Leiar i NIH innrømmer på skjult kamera at covid-19-«vaksinar» har tvilsam effekt og at reglar om sosial avstand var «oppdikta»

Cassie B. i Natural News melder:

O’Keefe Media Group har akkurat publisert ein ny skjult kamera-video, og atter ein gong har dei teke nokon i ein maktposisjon i å kome med overraskande innrømmingar.

I dette tilfellet gjeld videoen Raja Cholan, sjef for Det amerikanske nasjonale medisinbiblioteket si grein for helsedata-standardar [engelsk tittel: U.S. National Library of Medicine Chief of Health Data Standards Branch], som faktisk sa mange av dei tinga som mange konservative sa under heile pandemien – og vart sensurerte på sosiale media som eit resultat av det.

Cholan si avdeling ligg under National Institutes of Health (NIH), og han delte sine tankar om pandemien, vaksinar og sosial avstand med ein undercover-journalist som gav seg ut for å vere på stemnemøte med han. Han jobbar for National Library of Medicine, som er det offisielle helsebiblioteket i landet og har ansvar for elektronisk katalogisering og PubMed-appen som gjev medisinske studiar frå tiddskrift til folket. Dei oppsummerer òg kliniske forsøk og analyserer visuelle helsedata.

Han sa til journalisten at han ikkje heilt forstår det byråkratiske aspektet til jobben sin, men han er ein folkehelseekspert med leiaransvar for 40 tilsette. Då ho [journalisten] sa til han at ho har ein familiemedlem som er imot vaksinar, opna han seg for ho om farane.

Han sa: «Eg burde truleg ikkje seie dette høgt. Eg har ikkje teke dei siste covid-sprøytene, og eg kjem ikkje til å gjere det heller… der er blanda evidens om dei eigentleg gjer noko i det heile.»

Han sa òg til ho at folk under 30 har ein høgare risiko for hjartesjukdommar, og dataa støttar det.

«Eg veit ikkje eingong om desse vaksinane hindrar dykk i å få covid. Dei gjer ikkje det,» la han til.

Han sa at han trur at folk flest som jobbar i føderale helsebyrå verkeleg ønskjer å hjelpe menneske, men dersom det viser seg at folk slik som den tidlegare direktøren i National Institute of Allergy and Infection Diseases, dr. Fauci faktisk finansierte skapinga av covid-19-viruset, burde dei bli haldne ansvarlege.

Han nemnde òg reglar om sosial avstand, der det heitte seg at standarden på seks fot [1,83 meter; i Noreg var det éin eller to meter avstand som gjaldt, alt etter; oms.an.] «ikkje var basert på nokon eigentleg evidens for at det gjorde noko – det var fullstendig oppdikta.»

(Sjå òg «Trumps tidlegare Covid-19-rådgjevar innrømmer at ho og Fauci dikta opp ‘vitskapen’ bak sosial avstand og nedstengingar», publisert 27.juli 2022, og «NIH-direktør Francis Collins innrømmer at pandemisk regel om sosial avstand IKKJE var basert på vitskapleg evidens i det heile», publisert 24.mai 2024.)

Då journalisten spurde han om mRNA-vaksinar er trygge, sa han at dei definitivt aukar risikoen din for myokarditt. Pfizer og Moderna tener mykje pengar på alle desse vaksinepåboda, peikte han på, og dei drog nytte av fortgangen i godkjenninga av dei.

«Eg trur vi alle kjem til å få vete om [farane med covid-vaksinen] når det er for seint,» sa han.

Han la til at han funderer på om dersom han mest sannsynleg vil få viruset likevel og klare seg heilt fint, kvifor ta risikoen til vaksinane med i reknestykket?

Enkelte tilsette prøver å lure seg unna FOIA-førespurnader

I tillegg kom han med ei interessant innrømming om Freedom of Information Act (FOIA) då han forklarte det til daten sin. Han sa at av og til får folk ved desse byråa instruksar om å med vilje stave feil visse sensitive ord slik at dei ikkje dukkar opp i søkjeresultata når dei svarer på FOIA-førespurnader.

Tidlegare i år innrømte National Institutes of Health at dei finansierte gain of function-forsking på den staden der ein no trur at covid-19-pandemien hadde sitt opphav, Wuhan sitt institutt for virologi, noko som er direkte i strid med det Fauci tidlegare sa under eid om at han ikkje hadde noko med det å gjere. Fauci og andre ved NIH skal ha motteke betydelege pengesummar frå farmasøytiske selskap frå covid-19-vaksinar.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget