Lance D Johnson i Natural News melder:
Det kan kanskje kjennast ut som æraen med nedstengingar og medisinsk tyranni ligg bak oss, men verdsleiarar har andre tankar. Faktisk ser medlemmer i World Economic Forum, Verdas helseorganisasjon og FN på pandemiske nedstengingar som ei «øving» for framtidige «klimanedstengingar».
Desse individa, som trur dei kan herske over befolkninga og diktere liva til folk, påstår at globale nedstengingar var «positive» for miljøet fordi karbonutslepp fall med 5,4% under periodar med inaktivitet. For å oppnå Null netto-karbonutslepp og hindre verda frå å gå over «karbonstupet» innan 2030, føreslår desse globalistane behovet for mellombelse nedstengingar og meir, meir diskret kontroll av økonomi og energi for å redde planeten og beskytte oss alle mot global katastrofe. Derimot er desse globale planane i røynda berre skjulte planar for overføring av rikdom som trugar menneskerettar, lover og reglar, energi-uavhengigheit, nasjonal matsuverenitet og framstega og veksten til sivilisasjonen.
Covid-nedstengingar var ei prøvekøyring for andre totalitære globale kontrollmetodar
Covid-nedstengingane vart til slutt avslørt å vere katastrofalt mislykka, og oppnådde ingenting når det gjaldt å beskytte folkehelsa, medan dei knuste økonomiar over heile verda. Likevel er det non tydeleg at restriksjonane under pandemien aldri eigentleg handla om folkehelsa i det heile. Snarare var dei ein måte å teste terrenget for meir omfattande kontroll over økonomiar, mat, energi, familiestorleik, sivile rettar og personlege fridommar.
Ta til dømes Det internasjonale pengefondet (IMF), som har openlyst antyda at, for å møte globale klimamål, må økonomisk aktivitet og karbonutslepp avgrensast langt meir aggressivt enn under «pandemien». IMF sitt krav om global klimahandling gjer det tydeleg: vegen til «netto null»-utslepp kan kanskje ikkje kome gjennom direkte nedstengingar, men gjennom å innføre skjulte nedstengingar via karbonavgifter. Desse øydeleggjande handlingane vil òg leggje bremser på økonomisk aktivitet utan å nokosinne formelt stengje ned industriar.
Desse karbonavgiftene vil tilsvare det å heve rentesatsar i ein inflatorisk økonomi – straffetiltak som til slutt fører til redusert økonomisk output. Effektane av slik ei indirekte økonomisk nedstenging vil bli øydeleggjande, spesielt for i-land. Energimangel, mat-utryggleik, omfattande tap av arbeid og økonomisk kollaps kjem til å følgje, der den vestlege verda ber mesteparten av børa. Men det verkelege målet er tydeleg: ein tvinga reduksjon av forbruk og økonomisk aktivitet, som fører til vidare restriksjonar i familievekst, og til slutt målet om å omfordele rikdom til den globale eliten.
Klimanedstengingar vil bli meir kalkulerte
Mariana Mazzucato, som sit i FNs rådgjevande høgnivåråd for økonomiske og sosiale affærar og som leiar i Verdas helseorganisasjon sitt Råd for helseøkonomi for alle, lufta openlyst konseptet klimanedstengingar som eit naudsynleg mål for å kjempe mot global oppvarming. Mazzucato, som òg er ein agenda-bidragsytar til WEF, føreslo drakoniske restriksjonar på menneskeleg aktivitet, slik som å forby bruk av private køyretøy, forby det å ete raudt kjøt, og handheve ekstreme energisparande tiltak. Ho argumenterte at fossildrivstoff-selskap burde stoppe all boring. Ho rettferdiggjer dette sentral-kontrollerte kaoset ved å hevde at ein klimakatastrofe står på dørene med mindre «drastisk» handling blir iverksett.
Ved å bruke klimafryktpropaganda for å dominere verda, gjev globale leiarar utilsikta innsyn i den sentrale planlegginga bak covid-19. For å fabrikkere ei krise krevst det vedvarande terror og propaganda og ein appell for sentralstyrt kontroll som løysinga på den fabrikkerte krisa.
Covid-19-nedstengingar skapte økonomisk uro som førde til massetap av arbeid, og forårsaka alvorlege forstyrringar i forsyningskjedar. Ei massiv overføring av rikdom fann stad under hysteriet. Befolkningar fann seg sjølv desperat leitande etter toalettpapir, sette lufta i halsen, og trygla autoritetsfigurar om å få fridom til å forlate sine eigne heimar. Det økonomiske etterspelet var ein stagflasjonær krise som mange framleis lid av i dag. Under desse fabrikkerte krisene dreiv den globale eliten ikkje berre og leikte seg med idear om folkehelse og tryggleik, men òg det å venne folket til ein stadig meir autoritær stat der fridom og personlege val blir underordna globalistiske mål.
Desse nedstengingane var berre ein modell for framtidige klimanedstengingar. Med hennar eigne ord erklærte Mazzucato at klimaendrings-, helse- og økonomi-krisene heng saman. Målet med desse samanknytte «krisene»: ein global rekonstruksjon av økonomiske strukturar og ein radikal overgang frå kapitalisme, med klimanedstengingar og karbonavgifter som eit av primærverktøya. Under denne totalitære visjonen vil sosial straff bli påført befolkningar som er sett på som uviljuge til å redusere sine karbon-output.
Det som blir stadig meir openbert er at klimaagendaen, med sine krav om karbonavgifter, økonomiske restriksjonar og drastiske sosiale tiltak, handlar mindre om å beskytte miljøet og meir om sentralisering av rikdom og kontroll. IMF og andre globalistiske institusjonar er ikkje opptekne av å redde planeten – dei er fokuserte på å omforme den globale økonomien og omfordele rikdom på ein måte som konsoliderer makta i hendene på nokre få elite-organisasjonar.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
