Tysk journalist risikerer fengsel på grunn av memes som gjer narr av minister

Didi Rankovic på nettstaden Reclaim the Net rapporterer:

Den tyske journalisten David Bendels risikerer å ende opp i fengsel og har allereie fått ordre om å betale ei diger bot for å dele satiriske memes, inkludert ein der innanriksminister Nancy Faeser «står og held» eit skilt der det står «Eg hatar ytringsfridom».

Faeser, som av motstandarar blir sett på som ein tenesteperson som er for sensur, kasta ikkje vekk tida på å bevise poenget i memen: ho leverte inn strafferettsleg klage på Bendel, som er redaktør for nettstaden Deutschland-Kurier.

Faeser «distingverte» seg sjølv ved å prøve å stengje ned tidsskriftet Compact, som er høgreorientert, og som difor er ein ideologisk «fiende» av herskarklassen i Tyskland.

Bendels vart skulda for «ærekrenking» på grunn av fleire memar som vart lagt ut på X. Ein domstol sa seg einig med Faeser og valde å bøteleggje Bendels, og dersom påtalemakta vel å følgje saka vidare, kan han òg risikere å hamne bak murane.

Bendels reagerte ved å seie at trekket til Faeser berre var nok eit åtak på den frie pressa og ytringsfridommen, at memane openbert berre var det – memar, som brukte satire for å kritisere ein statleg tenesteperson. Journalisten formidla òg at han kom til å kjempe tilbake i retten, og sa at dommarane agerte politisk, der dei tok staten si side mot media.

Sjølv om ein av reaksjonane på alt dette kom frå X-eigar Elon Musk, som kommenterte «Dette er galskap» – ser der ut til å vere «system i galskapen».

Nemleg det at Deutschland-Kurier står saman med det konservative opposisjonspartiet AfD, som etter å ha auka i popularitet har blitt utsett for eksplisitt eller implisitt press mot både medlemmer og støttespelarar.

Og, ifølgje reportasjar, er domstolane ikkje so effektive som dei har vore i Bendels sitt tilfelle når det gjeld valdelege åtak mot AfD-politikarar, som skal seiast å skje ofte, og bli utført av gjerningspersonar med venstreorienterte synspunkt.

Eit av desse åtaka hadde som mål Andreas Jurca, ein medlem av statsparlamentet i Bayern og med i AfD. Og eit av memane som Bendels vart staffeforfølgt for, viser den brutalt angripne Jurca «omringa» av president Steinmeier, sjefen for det tyske innanriks-spionbyrået Haldenwang, og Faeser – der dei to fyrstnemnde «held opp» balltre som openbert er fotoredigert inn i hendene deira, noko som antydar deira politiske ansvar.

Men Faeser valde å ta dette bokstavleg og saksøkje.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget