Kan kvinner samanliknast med bruktbilar?

17.november 2024 publiserte nettavisa UtenFilter eit innlegg av skribenten «Vestavind» som tek føre seg eit tema som både er aktuelt og høgbetent: Norske kvinner prioriterer ikkje lenger å føde barn, vel heller karriere og seg sjølv, og er blitt særs kresne når det gjeld val av partnar. Dette har ført til at fødselsraten i Noreg har sokke som eit blylodd, og at vi er i ferd med å bli skifta ut som folkeslag med langt meir forplantingsivrige innvandrarar.

Det som peiker seg ut i innlegget, er at kvinner på mange måtar kan samanliknast med bruktbilar. Som Vestavind sjølv skriv:

«Noen tror det å ha en utsvevende ungdomstid med mange titalls partnere, ja noen teller dem i hundretalls, mener de har samme partner-verdi som én uten all denne slitasjen. […] Vi kan illustrere det gjennom bilkjøp. Er bilen kjørt 250.000 og har hatt 20 eiere, da er de fleste enige i at den ikke oppnår samme pris som en som har kjørt 30.000 og kun har hatt én eier. Har bilen i tillegg hatt flere skader, så blir det enda mindre attraktivt å kjøpe den. Uansett vil prisen gjenspeile de faktiske opplysning og historikk.»

Eg har sjølv erfaring med både kvinner og bruktbilar. Eg har aldri fått gleda av å kjøpe ein heilt ny bil som ingen andre har eigd før meg, på same måte som eg aldri har fått gleda (?) av å oppleve ei kvinne som ingen andre har… vel… «eigd» før meg. Her gjeld det å bruke hovudet og sunn fornuft. Om bilen ser ut som den skal falle saman i fyrste sving, stemmer det sannsynlegvis. Om du under ein prøvekøyringstur høyrer rare lydar i motoren, eller gir og bremser fungerer tvilsamt, er det best å styre unna.

Det same gjeld damer. På ungdomsskulen kalla vi dei som dreiv og koste seg med alt som kunne krype og gå for «felleshòl». Ved å gje seg hen til det fyrste og beste mannfolket som var nokolunde oppegåande, utsette dei seg sjølv for fare og risikerte gjerne uønskt graviditet, kjønnssjukdommar og eit øydelagt rykte. Kva liv har du i vente om du blir gravid som 14-åring? Og, i motsett ende, kva liv har du framfor deg om du er 35+ og enno ikkje har fått barn?

Ein bil som ikkje blir køyrt, og som står hjå bilforhandlaren eller i ein garasje år etter år og rustar vekk, er eit trist syn. Ein bil som derimot blir for mykje køyrt, er like ille. Ein bil er under alle omstende eit tapsprosjekt – du har tida og «slitasjen» mot deg. Livet er, i professor Ingvard Wilhelmsen sine ord, eit usikkert prosjekt. Å forlate heimens fire trygge veggar kan vere farleg. Ein bil må kunne takle alle slags situasjonar nokolunde greitt, for ein veit aldri kva som kan dukke opp rundt neste sving. Mange situasjonar er uunngåelege, medan andre kan ein fint styre utanom. Ein må velje sine kampar med omhug, og dersom det finst ein tryggare veg, vil det vere idioti å ikkje velje den.

«Slitasje» påverkar alle ulikt. Det er opptil den individuelle doningen kor mykje dette påverkar den daglege drifta. Alle bilar har sine særtrekk, som blir ein del av køyretøyet sin personlegdom. Likeins har alle damer sine særtrekk, som ein berre må lære seg å leve med. Ingen er viljuge til å endre seg, og problemet blir verre med alderen. Klart, har ein nådd ein viss alder og funne sin nisje og stil, so treng ein ikkje endre seg. Folk vil jo alltids kunne velje eller vrake. Om dei ikkje vil ha deg, kan dei fint trippe vidare til neste.

Sjå òg «Løysinga er å aldri endre seg», del 1, del 2 og del 3, publisert i juni 2024.

Stundom hender det at bilen plutseleg byrjar å skape seg. Då er det berre å stikke innom ein bilmekanikar du stoler på for å få ein diagnose og eit kostnadsoverslag. Det kan vere reine bagatellane, eller ein dyr reparasjon. I sjeldne tilfelle kan du få høyre at du diverre må finne ein annan bil, for dette går diverre ikkje lenger. Det finst grenser for kva som skal få rulle og gå her i livet. Det handlar om din eigen og andre sin tryggleik.

Når bilane blir ustabile og ubereknelege, kan det brått oppstå situasjonar der det skjer ting du vil måtte leve med resten av livet. Kanskje finn bilen plutseleg på å ringje familien din og vennene dine og fortelje kva for eit dårleg menneske du er. Eller kanskje til og med kontakte arbeidsgjevar og leggje ut om intime detaljar du ikkje ville ha fortalt under tortur. Då står du der som ein tosk med skjegget i girkassa, og angrar på at du ikkje studerte service-historikken litt grundigare. Til dømes den perioden då bilen vart køyrt altfor hardt og uvørdent av den psykopatiske dritsekken frå Os.

Det er alltid ein fyrste gong for alt: både kjøp av bruktbil og… vel… «kjøp» av damer. Med tida lærer dei aller fleste seg kva dei skal sjå etter når dei vurderer å la ein vesentleg utgiftspost bli ein del av livet sitt. Bruk vit og forstand. Du og bilen din skal jo potensielt leve saman i mange år og dele gleder og sorger. Ikkje lat sorgene bli fleire enn gledene. Vel rett bil!

Dette er eit humoressay skrive av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget