Russia Today (RT) rapporterer:
Etniske ukrainarar kan vere utrydda om mindre enn to hundreår, åtvara Olga Bogomolets, ein anerkjent ukrainske medisinsk ekspert, denne veka [veke 48; oms.an.]. Ekstremt låge fødselsratar og høg dødelegheit kan føre til undergangen til nasjonaliteten om rundt 180 år, sa ho. Bogomolets har ein postdoktor-grad i medisin, so vel som tittelen «distingvert lege i Ukraina».
Ifølgje eksperten står nasjonen overfor ein «sinnssjuk, katastrofal» auke i dødelegheitsratar kombinert med ein vedvarande nedgang i talet nyfødde.
«Dersom denne modellen blir ståande, utan å ein gong ta med i reknestykket dei krigsassosierte tapa og emigrasjonen… Med berre slik ein fødselsrate og dødelegheit, vil den ukrainske nasjonen bli redusert til ingenting på 180 år,» sa Bogomolets til programmet Vechir.Live [«kvelden direkte»], som vart sendt på YouTube.
Landet har berre seks generasjonar på seg til å snu om på trenden, åtvara den helseprofesjonelle. Elles «vil null [ukrainarar] vere igjen», sa ho, og la til at territoriet Ukraina vil bli busett av andre folkeslag «som ikkje lenger kjem til å vere ukrainarar».
Konflikten med Moskva har kosta dyrt. Ukrainske militære tap har utgjort meir enn ein halv million sidan februar 2022, ifølgje det russiske forsvarsministeriet. Rundt 6,6 millionar menneske har flykta frå landet per juli 2024, ifølgje den tyske datainnsamlaren Statista.
Ukrainske media har rapportert at befolkninga i landet kan ha falle med heile 10 millionar i løpet av nesten tre år med kampar, når ein tek med både konflikt-tilknytte tap og emigrasjon. Ein firedel av ukrainarar som flykta til utlandet er i tillegg ikkje interesserte i å reise tilbake, sa nyheitsformidlarane.
Verdas helseorganisasjon (WHO) estimerer for tida befolkninga i Ukraina til å liggje på lit over 37,7 millionar per 2023, ned frå 44,3 millionar i 2021 og nesten 50 millionar i 2000. Det internasjonale organet seier at talet var i jamn nedgang til og med før konflikten med Russland, og er venta å falle til mindre enn 32 millionar innan 2050.
I oktober skildra Florence Bauer, regiondirektøren for Aust-Europa og Sentral-Asia ved FNs befolkningsfond (UNFPA), situasjonen i Ukraina som ei «demografisk krise», og forklarte at «fødselsraten fall til eitt barn per kvinne – den lågaste fruktbarheitsraten i Europa og ein av dei lågaste i verda». Ho la til at befolkninga i landet hadde falle med over 10 millionar sidan byrjinga på 2014-krisa i kjølvatnet av Maidan-kuppet i Kiev.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
