Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.
Etter at eit føretak på Vestkanten storsenter i Loddefjord gjekk dundrande konkurs, har det opna eit nytt treningssenter ved namn EmilyJoy. I motsetnad til Sats og andre treningssenter, rettar dette nye konseptet seg mot spretne, leikne berter som ønskjer å kunne liggje stønnande og strekkje og vri på seg på eit golv utan at rare mannfolk står og glor på dei. Eigaren av senteret, som sjølv er ei slank, spretten, leiken berte med platinablondt hår, har på sosiale media marknadsført treningssenteret som «ei frihamn i hjartet av Loddefjord der kvinner kan vere kvinner».
Karl hevar lett på augnebryna med eit noko forundra smil. Er det plutseleg eit problem for merksemdssjuke, narsissistiske Instagram-horer at mannfolk glor på dei når dei ligg på ei matte på golvet og både ser og høyrest ut som dei skal få orgasme? Han ristar på hovudet og legg ned mobilen. Sjølv sit han på kafeen Jordbærpikene på Lagunen storsenter i nabobydelen, på andre sida av den lange Knappetunnelen. Han skal møte ein informant som har ei ganske so interessant historie å fortelje.
Klokka er på slaget tolv, senteret aular av folk. Ei ung puppedame står smilande på utstilling bak disken, og har på seg «obligatoriske» perleøyredobbar og eit intenst glitrande sølvsmykke. Det er slutten av november, og julestria og julepresang-panikken breier seg som turbokreft. Folk trassar smittefrykt, bompengar og vinterføre og møter mannsterke opp på kjøpesentera i Bergensområdet. Damene trippar ekstatiske framfor slitne menn som trillar enorme handlekorger, medan ungane spring rundt som ville dyr, overvelda og overstimulert. Som kråker skrik alle «Skal ha! Skal ha!».
Eit blondt hovud med ein søt, øyredekkjande «hjelmfrisyre» dukkar opp i folkehavet. Ei tilsynelatande beskjeden, lettare lutrygga dame går fram til bordet. Ho er kledd i ein kvit, jomfrueleg, høghalsa genser, ei mørkebrun vinterkåpe og eit par svarte, skinande vintertights. Rundt halsen blenkjer eit sølvsmykke med ein liten medaljong med eit tresymbol. Ho ser rett på sjela hans med sine blå, sjelfulle auge.
«Er du Karl?» spør ho på søt bergensdialekt med ein herleg skarre-r.
«Ja,» svarer han. «Og du er Josefine?»
«Det stemmer,» svarer ho. Auga vender seg rundt i lokalet. Ho slår om til Nordfjorddialekt med prominent rulle-r i det ho set seg ved bordet. «Du valde jammen litt av ein stad å møtast. Det må då vere tusen menneske her.»
«Mindre sjanse for å bli avlytta. Stemmene våre druknar i alt ståket. Og dessutan er ingen frå fienden ute no, mesteparten har julelunsj ute på Håkonsvern med Å. Og nokon… Vel dei har teke turen til Vestkanten, seier ryktet.»
«Eg ser den.» Ho faldar hendene og lener seg over bordet. «Eg burde eigentleg ikkje vere her. Eg burde eigentleg ikkje vere i dette fylket. Eg må liggje so lågt som mogleg etter at dei fekk meg tvangsinnlagt i 2023.»
«Ja, eg kjenner den historia.» Karl tek ein slurk frå kaffikoppen sin. «Eg les jamleg Saksyndig.»
«God blogg, og det veit eg alt om. Eg var jo med på å drive den ein periode.» Ho raudnar lett. «Vel, lat oss kome til poenget. Eg har informasjon om Ballongtryna som eg har fått frå ei påliteleg kjelde.»
«Før vi byrjar, vil du ha kaffi og kake?»
«Eg finst ikkje svolten, og eg har drukke ein heil termos med kaffi.»
«Greitt, fyr laus.» Karl tek fram notisblokka si. Josefine byrjar å fortelje:
«Håkonsvern med Å forskar på ein eksperimentell teknologi som har med stamceller å gjere. Stamceller er universalcellene i kroppen, og kan regenerere til dømes øydelagde nervar eller øydelagt ryggmerg. Når ein bryt ryggen eller nakken, hamnar ein som regel i rullestol på grunn av ryggmergsskade. Dagens teknologi kan vanlegvis ikkje gjere noko med det. Sameleis dersom den optiske nerven eller andre nervar i hjernen blir skadde. Men denne eksperimentelle teknologien kan gjere noko med det.»
«M-hm. Hald fram.» Karl noterer ivrig i den vesle blokka.
«Håkonsvern med Å er, som du sikkert veit, amerikansk territorium etter at djupstaten der borte kjøpte militærbasen for ein ikkje akkurat ubetydeleg sum. Visse personar i den norske djupstaten vart styrtrike på dette oppkjøpet. Denne gjengen der ute bruker teknologien sin på ei rekkje forsøkskaninar, som alle har blitt alvorleg kvesta i stygge ulykker. No ligg dei og svevar på ei diger avdeling medan dei ventar på at stamcelleteknologien skal regenerere deira øydelagde ryggmergar.»
«Dei svevar?»
«Jepp. Stamceller veks best i eit vektlaust miljø, elles kan dei vekse feil.»
«Ja, ho urinterapidama fortalde meg det.»
«For tida er det 120 pasientar der ute. 60 menn og 60 kvinner. Dei har vore der sidan prosjektet vart starta opp i mars 2024. Og dei blir iallfall verande der til mars 2025. Ein kropp med sopass alvorlege skadar må nemleg liggje heilt stille i eit vektlaust miljø i eit heilt år. Fyrst i mars 2025 vil vi få vete om det har fungert. Då ventar det dei den lange vegen tilbake til eit liv med normalt funksjonsnivå.»
«Korleis fungerer dei mentalt? Kan dei snakke? Kan dei gje uttrykk for behova sine?»
«Dei er kraftig dopa ned. Både for smertelindring og… på grunn av tilstanden sin.» Ho får eit lite smil i det bleike, lett freknete ansiktet. «Du skjøner, oksygenmettinga i bygningen er høgare enn i verda utanfor, fordi celler veks best i oksygenrikt vev. Det fører til at personalet må gå med spesialmunnbind for å hindre oksygenforgifting, og at pasientane—»
«…har evig oppsvulma kjønnsorgan?»
«Korrekt!» Josefine kniser søtt og museliknande. «Mennene ligg der med evig ståtiss og kvinnene ligg der med evig ståfitte!» Ho kniser so søtt.
«Eg skjøner at det kan by på visse vanskar, både urologisk og sosialt.»
«Ja, det er ein grunn til at personalet har streng teieplikt, og at dersom dei fortel det til nokon, blir dei ein del av prosjektet.» Ho smiler gåtefullt. «Dei blir sjølve ein av forsøkskaninane der. Det skjedde diverre med kjelda mi. Han tok ein for teamet, kan vi seie.»
«So no ligg han der og svevar med evig ståtiss?»
«Og ballongtryne. For kroppane deira, inkludert ansikta, svulmar opp på grunn av omfordeling av kroppsvæskene. Omtrent som når astronautar som tilbringer fleire månader på romstasjon blir litt oppsvulma i ansikta. Eller når folk som går på visse medisinar får måneansikt. Dei ser tjukke ut, rett og slett. Og spesielt dei på Håkonsvern med Å. Derav kallenamnet ‘ballongtryne’.»
«Interessant.» Karl noterer so det metaforiske blekket sprutar (han bruker ein trykkblyant). «Korleis får dei mat? Korleis skit og tissar dei?»
«Mat får dei intravenøst. Dei kan jo ikkje bevege seg. Dei kan ikkje so mykje som lee på ein muskel. Kroppen er fullstendig lamma, og fullstendig avslappa på grunn av dei særs kraftige medisinane dei får intravenøst. Og det skjer interessante ting med ein kropp som ikkje blir påverka av tyngdekrafta. Urin og avføring kjem seg ikkje ut naturleg. Difor har dei alle ein butt-plug i endetarmen som ømt og kjærleg syg avføring ut og dannar den om til væske. Personalet treng berre å opne ventilen, so strøymer vassen avføring ut, saman med store mengder gass. Dei kan nemleg heller ikkje fise.»
«Kva med urinen?»
«Spesialkateter som særs ømt og kjærleg syg urinen ut av urinrøyret. Men dei bruker eingongskateter, sidan permanente kateter med sugeevne rett og slett ikkje finst. Men det skal visstnok vere ei særs behageleg oppleving for Ballongtryna, iallfall når blæra er sprengfull og dei har venta på å bli ‘tømt’ ganske lenge.»
«Hmm, korleis veit dei at det er behageleg for pasientane? Kan dei snakke?»
«Nei, dei er stumme og lydlause. Dei kan ikkje eingong feste blikket. Auga går i kryss. Muskulaturen er jo lamma og utanfor deira kontroll. Alt er sannsynlegvis ein behageleg døs. Men deira subjektive oppleving av tilstanden får vi fyrst vete viss dei gjenvinn taleevna.»
«Viss?»
«Eksperimentell teknologi. Vi veit absolutt ingenting om langtidsbiverknadene. Akkurat som covid-‘vaksinane’.» Ho flirer søtt og nusseleg. So tek ho opp mobilen sin. «Eg har forresten eit bilete av eit av Ballongtryna som kjelda mi tok før dei oppdaga kva han dreiv med.»
Karl ser på biletet. Ein tjukk, oppsvulma, hårlaus mannekropp ligg i lause lufta og skrevar, omringa av skiljeveggar med nedtrekkbare gardiner i ein ubestemmeleg, grågrønblå farge. Ansiktet er trillrundt, og i øyra skin det noko som ser ut som perleøyredobbar. Rundt halsen ligg det ein krage, truleg for å stabilisere eit nakkebrot. Armar og bein er bandasjerte. Penis står rett ut, struttande og sprengjeferdig. Testiklane er enorme, truleg på storleik med fotballar, og med ein blåleg farge. Auga står i kryss. Munnen, som ser liten ut i det oppsvulma trynet, er halvopen.
«Han her har vore vektlaus sidan april i år,» seier Josefine.
«Dæven.» Han gjev ho tilbake mobilen, synleg utilpass. «Det er sikkert eit dumt spørsmål, men hender det nokosinne at det går for dei, sidan dei alltid er erigerte?»
«Nei, det er umogleg. Ingen kroppsvæsker kjem seg ut av seg sjølv, heller ikkje kjønnsvæsker. Det finst ingen måte å hente ut sæd anna enn på gamlemåten, og muskulaturen som pumpar sæden ut fungerer heller ikkje i den tilstanden. So dei er sannsynlegvis fanga på randa av orgasme, på randa av medvit, på randa av den mørke, tåkete skiljelinja mellom fornuft og galskap. Kanskje er dei i himmelen, kanskje er dei i helvete. Det får vi sannsynlegvis vete om 60 til 100 år. Alt er jo hemmelegstempla, og berre dei som jobbar på Håkonsvern med Å, i den amerikanske djupstaten og ei handfull forskarar ved universitetet i Arkhangelsk veit kva som skjer der.»
«Vel, vi får håpe dei er meir i himmelen enn i helvete.»
«Ja, og dei får jo godt betalt òg.»
«Hmm, får dei betalt?»
«83 000 skattefrie kroner i månaden, rett inn på konto. Går noko gale, blir dette erstatninga deira. Anten til dei sjølve eller til deira etterlatne. Djupstaten spanderer.» Eit kaldt, halvironisk smil. «Vel.» Ho ser på klokka på mobilen. «Eg må stikke. Folk er ute etter meg.»
«Ute etter deg? Kva har du gjort no, då?»
«Eg rømde frå Sandviken for ei tid tilbake, då heile gjengen vart flytta ut til Edvard Grieg-hotellet i nærleiken av Flesland. So no ligg eg lågt i terrenget. Men dei finn meg aldri, eg er mykje smartare enn dei. No skal eg hive meg i bilen og køyre nordover til Sogn og Fjordane. Det blir middag og julehandel i Førde.» Ho reiser seg.
«Greitt, køyr forsiktig. Øh, forresten?» Ho ser merksamt på han med dei søte dådyrauga. «Likar du yoga?»
«Ja, det hender eg tek meg ei økt når eg vil ha lange, intense orgasmar.» Ho ser intrigert på han. «Likar du yoga?»
«Hehe, på ingen måte. Eg er jo mann.»
«Greitt, vi snakkast ein gong i framtida.»
Josefine sitt blonde hovud forsvinn raskt og kalkulert i folkehavet. Karl gnir seg på haka. Dama kler faktisk å vere blondine, for av og til er det ein god strategi å få fienden til å tru at ein er dummare enn ein er.
