Covid-19-«vaksine»-utrullinga førde til overtalsdødsfall og færre fødslar i Filippinane

Ava Grace på Newstarget, systersida til Natural News, melder:

Data frå Philippine Statistics Authority [PSA] viser at der var rundt 1,3 millionar færre filippinarar i fjor enn i 2020, sannsynlegvis på grunn av den søraustlege asiatiske nasjonen sitt massevaksinasjonsprogram mot Wuhan-koronaviruset (covid-19).

Dette kjem frå ei etterforsking utført av covid-19-Substack-bloggar Super Sally, som etter å ha rekna på talet av færre fødslar og talet av overtalsdødsfall frå 2020 til 2023, skreiv at Filippinane hadde ei «urealisert befolkning» – talet menneske som skulle ha levd på den tida – på rundt 1,285 millionar. […]

«Nye lesarar kan bli sjokkerte over overtalsdødelegheita i 2021, som fyrst byrja i mars det året,» skreiv Sally. Derimot «trur eg at 2021-dødelegheita og fødselsdata verkeleg fekk eit skot for baugen i byrjinga av 2022, og øydelegginga i 2021 vil sannsynlegvis bli skjult for alltid.»

Dataa til Sally kjem frå ein analyse frå PSA, som publiserer årlege rapportar av data samla frå Philippine Civil Registration System, inkludert vital statistikk slik som fødslar, ekteskap og dødsfall.

Auken i dødsfall og nedgangen i fødslar fell saman med utrullinga av covid-19-vaksinar

Filippinane sitt covid-19-massevaksinasjonsprogram vart starta i mars 2021, rundt same tida som den urealiserte befolkninga i landet byrja å vekse kraftig. Medan der var ei handfull covid-19-«vaksine»-merke brukt i Filippinane, vart Janssen-vaksinen frå Johnson & Johnson forsynt til nasjonen gjennom Covid-19 Vaccines Global Access (COVAX)-programmet til Verdas helseorganisasjon, og ein trur denne er den største mordaren for landet.

«Den store auken i dødsfall som skjedde i kvar einaste region [i Filippinane] i juli 2021, skjedde på same tid som utrullinga av Janssen [covid-19-vaksinar], som vart levert til alle regionar, og 3,2 millionar dosar vart administrerte på berre nokre få veker,» skreiv Sally. «Der var ein andre høg auke i dødsfall i januar 2022, som òg matchar den andre filippinske leveransen av 5,2 millionar nye dosar med Janssen.»

«Alle Janssen-dosar vart leverte under COVAX-programmet,» heldt ho fram. «Dette er ikkje det same som å seie at andre injiserbare middel ikkje var dødelege og forårsaka overtalsdødsfall, det er berre det at Janssen dreiv desse overtalsdødsfalla til ein ny, øydeleggjande topp.»

Dersom 2019 blir rekna som det siste normale året og eit referanseår, har der vore 908 566 færre fødslar og 386 939 overtalsdødsfall frå 2020 og gjennom 2023. Dette gjev ei «urealisert befolkning» på 1,285 millionar.

Øvrige 2023-dødsfall er litt høgare enn 2022-nivåa, og 2023-fødslar er akkurat litt lågare enn 2022-nivåa. Begge kan auke ein tanke i dei endelege rapportane som vil kome i byrjinga av 2025.

Dødsfalla er høgare enn 2022-nivåa i mange månader, der enkelte data til og med peiker høgare enn 2021, som før var det verste året. Tidleg i 2023 var fødslar høgare enn 2022- og 2021-nivåa. Derimot, innan slutten av året hadde fødslar sokke, i nesten alle regionar, til nivå som liknar dei til 2021.

I denne videoen av ei høyring i det filippinske Representantanes hus etterforskar kongressmenn dei nesten 300 000 overtalsdødsfalla forårsaka av covid-19-vaksinane.

Omsett av redaktøren i Saksyndig. Sjå òg «Den filippinske regjeringa held eksplosive høyringar om den stupande fødselsraten og dei skyhøge overtalsdødsfalla relatert til covid-‘vaksinane’», publisert 10.juni 2024, og «Den filippinske regjeringa rapporterer 297 000 overtalsdødsfall knytt til covid-19-‘vaksinar’», publisert 14.juli 2024.

Kommenter innlegget