Sjå òg «Dommar stoppar salet av Infowars til The Onion», publisert 18.november 2024.
Ethan Huff i Natural News melder:
Den amerikanske konkursdomstolen i Southern District of Texas, Houston-avdelinga, har kome med ei rettsleg begjæring, delt av Alex Jones på X / Twitter, der dei avslører det bedragerske salet av Infowars til The Onion.
Begjæringa er ei større bombe som eksponerer korrupsjonen bak den politisk motiverte uskadeleggjeringa av Jones via Sandy Hook-skandalen som han snakka mykje om i årevis før dei involverte familiane saksøkte han.
Jones, som de sikkert hugsar, fekk ordre om å betale 1,5 milliardar dollar i erstatning til Sandy Hook-familiane, og Infowars-nettsida hans vart lagt ut på «auksjon», der ordet auksjon er i hermeteikn fordi rettsbegjæringane viser at heile greia var rigga frå byrjinga av.
«DIGERT», skreiv The Health Ranger [Mike Adams] på X om denne siste avsløringa. «Alle detaljane, når dei kjem ut, vil sjokkere alle.» […]
Adm.dir. i The Onion laug då han vart spurt om Infowars-bod
George Stephanopoulos i ABC News henta inn The Onion-adm.dir. Ben Collins og John Feinblatt, president i Everytown for Gun Satefy, på sitt «Good Morning America»-program for å snakke om teamet, og der greidde Collins ved eit uhell å røpe seg om bløffen.
Medan han hevda å no «eige» Infowars, forsnakka Collins seg då han beint fram laug om å vere den som hadde det høgste bodet under auksjonen, som er uriktig. Der var ein aktør som baud høgare som vart avvist og som framleis er ukjent, og kor mykje The Onion baud har ikkje blitt avslørt.
Feinblatt braut inn for å òg innrømme at Sandy Hook-familiane som får 1,5 milliardar frå imperiet til Jones «var bak» det påståtte oppkjøpet av Infowars, som no ser ut til å ha skapt spørsmål på grunn av bedrageriet.
Konkursdommaren Christopher Lopez vart henta inn til programmet til Stephanopoulos òg for å diskutere konkurssaka og stansen av Infowars-salet på grunn av konkursbedrageri-skandalen.
«Ingen burde føle seg komfortable med resultata av denne auksjonen,» sa dommar Lopez rett ut om den høgst tvilsame naturen til konkursprosessen.
«Hei, du: Vi vann bodrunden,» skaut deretter Collins inn. «Vi eig Infowars og vi er veldig opprømte over det.»
«Men er det sant at de ikkje hadde det høgste bodet?» spurde so Stephanopoulos.
«Øh, ja, det hadde vi,» svarte Collins nervøst og svikefullt. «Vi hadde faktisk det høgste bodet når ein tek med i reknestykket det familiane gav. Dei gjorde ein samla innsats for å gjere dette til det beste og høgste bodet for alle dei involverte.»
Collins gjekk i intervjuet deretter over til å forklare at planane til The Onion for Infowars, om då konkursprosessen blir gjennomført slik Sandy Hook-familiane planlegg, representerer «den beste måten å stoppe Alex Jones» frå å halde fram å rapportere om verdsaffærar.
«Eg brukte å vere ein desinformasjonsreporter,» sa Collins deretter, og såg ut til å hevde at han var ein tidlegare støttespelar av Jones. «Eg brukte å dekkje han frå andre sida av dette.»
«Du kan presentere so mange fakta du vil til Alex Jones og han kjem rett og slett ikkje til å lytte. Men, dersom du gjer narr av desse folka på ein måte som kuttar gjennom og kanskje viser ein tivoli-spegel [som forvrengjer personar og gjenstandar til det ugjenkjennelege; oms.an.] opp mot det han prøver å gjere. Han prøver å gjere dykk skikkeleg redde slik at de går og kjøper kosttilskot [i nettbutikken hans].»
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
