Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice melder:
Ein dommar har gripe inn og gjeve ordre om ei høyring for å gå igjennom oppkjøpet av Alex Jones si Infowars-nettside av den venstreekstreme satiriske nyheitssida The Onion.
(Sjå òg «Satireavisa The Onion kjøper Infowars på konkursauksjon: Alex Jones hevdar høgare bod vart avvist», publisert 15.november 2024.)
På torsdag [14.november 2024] gav ein føderal konkursdommar i Texas ordre om ei bevishøyring for å gjennomgå auksjonsprosessen som resulterte i at nettstaden Infowars vart selt.
Advokatane som representerer Jones, og eit selskap som har med han å gjere, uttrykte under ei naudhøyring bekymring rundt auksjonsprosessen. Dommaren gav ordre om ei bevishøyring veka etterpå for å avgjere om auksjonen vart utført rettferdig, noko som han forseinke prosessen.
Christopher Lopez, den amerikanske konkursdommaren som stoppa salet, sa: «Ingen burde føle seg komfortable med resultata av denne auksjonen.»
Her legg Alex Jones fram dokumenta som han hevdar eksponerer den totale rigginga av Infowars-auksjonen. Han seier at i motsetnad til mediereportasjar, kjøpte The Onion ikkje vellykka opp Infowars med det høgste bodet i ein legitim auksjon.
Mother Jones rapporterer: Alex Jones har, ikkje overraskande, erklært at auksjonsprosessen var «fiksa», og lovde at gjennomgangsprosessen kom til å gje nettstaden tilbake til han, medan adm.dir i The Onion sa til Mother Jones og andre nyheitsformidlarar at salet går vidare som planlagt. Av grunnar som ingen enno har forklart, dukka advokatane til X, tidlegare kjent som Twitter, sosialmedie-kjempa som no er eigd av Elon Musk, opp under høyringa og bad om å bli inkludert i alle framtidige korrespondansar om saka.
«Eg vart fortalt at Elon kjem til å bli særs involvert i dette,» sa Jones under ei direktesending på X. Etter at Infowars vart beslaglagt og sida lagt ned, byrja Jones sporenstreks å operere under namnet og merket til eit nytt føretak, som har fått namnet The Alex Jones Network, som strøymer på X. Jones sa at advokatar frå X var til stade under høyringa, og la til, ein tanke mystisk: «Kavaleriet er her. Trump er forbanna.» (Han utbroderte seinare at «Trump veit at eg er ein av hans største forsvararar.»)
Ein advokat som dukka opp frå X svarte ikkje på ein førespurnad om kommentar; ei heller gjorde pressekontoret til X det. Adm.dir. i The Onion, Ben Collins, som tidlegare var ein journalist i NBC News som dekte desinformasjon, sa til Mother Jones fredag morgon: «Vi vann bodrunden. Ideen om at han berre kom til å trekkje seg unna dette med verdigheit utan å gjere noko slikt er morosamt i seg sjølv.» I ei melding gjengjeven av Variety og andre formidlarar, sa Collins at salet «no er i gang, i påvente av standardprosessar». Collins hadde tidlegare sagt at planen var å relansere Infowars som ein satirisert versjon av seg sjølv i januar.
I det denne rare situasjonen spelte seg ut, dukka nettsida til Infowars derimot opp igjen på nettet fredag ettermiddag; og like etter hadde Jones og staben hans vendt tilbake til Infowars-studioa. Utover den fredagen og laurdag morgon var sida full av historier som i forkant erklærte Jones sin siger over The Onion.
«Eg sa det til dykk,» godta Jones seg under ei sending fredag kveld, tilbake ved sitt vanlege skrivebord. «Dersom de vil ha ein kamp, har de fått ein!»
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
