Av Mary Villareal, Natural News, 21.mai 2022. Omsett av saksyndig.
Mange menneske i Sri Lanka står overfor akutt mangel på mat, drivstoff og medisin i landet sin kamp mot ei av dei verste økonomiske krisene sidan det vart ein uavhengig nasjon i 1948. Økonomien hadde blitt treft hardt av Wuhan koronavirus (Covid-19)-pandemien i det turisme – ein av deira viktigaste inntektskjelder – stoppa opp, i lag med andre større sektorar og migrantoverføring.
I tillegg bygde styresmaktene opp eit fjell av gjeld ved å låne tungt frå utanlandske investorar og land. Dei innførde òg dårleg tima skattekutt og forbaud import av kjemisk gjødsel for å oppmuntre til organisk jordbruk, noko som førde til at bøndene vart ute av stand til å dyrke nok avlingar.
I eit desperat forsøk på å kjempe mot akutt drivstoffmangel som er forventa å vare i dagevis, stengde Sri Lanka sine styresmakter skular og bad offentleg tilsette om å ikkje kome på jobb. Tusenvis av menneske stod i kø og venta ved bensinstasjonar i heile landet i fleire dagar til ende.
Landet er no nesten heilt utan bensin og står overfor ein akutt mangel på andre typar drivstoff i tillegg. Sri Lanka si regjering har i mellomtida strevd med å finne pengar til å betale for drivstoff, gass og andre essensielle importvarer ettersom dei no er på randa av konkurs.
Straumbrot over heile landet finn stad i opp til fire timar om dagen sidan styresmaktene ikkje lenger kan forsyne nok drivstoff til generatorane på kraftstasjonar.
Landet har allereie sett på vent tilbakebetalinga av rundt 7 milliardar dollar i utanlandske lån som forfell dette året, av dei 25 milliardane som skal vere tilbakebetalt innan 2026. Landet si totale utanlandsgjeld har allereie blåse seg opp til 51 milliardar.
Demonstrasjonar og fiendtlege handlingar bryt ut under krisa
Deira økonomiske problem har ført til ei politisk krise og styresmaktene står overfor utbreidde demonstrasjonar og uro. Demonstrantar har blokkert hovudvegar for å krevje gass og drivstoff medan TV-stasjonar viser menneske i somme område som kjempar om begrensa ressursar.
Demonstrantar har allereie okkupert inngangen til presidentkontoret i over ein månad, der dei krev at president Gotabaya Rajapaksa går av.
Anti-regjeringsrally som har pågått i månadsvis har òg nesten ført til oppløysinga av den eingong mektige herskarfamilien, noko som har ført til at ein av presidenten sine brør har gått av som statsminister, og at andre slektningar har forlate postane sine i kabinettet.
Åtak av Rajapaksa sine støttespelarar utløyste òg landsdekkjande vald som førde til ni døde og meir enn 200 skadde. Heimane til lovgjevarar og deira støttespelarar vart òg brende ned.
Sri Lanka tener som ei åtvaring for andre land
Globale finansleiarar er venta å førebu seg på fleire inflasjonsrelaterte sjokk i det frykt for eit globalt økonomisk nedsig held fram med å treffe marknadene. Direktør i Det internasjonale pengefondet, Kristalina Georgieva, sa at det blir stadig vanskelegare for sentralbankar å få ned inflasjonen utan å forårsake resesjonar.
Der har òg vore aukande press på energi- og matprisar på grunn av Russland sin krig med Ukraina, so vel som forsyningskjedeforstyrringar og kostnadspress skapt av Kina sin null-Covid-politikk.
«Eg trur at vi er nøydde til å bli meir komfortable med det faktum at dette ikkje vil bli det siste sjokket,» sa Georgieva, og brukte omikron-utbrotet som bevis på at inflasjon ikkje vil vere eit overgangsmessig eingongssjokk.
Ein kommentar sa òg at Sri Lanka sin situasjon kan skje på ein global skala. Dersom der er inflasjon som fører til nedgang i kjøpekrafta av bidragsklassen gjennom lønnsundertrykking, oversjøsjobbar, automatisering og andre ting, kan fattigdom og desperasjon til slutt bli om til vald.
Dersom styresmaktene i andre land ikkje tek notis av kva som skjer i Sri Lanka, vil dei til slutt stå overfor dei same problema dei neste månadene.
Guido Chamorro, nestleiar i gjeldsavdelinga til Pictet Asset Management, som òg sit på srilankiske obligasjonar, sa: «Sri Lanka sin default [manglande evne til å betale avdrag av lån; oms.an.] er eit faretrugande teikn for oppdukkande marknader. Vi forventar at dei gode tidene vil ta slutt. Langsamare vekst og fleire vanskelege finansieringstilstandar vil auke risikoen for default, spesielt for grenseland.»