Russisk senator: EU har blitt om til «krigsunion»

Russia Today (RT) formidlar:

Den europeiske unionen har forvandla seg til ein «aggressiv politisk blokk» og ein «krigsunion», har visepresidenten for det øvre kammeret i det russiske parlamentet, Konstantin Kosachev, sagt.

Senatoren kritiserte EU i eit Telegram-innlegg tysdag, og peika på støtta blokka hadde til uroa i Georgia, som har vorte ramma av masseprotestar mot regjeringa og pro-EU.Uroa har gått føre seg sidan torsdag, då statsminister Irakli Kobakhidze kunngjorde at han ville stoppa tiltredingssamtalane med blokka til 2028. Han skulda Brussel for vedvarande «utpressing og manipulasjon» av Georgias indre styre og stell for å rettferdiggjera avgjerda.

«Dei første molotovcocktailane vart kasta av demonstrantar mot georgisk politi omgåande etter at EUs nye utanrikspolitiske sjef, Kaja Kallas, offentleg kalla protestane til folkemengda legitime og svaret frå styresmaktene – ulovleg,» skreiv Kosachev.

Visetalaren refererte tilsynelatande til kommentarar frå Kallas under besøket hennar i Kiev, der ho trua Georgia med «konsekvensar» og openlyst tok partiet til demonstrantane.

«Det er klart at bruk av vald mot fredelege demonstrantar ikkje er akseptabelt, og den georgiske regjeringa bør respektera det georgiske folkeviljen,» sa ho.

Medlemmer av utanrikstenesta til blokka opptrer som «oppviglarar» til uroa, ifølgje den russiske lovgivaren. Kosachev hugsa Capitol Hill-opprøret i USA i 2020, og uttalte at EU heldt taus om det på det tidspunktet og ikkje nemnde nokon «borgarars rett til å protestera.»

Blokken har vakse ut av den opphavlege økonomiske samarbeidsramma si til ei «aggressiv politisk blokk med militære disposisjonar,» som fungerer som den viktigaste splittande krafta i Europa, sa Kosachev. «Den moderne europeiske unionen er hovudfaktoren for å splitta Europa og provosera fram konfliktar. [Det er] ein krigsunion, understreka han.

Omsett av K.O. for Saksyndig.

Kommenter innlegget