Ein stressa sjukepleiars møte med karma (oidå!)

33 år gamle Susann har akkurat levert nest-yngstesonen og dottera i barnehagen, og betrudd den kjolekledde homo-sonen sin til dei grønhåra lesbeheksene på skulefritidsordninga. Den sinnssjukt pissetrengte blondina pressar den feite kroppen sin inn i ei uniform som er lite grann for trong, før ho hastar av garde opp trappene. Klokka er 7:15, ho kjem som vanleg eit kvarter for seint på jobb. Det gjer ingenting, for Susann har ei avtale med sjefen sin Katrin om å bli igjen lenger på jobb om ho kjem for seint. Ho kavar seg inn på vaktrommet, der nattevakta gjev ho nattas rapport. Alle har sove som steinar på grunn av alle dei sterke medisinane dei går på. Ein av bebuarane sov faktisk so godt at han aldri vakna opp igjen. Liket ligg nede på kjølerommet i kjellaren, klar til å hentast av gravferdsbyrå.

Susann trekkjer likesælt på skuldrene. Dødsfall – eller Mors som dei kallar det i sjukeheimssjargong – skjer heile tida sidan dette jo er ein stad gamle og skrøpelege blir sendt for å døy. Har nattevakta elles noko av interesse å rapportere?

I same augneblink dukkar Katrin opp inne på det vesle vaktrommet. Nattevakta snik seg diskret ut, for dei to feite damene tek jo opp all plassen her inne. Katrin informerer at Susann skal ha nokon på opplæring i dag. Ein helsefagarbeidar i 20-åra med namn Matilde. Susann vrir på den feite, sinnssjukt pissetrengte kroppen sin. Opplæringsvakter er slitsame, sidan ho må fotfølgje vaksne folk og gje inn med teskei kva dei skal gjere. Å bli kjent med bebuarane tek tid, spesielt dei som krev hakket meir enn dei andre. Hadde nokon andre bede Susann om å lære opp denne Matilde-berta, hadde ho bede dei ryke og reise. Men sidan sjefen hennar ber ho om det, so ho. Susann kan ingenting anna enn å godta dette «overgrepet». I det minste slepp ho å vere vakthavande sjukepleiar.

Ei tynn, biletvakker dame med tindrande blå auge og sjokoladebrunt, gulstripa hår står smilande og forventningsfull og ventar på Susann inne på avdelinga. Klokka er nøyaktig halv åtte. Dama er kledd i ei lyseblå uniformsskjorte som passar ho perfekt, og eit par kvite bukser som kunne ha vore skreddarsydd. På eit kvitt namneskilt står det å lese, «Matilde – helsefagarbeidar». Eit gullsmykke med ein liten medaljong glitrar mot den perfekte huda hennar. Susann sine to slitne sølvsmykke ser grelle og gamle ut i forhold. Dei to handhelser, Susann med ein grimase av eit falskt flyvertinnesmil som står i skarp kontrast til Matilde sitt intenst oppriktige Duchenne-smil.

Medan den vesle hobbiten av ei filippinarvaskedame byrjar å kjærteikne golvet med moppen, går Susann, Matilde og den tredje personalmedlemmen Sølvi i gang med å planleggje dagens dont. Ti bebuarar skal stellast, matast og elles takast vare på etter beste evne. Trubaduren kjem og underheld klokka tolv, og middagen skal serverast klokka eitt. Tre av bebuarane skal dusjast i dag, og ein fjerde har time hjå fotterapeuten klokka elleve. Elles skal det lagast frukost, og kvar av bebuarane har sine spesifikke matpreferansar. Ein lagar ikkje frukost på samleband, like lite som ein utøver omsorg på samleband. Spørsmål?

Matilde tilbyr seg å dusje ein av bebuarane. Ho treng nok ikkje rettleiing, sidan ho har jobba som helsefagarbeidar og dusja menneske i nær fem år. Dessutan er ho mor til tre små, skjønne barn som nettopp har byrja i barnehagen. Det skal jammen bli godt å vere tilbake i full jobb igjen etter mammapermisjon med trillingar.

Klokka er 7:35 og Susann avskyr allereie Matilde djupt og inderleg. Susann seier med sin grimase av eit flyvertinnesmil at Susann nok helst vil vere med når Matilde dusjar den valde bebuaren. Det har nemleg sjefen deira Katrin bestemt. Som sagt krev enkelte av bebuarane meir enn andre, og ein ukjent kan ikkje berre kome inn på rommet deira og ta seg til rette. Dette er jo faktisk bebuarane sin private heim! Matilde nikkar alvorleg – ho skjøner jo det. Sølvi kastar eit langt skråblikk på Susann og himlar med auga. Denne vakta kan bli interessant.

Medan den demente, nesten blinde bebuaren sit naken på toalettet inne på det vesle, kommunale sjukeheimsbadet, kler Susann og Matilde seg frå topp til tå i dusjutstyr: kvit stellefrakk i plast, blå eingongshanskar av nitril og kvite overtrekksposar på skoa. Medan Matilde ser ut som ei elegant stell-sylfide, ser Susann ut som ein sperreballong med plast vikla rundt seg. Sinnssjukt pissetrengte Susann kommanderer Matilde som ein drillsersjant. Den og den sjampoen og balsamen skal brukast på håret – og her snakkar vi om dyre merke som dei pårørande har kjøpt, ikkje den simple kommunesåpa! Den og den såpa skal brukast på kroppen, for bebuaren har nemleg hudsjukdommen psoriasis og har i tillegg diabetes type to. Kva såpetype har med diabetes å gjere, forblir eit uklart moment, og når Matilde spør Susann om det, får ho glefsa tilbake at ho skal halde kjeft og gjere det ho får beskjed om.

Ikkje so heitt vatn – skal du skolde den stakkars dama?! Stemma til Susann går i fistel. Matilde kjenner på det lunkne vatnet, før ho skrur det enno kaldare. Nei, no er det for kaldt! Altfor, altfor kaldt! Bebuaren kjem til å få lungebetennelse og døy på grunn av deg, du uvørdne, klønete, stein stokk dumme—

Og slik går no den opplæringsvakta, som eigentleg er ei utskjellingsvakt. Klokka ni er dei fleste bebuarane stelte og klare for frukost. Skivene er delte opp og har smør på seg, berre pålegget manglar. Ei ganske so spak og sliten Matilde trillar ein tung pleiepasient til bordet medan Susann trippar etter ho og bort til medisinvogna. Matilde skal eigentleg òg ha opplæring på medisin, men det er det ikkje tid til, for vi har so jævla mykje å gjere, bjeffar Susann. Dessutan har stellsituasjonane vist at medisindelegering ikkje er noko ein kan betru til nokon med Matilde sine kognitive evner – eller total mangel på dei, rettare sagt! Orda blir spytta ut og treffer Matilde so ho rykkjer til med stadig større og meir tindrande auge. Med lett skjelvane leppe blir ho sendt bort til disken for å leggje pålegg på skivene. Det må ho då klare, når sjølv den analfabete svartingen som vaskar golvet kan det.

Sølvi står borte ved vindauget og lyttar til Susann med gapande kjeft og hovudet på skakke. Kva slags demon har kravla opp i ræva på det kvinnemennesket i dag?

Nei! Ikkje so mykje leverpostei! Dette er dyrt pålegg og bebuaren sitt private, ikkje den simple kommune-leverposteien som truleg inneheld grevling, røyskatt og diverse andre fabeldyr! App-app-app, dette er syltetøy med sukker! Å ha det på skiva til ein bebuar med diabetes er ein genial idé om du har tenkt å gje ho diabetesbein slik at ho må kappe av seg føtene! Og bebuaren skal ha skumma kulturmjølk til maten, ikkje Biola med blåbær! Skru på hjernen din berre eitt sekund, Matilde!

Etter frukosten byrjar ei lett skjelven og tomatraud Matilde å rydde av bordet for å setje asjetta, koppane, glasa og bestikket inn i den industrielle oppvaskmaskina. Då bykser Susann over ho og skjeller ho ut nok ein gong – gaflane skal alltid stå med tindane opp, elles øydelegg du bestikkhaldaren, og desse tingestane er svindyre! Og asjetta er ikkje skylt skikkeleg av! Her ligg nemleg ein agurkbit, og dersom den hamnar i filteret, kan heile maskina fløyme over og skade elektronikken! Du vil ikkje eingong vete kor mykje ei industrivaskemaskin kostar! Den kostar tre gonger so mykje som den vesle raude jentebilen du fis rundt i!

Matilde trillar like før elleve ein bebuar ned til fotterapeuten berre for å sleppe unna Susann og den stygge kjeften hennar. Men då følgjer Susann etter ho og gjev ho ein reprimande som syng i veggane – bebuaren sit nemleg for nær heisdørene! Og ho har ikkje ytterjakke på seg – denne dama frys svært lett, og Matilde som er i aktivitet vil naturlegvis oppleve lokala som varmare enn stakkars rullestol-Haldis på 93!

Lunsjen finn stad ute i midtsonen. Der sit Matilde taus som ein østers medan Susann legg ut i breie ordelag om kor jævla mykje arbeid ein sjukepleiar er forventa å gjere – alt medan helsefagarbeidarane gjer langt mindre for nesten identisk lønn. Resten av personalgruppa seier knapt eit ord. Det er ikkje det at dei ikkje vil snakke, men dei kjem liksom aldri til med eit einaste ord i denne endelause einetalen som går på innpust og utpust.

Trubaduren kjem klokka tolv og underheld dei av bebuarane som er klare og orienterte nok til å registrere at der faktisk står ein fyr og speler gitar framfor dei. Matilde blir hudfletta opp og ned i mente fordi ho har gløymt å ta på fotstøttene til ein av rullestolbrukarane. Matilde spør spakt kva han skal med fotstøtter, han har jo ikkje føter… Susann nærast gaular til den stakkars dama at fullføring av arbeid står i høgsetet, og at ein rullestol utan fotstøtter ser heilt på trynet ut. Skulle vi kanskje ha droppa å ta på bukser på den stakkars fotlause mannen òg?!

Matilde blir på ein utruleg stygg og hakkande måte kommandert til å setje på middagen klokka 12:23. Ikkje eit minutt før eller etter. Og temperaturen. Vent, skal Matilde faktisk til å setje omnen på steikjeprogrammet når vi skal dampe ein 2,5-kilos plastpose med lapskaus? Særs dårleg idé, med mindre tanken naturlegvis er å servere gjengen steikt lapskaus i svidd plastikk. Dette kunne då sjølv ein ape ha gjort, men Matilde klarer likevel å føkke opp noko so enkelt.

Absolutt heile gjengen ute i midtsonen – trubaduren inkludert – høyrer korleis Susann står og omtrent skrik til den nytilsette helsefagarbeidaren. Til og med bebuarane sit der med store auge og ristar sakte på hovuda medan dei mumlar seg imellom.

På slutten av vakta sit Matilde nede i garderoben og grin so heile ho ristar. Sølvi sit og trøystar ho etter beste evne. Det kan verke som om Susann har ein standard det ikkje er mogleg å tilfredsstille, spesielt ikkje om du er ei tynn, vakker helsefagarbeidar-kvinne.

Susann er ikkje i garderoben. Ho er nemleg inne på Katrin sitt kontor og vrir ut or seg (på innpust og utpust, og på eit slags rogalandsk) kor udugeleg denne Matilde-berta er, og korleis ho er meir oppteken av å gå rundt og sjå deilig ut enn å hjelpe bebuarane. Susann måtte faktisk fotfølgje ho denne vakta for å hindre ho i å ta livet av heile gjengen.

Katrin ser lenge på Susann. Dette var då kraftige ord og endå kraftigare påstandar. Ho sender Susann heim, sidan dama ser so sliten ut at ho skal gå i lufta. Deretter fører ho opp i vaktboka til dagen etter at ho skal ta ein samtale med Matilde for å finne ut kva som eigentleg skjedde. Ho har akkurat fullført setninga då nokon bankar på døra. Inn kjem Sølvi, og ho har litt av kvart å fortelje om «opplæringa» Susann har gjeve stakkars Matilde!

Regnet bøttar ned neste morgon då Susann kavar over flate asfalten inn i bygningen. Den heseblesande dundra kjem so langt som til vestibylen, då både Katrin og den nifse einingsleiaren dukkar opp som troll i øskje. Einingsleiar seier følgjande illevarslande ord: «Susann, vi må snakke saman.»

I ei litt for trong uniform får Susann ei skyljebøtte av ei anna verd. For éin gongs skuld er einingsleiar forbanna. Katrin er like morsk og arg der ho sit (den feite dama fyller nesten halve rommet). Susann vrir på den desperat pissetrengte elefantkroppen sin medan bollekjakane blir raudare og raudare. Dei to slitne sølvsmykka held nesten på å kvele ho, sameleis gjer den altfor tronge uniformsskjorta. Ho får beskjed om å be om orsaking til Matilde, elles vil ho få skriftleg advarsel for «utilbørleg» åtferd. Og «utilbørleg» er ikkje eit ord arbeidsgjevar bruker i utrengsmål. Her står faktisk Susann sin karriere i fare.

Matilde kjem (utruleg nok) på seinvakt i dag. Då skal Susann be om orsaking nede på einingsleiars kontor medan einingsleiar og Katrin ser på. Og i mellomtida… Katrin leverer med eit sadistisk smil vakttelefonen til Susann. Den byrjar å ringje panisk i det ho får den i den vesle, feite neven sin – og her er det heilt innanfor å hevde at telefonar kan få panikk.

Etter sju timars pissetrengt sjøku-springing (korleis enn det ser ut!) vaggar Susann underdanig bortetter den altfor lange og altfor smale korridoren til einingsleiars kontor. Dei feige kontorrottene kik ein tanke perplekst ut dørene. Er Susann her nede no igjen?

Inne på kontoret sit Matilde i sin lyseblå, søte uniform. Ho grøssar seg då ho ser si plageånd Susann igjen, men held elles ein verdig mine. Dei store, tindrande auga og gullsmykket glitrar om kapp i det grelle kommunelyset. Susann er so sliten, svolten og pissetrengt at ho held på å gå i lufta. Einingsleiar og Katrin sit der og ser på ho i aggressiv forventing.

Susann bryt ut i ein langdryg einetale medan tårene trillar nedover dei sprutraude bollekjakane. Einingsleiar og Katrin får skarpare og skarpare blikk der dei sit. Matilde ser meir og meir overjordisk vakker ut i si veksande forvirring. Susann sin son har diverre blitt hjernevaska til å tru at han er homo, og dei tre barnefedrane har for alltid forlate ho til fordel for jenter som ser ut akkurat som Matilde. Susann har ikkje pissa skikkeleg sidan ho pulte sist, og det byrjar å bli nokre år sidan. Om ho berre kunne få ein augneblink til å trekkje pusten, til å roe ned, so ville ho slutte å vere so forbanna feit at ho ikkje får plass på vanlege toalett. Heile jobben hennar er ein einaste stor vits, her spring ho beina av seg og er sjukepleiar, og so sit helsefagarbeidarar på ræva og tener meir enn ho gjer! Her er noko som ikkje stemmer, her har fagforeiningsfittene laga ein tariffavtale som rett og slett er for god! Det indikerer jo at hjelpepleiarar som har gått på denne sjukeheimen og trakka og dilla sidan kyrne lærte seg å fise, skal tene like mykje eller meir som ein sjukepleiar som knapt har tid til å inhalere sine eigne fisar fordi vakttelefonen ringjer heile jæææævla tida. Stemma hennar syng i veggane.

Uniforma klarer omsider ikkje meir, og den går opp i sømene med ein høg, sprakande lyd. Dei enorme brysta hennar veltar ut og får Matilde til å sperre opp dei overjordiske gudinneauga sine. Strikken på den kvite buksa slit og får buksa til å skli ned. Her blir det avslørt at Susann går utan truse, fordi ho har det so jævla travelt som trebarnsmor at ho aldri får tid til å vaske kle – inkludert truser. Og no er altso sonen hennar blitt lurt til å tru at han er homo! Om tretten år kjem han til å late seg sodomere av kukar frå middag til midnatt! Kva skal ei stakkars mor gjere i slike stunder, anna enn å vise uhyrleg overbetalte helsefag-dillarar kor sjukeskapet skal stå?! Ein kort, stressa sprut av uhyre illeluktande urin dusjar over golvet og delar av sjokkerte Matilde.

Einingsleiar viser i sjokk og vantru Susann bort frå arbeidsplassen. Ei veke seinare gjer kommunaldirektøren vedtak om at Susann får avskjed frå stillinga si som sjukepleiar i kommunen. Grunngjevinga fyller 13 dataskrivne sider.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s