap av sjukehusprivilegium og, i minst eitt tilfelle, gjevne ordre om å bli psykiatrisk undersøkt.
Anthony Fauci vart essensielt gjeven absolutt kontroll over alle former for medisinsk omsorg under denne hendinga, inkludert det å insistere at legemiddel som han sjølv tente på vart brukt av alle behandlande legar. Han gav ordre om bruken av munnbind, trass at han i fyrste omgang lo av bruken av munnbind for å filtrere eit virus. Guvernørar, ordførarar og mange bedrifter følgde ordrane hans utan spørsmål.
Dei drakoniske tiltaka som vart brukt, munnbind, nedstengingar, testing av uinfiserte, bruk av den unøyaktige PCR-testen, sosial distansering, og kontaktsporing har tidlegare vist seg å vere so godt som ubrukeleg under tidlegare pandemiar, likevel var alle forsøk på å nekte å utføre desse metodane fånyttes. Enkelte delstatar ignorerte desse drakoniske ordrane og hadde anten det same talet tilfelle eller færre, so vel som dødsfall, som delstatane med dei strengast handheva tiltaka. Igjen, ingen mengd bevis eller openberr demonstrasjon langs desse linjene hadde nokon effekt i å gjere slutt på desse sosialt øydeleggjande tiltaka. Sjølv når heile land, slik som Sverige, som unngjekk alle desse tiltaka, viste til like ratar av infeksjon og sjukehusinnlegging som nasjonar med dei strengaste, svært drakoniske tiltaka, fann det ikkje stad nokon endring i politikken av dei kontrollerande institusjonane. Ingen mengd av bevis endra nokon ting.
Ekspertar innan psykologien bak øydeleggjande hendingar, slik som økonomisk kollaps, større katastrofar og tidlegare pandemiar, viste at drakoniske tiltak kjem med ein enorm kostnad i form av «fortvilingsdødsfall» og ein dramatisk auke av alvorlege psykiske lidingar. Effektane av desse pandemiske tiltaka på barn si nevrale utvikling er katastrofal og i stor grad uoppretteleg.
Over tid kan titusenvis døy som eit resultat av denne skaden. Sjølv når desse spådommane byrja å dukke opp, køyrde kontrollørane av denne «pandemien» vidare i full fart. Drastiske aukar av sjølvmord, auke i sjukeleg overvekt, auke i bruk av legemiddel og alkohol, forverring av mange helsetiltak og ein skremmande auke i psykiatriske sjukdommar, spesielt depresjon og angst, vart ignorert av dei tenestefolka som kontrollerer denne hendinga.
Vi lærte til slutt at fleire av dødsfalla var eit resultat av medisinsk forsømming. Personar med kroniske medisinske tilstandar, diabetes, kreft, kardiovaskulær sjukdom og nevrologiske sjukdommar vart ikkje lenger følgt opp av sine klinikkar og legekontor. Ikkje-essensielle operasjonar vart lagt på vent. Mange av desse pasientane valde å døy heime enn å risikere å reise til sjukehusa, og mange såg på sjukehusa som «dødshus».
Statistikk over dødsfall har vist at der var ein auke i dødsfall blant personar i alderen 75 og eldre, for det meste forklart av Covid-19-infeksjon, men for dei mellom 65 og 74, hadde dødsfall vore stigande lenge før pandemien byrja. Mellom 18 og 65 viser statistikken ein sjokkerande topp i ikkje-Covid-19-dødsfall. Nokre av desse dødsfalla vart forklart av ein dramatisk auke i legemiddel-relaterte dødsfall, rundt 20 000 fleire enn i 2019. Alkoholrelaterte dødsfall auka òg betydeleg, og drap auka nesten 30% i gruppa 18 til 65 år.
Leiaren i forsikringsselskapet OneAmerica fastslo at deira data indikerte at dødsraten for personar mellom 18 og 64 hadde auka 40% over den pre-pandemiske perioden. Scott Davidsson, adm.dir. i selskapet, fastslo at dette representerte den høgste dødsraten i historia til forsikringsstatistikken, som utfører omfattande datainnsamlingar relatert til dødsratar kvart år. Davidson sa òg at slik ein høg auke i dødsrate har aldri før vore sett i historia til dødsdatainnsamling. Tidlegare katastrofar av eit monumentalt omfang auka ikkje dødsratar med meir enn 10%, 40% manglar sidestykke.
Dr. Lindsay Weaver, delstaten Indiana sin helsetopp, fastslo at sjukehusinnleggingar i Indiana er høgare enn på noko tidspunkt i dei siste fem åra. Dette er kritisk viktig sidan vaksinane skulle ha som føremål å betydeleg redusere dødsfall, men det motsette har skjedd. Sjukehus blir overfløymde av vaksinekomplikasjonar og folk i kritisk tilstand frå medisinsk forsømming forårsaka av nedstengingar og andre pandemitiltak.
Eit dramatisk tal av desse menneska døyr no, der toppen finn stad etter at vaksinane vart introduserte. Løgnene som strøymer frå dei som har utpeikt seg sjølve som medisinske diktatorar, er endelause. Fyrst vart vi fortalt at nedstenginga berre ville vare to veker, dei varte i over eit år. Deretter vart vi fortalt at munnbind ikkje var effektive og at vi ikkje trong å bruke dei. Raskt vart det snudd om. Deretter vart vi fortalt at tøymunnbind var svært effektive, no er dei det ikkje og alle burde gå med eit N95-munnbind, og før det at dei skulle gå med dobbelt munnbind. Vi vart fortalt at der var ein alvorleg mangel på respiratorar, for so å oppdage at dei står ubrukte i lager og på søppelfyllingar, framleis i innpakkingsøskjene. Vi vart informert at sjukehusa vart fylde i hovudsak av dei uvaksinerte, og fann seinare ut at nøyaktig det motsette var sant over heile verda. Vi vart fortalt at vaksinen var 95% effektiv, berre for å finne ut at vaksinane faktisk forårsakar ein progressiv erosjon av ibuande immunitet.
Då vaksinane kom vart kvinner fortalt at vaksinane var trygge under heile svangerskapet, berre for å finne ut at ingen studiar hadde blitt gjort rundt tryggleik under graviditeten under «tryggleikstestane» før dei rulla ut vaksinen. Vi vart fortalt at omfattande testing av friviljuge før naudgodkjenninga for offentleg bruk viste ekstrem at vaksinane var ekstremt trygge, berre for å lære at desse uheldige testpersonane ikkje vart følgt opp, medisinske komplikasjonar forårsaka av vaksinane ikkje vart betalt for, og at media dekte over alt dette. Vi lærte òg at dei farmasøytiske skaparane av vaksinane vart fortalt av FDA at vidare testing på dyr var unaudsynt (folket sjølv ville vere forsøkskaninar). Utruleg nok vart vi fortalt at Pfizers nye mRNA-vaksinar hadde blitt godkjent av FDA, som var eit utspekulert lureri, i at ein annan vaksine hadde godkjenning (Comirnaty) og ikkje den som faktisk var i bruk, BioNTech-vaksinen. Den godkjende Comirnaty-vaksinen var ikkje tilgjengeleg i USA. Det nasjonale media fortalte folket at Pfizer-vaksinen hadde blitt godkjent og ikkje lenger var klassifisert som eksperimentell, ei eklatant løgn. Desse dødelege løgnene held fram. Det er på tide å stoppe denne galskapen og ta desse folka for retten.
Jeg setter svært stor pris på artiklene du publiserer. Stå på!
LikarLikar
Takk 🙂
LikarLikar