Dette er det framtida fører med seg om vi ikkje vaknar

Av Michael Delavante. Innlegget er henta frå Vaken.se.

For å forstå notida må me kjenna fortida og for å «føreseia» framtida må me kjenna notida.

Det sikraste som kan seiast om spådommar er at dei vanlegvis ikkje viser seg å vera sanne. Men ved å studera menneskenaturen, analysera trendar og ulike veksande sosiale fenomen, kan me byggja meir eller mindre fornuftige hypotesar om kvar samfunnet er på veg.

I denne artikkelen vil eg lista opp korleis samfunna i Vesten, og spesielt Sverige, vil sjå ut om 10 til 20 år.

La oss inderleg håpa eg tek feil.

Alle fysiske pengar, som setlar og myntar, høyrer fortida til. Styresmaktene har no full kontroll over alle transaksjonane dine og kan suspendera kontoen din viss du viser støytande åtferd eller uttrykkjer «feil» meiningar.

Kritikk av religionar eller religiøs praksis vil bli klassifisert som hets mot ei gruppe menneske og føra til store bøter eller fengsel.

Oppmodingar til bønn vil vera sjølvsagt i alle svenske byar.

Den politisk «korrekte» Woke-industrien har no vorte ein religion og folk vil saksøkja kvarandre viss dei kjenner seg støytt av «feil» synspunkt.

Hudfarge, kjønn og «rett» ideologi vil vera viktigare kvalifikasjonar enn utdanning og kunnskap.

Klimaalarmisme er no offisielt ein religion, og alle som ikkje abonnerer på den vil bli frosen ut, sparka og klassifisert som persona non grata.

Med tilvising til «klimatrusselen» vil privatbilkøyring bli forboden for alle bortsett frå den regjerande eliten.

Vanleg influensa vil bli klassifisert som epidemiar og epidemiar vil bli klassifiserte som pandemiar.

Det blir innført obligatorisk vaksinasjon, og berre dei som viser vaksinasjonskort skal få jobba, opphalda seg utandørs og reisa. Dei som nektar eller av helsegrunnar ikkje er vaksinerte, blir sette i karantene.

Talet på personar diagnostiserte med ADHD og autisme vil auka eksponentielt.

Talet på personar diagnostiserte med kjønnsdysfori vil auka eksponentielt. (Det er ein samanheng med det som er skildra ovanfor og den konseptuelle forvirringa som blir påført barn.)

Ingen vil lesa bøker (med unntak av ein liten minoritet av kvinner). I staden ser dei fleste berre gjennom korte overflatiske og propagandistiske oppslag på skjermane sine.

Eit fleirtal av dei som er unge no vil trenga briller på grunn av skjermbruk.

Eit fleirtal av dei som er unge no vil ha nedsett høyrsel på grunn av hamring på trommehinnene via hovudtelefonar og øyreproppar.

Helsevesenet har for lengst kollapsa. Dette gjeld både fysisk og psykisk omsorg. Dei som ikkje har råd til privat omsorg må leva sjuke eller døy for tidleg. (Delvis som følgje av at så få jobbar i helsevesenet og ei stadig meir aldrande befolkning som treng hjelp, men framfor alt på grunn av den enorme auken i psykisk og fysisk uhelse blant ein generasjon oppvaksen på brus, fastfood og som sit stille framfor skjermar.)

Som følgje av overfylte psykiatriske klinikkar og manglande innsikt i betydninga av ernæring, sovevanar og trening for psykisk helse, vil sjølvmord auka.

Enorme migrasjonsbølgjer til Europa vil gi eit gigantisk løft til høgreekstreme parti samtidig som venstresida har delt seg i to fløyar: Ein pragmatisk, som (altfor seint) innsåg at eit systemkollaps og anarki er uunngåeleg utan lukka grenser, og ein utopisk ein som allierte seg med islamistar for å byggja «paradis» på jorda via ein symbiose mellom sosialisme og sharia.

Den galopperande gjengkriminaliteten har no vorte ein tornado som har teke store delar av Europa og framfor alt Sverige som gissel.

Inngjerda område (såkalla gated communities) har lenge vore sjølvsagt fordi det har vorte rutine for kriminelle å raide velståande hushald for verdisaker.

Som følgje av at politiet i aukande grad mistar kontrollen og jungellova rår, er ingen trygge og borgargarden vil dannast, før borgarkrigsliknande konfliktar oppstår.

Med tilvising til den ekstreme valdskriminaliteten som har fått veksa i fleire tiår, vil innføringa av CCTV bli innført på kvart gatehjørne og føra til ein politistat. Ei lenge skremd og uopplyst befolkning vil ta imot dette med opne armar.

(Alle som vågar å spekulera i at dette var planen frå byrjinga, vil bli diagnostisert som ein paranoid konspirasjonsteoretikar og lagd inn på intensivavdeling for «vrangførestillingane» sine.)

George Orwells bøker er totalt forbodne, og den som brenn dei offentleg vil bli hylla og tildelt prisar for sine fine verdiar.

Omsett av K.O. for Saksyndig.

Kommenter innlegget