Cassie B. i Natural News rapporterer:
Regjeringar har konspirert med hovudstraumsmedia og sosialmedie-plattformer ganske lenge no i eit forsøk på å kontrollere narrativet, der dei sensurerer opponerande synspunkt på alt frå covid-19 til transkjønnsideologi. Derimot meiner journalist Glenn Greenwald at vi burde vie meir merksemd mot ein særs spesifikk type sensur: vestleg sensur av Russland.
I ein samtale med Tucker Carlson påkalla han merksemd rundt måten Vesten har kriminalisert det å gje russiske medieformidlarar ei plattform. Det er ein stor skilnad frå Den kalde krigen, då hovudstraumsmedieformidlarar slik som New York Times jamleg publiserte talar som vart gjevne av sovjetleiarar som Nikita Khrusjtsjov og Leonid Bresjnev.
Han sa til Carlson: «No er det i praksis kriminalisert.»
Han peikte på kor openbert dette var då konflikten mellom Russland og Ukraina fyrst eskalerte i februar 2022. Han sa: «Eit av dei fyrste stega [EU] tok juridisk sett, var å forby å gje plattform til, å kriminalisere det å gje plattform til russiske media, slik som RT og Sputnik. Dei gjorde det til eit brotsverk, og YouTube fjerna dei straks fordi dei ikkje ville at borgarane deira skulle høyre nokon som helst informasjon frå det russiske perspektivet.»
Dette plasserer oss i ein ufordelaktig situasjon ved å hindre oss i å få ei betre forståing av synspunkta deira, seier han.
«Eg meiner, de kan hate Russland, de kan tru Russland er vonde, de kan meine kva de vil om Russland, men kvifor ønskjer de ikkje å høyre frå den andre sida?» spurde han.
Carlson sa seg einig, og sa at ein tale han høyrde frå den russiske presidenten Vladimir Putin der han erklærte sin militæroperasjon var særs innsiktsfull. Han sa at dei fleste amerikanarar ikkje er klare over kva Putin tenkjer, og han forstår ikkje kvifor folk ønskjer å forbli uvetande.
Greenwald og Carlson konkluderte at dette, i det minste delvis, er på grunn av det faktum at «propaganda fungerer».
Russiske statlege media mål for sensurkampanjar
Medieformidlaren RT har blitt skildra av det amerikanske utanriksdepartementet som ein større del av Kreml sin propaganda- og desinformasjonskampanje og vart blokkert i Den europeiske unionen og Canada i 2022. derimot dukkar gjengjevingar av deira artiklar opp på talrike andre nettsider, og der har vore eit orkestrert forsøk på å prøve å stoppe dei frå å spreie bodskapen sin.
Seniormedlem i det tyske Marshall-fondet Bret Schafer sa: «Det var temmeleg openbert då vi køyrde dei same søkjeresultata i EU, at dersom russisk propaganda ikkje dukkar opp på russiske domene, kjem det seg gjennom, noko som er ei form for dobbel katastrofe fordi dei ikkje berre omgår restriksjonar og forbod, dei gjer det på sider som er mindre transparente enn sjølve RT.»
YouTube blokkerte generell tilgang til alle kanalar som er tilknytt RT, og har teke steg for å fjerne det dei hevdar er «skadeleg feilinformasjon».
RT erkjende i ei melding at innhaldet deira ikkje følgjer «partilinja til det amerikanske utanriksdepartementet og NATO», men er glade for å høyre at innhaldet deia når ulike plattformer og brukarar.
I september sa Facebook-eigar Meta at dei kom til å forby RT saman med Rossiya Segonya [«Russland i dag»] og andre russiske statlege medieformidlarar frå alle plattformene sine, som inkluderer WhatsApp og Instagram, på det grunnlag at dei visstnok bruker svikefulle taktikkar for å utføre påverknadsoperasjonar på nettet.
«Etter nøye vurdering utvida vi vår noverande handheving mot russiske statlege medieformidlarar. Rossiya Segodnya, RT og andre relaterte organ er no bannlyste frå appane våre globalt på grunn av utanlandsk forstyrringsaktivitet,» skreiv sosialmedieselskapet i ei melding.
I mellomtida sa den amerikanske utanriksministeren Anthony Blinken at verda burde behandle aktivitetane til RT på same måte som om dei var skjulte etterretningsoperasjonar.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
