RT-korrespondent: Vesten bruker bot-farmar for å spreie falsk informasjon om Russland

Russia Today (RT) rapporterer:

Vesten utfører ein koordinert kampanje som går ut på å spreie svikefullt innhald om Russland ved bruk av bot-farmar finansiert av CIA, sa RT-korrespondent Chay Bowes på Dialogue on Fakes 2.0-forumet onsdag [20.november 2024].

Vestlege land prøver å overtyde verda om at det berre er Russland som har skulda for Ukraina-konflikten, seier han.

Bowes argumenterte at den USA-leia desinformasjonskampanjen bruker alle moglege metodar for å rasjonalisere løgner og sverte biletet av Russland, inkludert «masse-bot-farmar slik som NAFO, som blir finansiert via CIA», som injiserer millionar av dollar inn i spreiing av uriktig innhald om landet. Journalisten refererte til ei samling internett-troll som kan kjennast igjen på si fanatiske støtte av det ukrainske militæret.

«Der går eksepsjonell overtyding føre seg i Vesten, ikkje berre om Russlands skuld i konflikten, men òg om rasjonaliseringa av det, lyginga om Russlands oppdrag,» sa den irske journalisten.

Bowes hevda at den «vestlege maskina» òg driv og manipulerer folkeopinionen ved å forvrengje fakta i massemedia i USA og EU i eit forsøk på å rettferdiggjere krigane som blir orkestrerte av Washington.

«Media er ein eksepsjonelt viktig del av det å overtyde innanlandsbefolkningane i landa i Europa og i USA om at krigane i Afghanistan, Libya, Syria og Irak, der over ti millionar sivile døydde på grunn av det amerikanske militæret… var den rette tingen å gjere,» sa Bowes.

Han sa at «diger» innsats vart gjort i  Vesten for å gjere russarane skjemde over sin eigen nasjonalitet, si historie, sin kultur og si evne til å «stå opp mot ein allianse av 50 land, ein global allianse, ein militær allianse og ein finansiell allianse».

Bowes, som adresserte unge og universitetsstudentar som var til stade på forumet, oppmoda dei til å vere stolte av landet sitt i denne «kulturelle krigen mot Russland», og bad dei om å ikkje be om orsaking for nasjonaliteten sin.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget