Ethan Huff i Natural News rapporterer:
Lekne dokument som The Grayzone har fått tak i, viser at ein kabal av britisk militære og etterretningsressursar planlegg å ta ned den uavhengige medieformidlaren for å «halde kampane i Ukraina i gang».
Sidan byrjinga på Ukraina-stadfortredarkrigen har denne kabalen arbeidd bak kulissane i skjul av mørket for å forlenge konflikten mot Russland «for ein kvar pris». Tydelegvis treng djupstaten at Ukraina-Russland-krigen held fram, for å kunne beskytte interessene sine.
Den hemmelege kabalen, som er kjent som Project Alchemy, har samla seg under dei årvakne auga til det britiske forsvarsministeriet, og er styrt av Charlie Stickland, ein høgtrangert generalmajor i Storbritannia.
The Grayzone utførde ei omfattande etterforsking rundt Project Alchemy, og oppdaga at gruppa er involvert i alle former for «høgt aggressive planar». Desse inkluderer cyberåtak, «diskrete operasjonar», og regelrett terrorisme.
Project Alchemy vart inspirert av Operation Gladio, ein plan som omfatta heile Europa, frå ein CIA- og MI6-«stay behind»-hær av fascistar som jobba på ein liknande måte for å presse fram sin eigne djupstatsagenda.
«Project Alchemy, for å komplementære sine hemmelege spesialstyrke-liknande åtak på russisk territorium, føreslo ein aggressiv propaganda-lynkrig, under den inkjeseiande tittelen ‘informasjonsoperasjonar’,» skriv Kit Klarenberg i The Grayzone.
«For å handtere det vestlege folket, som sannsynlegvis ville vende seg mot ein lang krig dersom dei økonomiske kostnadene tilknytt den vart for høge, henta medlemmene i kabalen fram ein meny av vondsinna åtak på forstyrrande medieformidlarar gjennom ein kampanje av juridisk trakassering.»
(Relatert: Visste du at leiaren av dei britiske væpna styrkane vart teken i å hemmeleg hjelpe Ukraina lage slagplanar mot Russland?)
Om Russland vinn, er Vesten ferdig
Ein av desse medieformidlarane, veit vi no, er The Grayzone, som har drive og publisert ein bråte med hardtslåande graveartiklar som har eksponert hemmelege operasjonar slik som Project Alchemy som er usynlege for den generelle befolkninga.
Det viser seg at den same fyren som planla å øydeleggje den London-baserte kjendisklient-journalisten Paul Mason, òg vart nominert til å leie informasjonskrigføringskampanjen til Project Alchemy. Han heiter Amil Khan, og han er ein veteranoperatør innan psykologisk krigføring som tidlegare vart eksponert av The Grayzone for å styre alle slags propagandakampanjar, inkludert via YouTube-«influensarar» som fekk betalt for å pushe regimeendring i Syria og Etiopia.
«Det at Khan er involvert i Project Alchemy, antydar at korstoget hans mot denne medieformidlaren vart godkjent på høgste nivå i den britiske nasjonale tryggleiksstaten,» legg Klarenberg til.
«The Grayzone vart valt ut for øydelegging berre nokre dagar etter at russiske soldatar rykte inn i ukrainsk territorium, noko som understrekar kor besette London er av å halde kontroll over narrativet i den ukrainske stadfortredarkrigen.»
Dei lekne interne diskusjonane som no har dukka opp, viser at medlemmene i Project Alchemy openlyst fantaserte om undergangen til den russiske regjeringa etter ein lang og utmattande krig mot Ukraina. På same tid bekymra dei seg òg for om planane deira kunne slå tilbake på dei sjølve, og at Russland kunne få overtak på ein augneblink, noko som ville sjokkere Vesten.
Ein «storstrategi-artikkel» frå 27.februar 2022, sendt av Project Alchemy til John Bew, Boris Johnson sin dåverande utanrikspolitiske rådgjevar, uttrykte bekymringar for den framveksande BRICS-alliansen, som ser ut til å vekse seg sterkare dag for dag. BRICS representerer den mest formidable trugselen akkurat no mot NATO sin verdsdominans.
Den artikkelen oppmuntra den britiske leiarskapen til å «førebu seg for SWIFT II», der den opphavlege SWIFT refererer til det USA-kontrollerte finansoverføringssystemet som «kjem til å bli øydelagt» av Vesten sine anti-Russland-sanksjonar «sakte, men effektivt».
Det vi er vitne til er med andre ord to krigførande nasjonar som ønskjer kontroll over verda: NATO versus BRICS. Fyrstnemnde er det vi alle er vande med å leve med akkurat no, og sistnemnde ser ut til å representere ein komande ny verdsorden der den globale dominansen flyttar seg frå Vesten til Austen.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
