Nettstaden Remix News rapporterer:
Ein syrisk familie har utført ei ekstraordinær mengd kriminalitet i den tyske byen Stuttgart, og sete politi og juridiske styresmakter i sjakkmatt når det gjeld korleis dei sal handtere denne noverande krimbølgja. Totalt er den utvida syriske familien ansvarleg for minst 154 brotsverk, medan familieoverhovudet, 43 år gamle Adb Almudy H., som òg er ein hardbarka kriminell, skulda det tyske Ungdomsvelferdskontoret for brotsverka, og hevda at byrået «skjemte bort barna hans».
Ein av dei yngste kriminelle i familien er 17 år gamle Khalil H., som har utført 34 brotsverk på berre to og eit halvt år. Han sonar no fengsel utan vilkår etter at han brutalt stakk ned ei ung kvinne. Derimot har han tre brør som òg er i fengsel. I den nylegaste saka på onsdag førre veke, utførde 21 år gamle Mufed to valdelege ran i sentrum av Stuttgart med berre nokre minutts mellomrom. Han er skulda for å truge to jenter, begge 16, med ein boksopnar, for so å stele telefonane deira, ifølgje Bild.
Han truga deretter ei anna ung kvinne med ein boksopnar og kravde å få telefonen hennar, men lykkast denne gongen ikkje då ho gjorde motstand. Han vart arrestert etter at ein lokal politipatrulje vart varsla.
Mufed hadde sleppt ut av fengsel berre to og ein halv månad tidlegare etter å ha sona tre år i ein forvaringsfasilitet for ungdom, ifølgje tidsskriftet Focus. Trass den massive krimbølgja blant familiemedlemmene er «utsending for tida ikkje mogleg», ifølgje styresmaktene.
Den totale mengda brotsverk for familien på 16 personar kom fyrst fram i lyset etter ein parlamentarisk førespurnad frå Alternative für Deutschland (AfD), som so vart offentleggjort av det tyske innanriksministeriet i Baden-Württemberg. Dataa viser at familien har utført 47 fysiske overfall, 11 trugslar, to ran, tre ran-relaterte tjuveri, eitt tilfelle av smugling av utlendingar, og nyleg har tiltalar for drapsforsøk òg blitt lagt til. Der er ymse mindre alvorlege brotsverk på rullebladet til familien. Dette er derimot berre dei brotsverka familien faktisk har blitt teken i å gjere.
Familien er so berykta på noverande tidspunkt at dei openlyst snakkar med pressa om sine kriminelle karrierar. Til dømes snakka Mufed, so fort han sleppte ut av fengsel, med Bild og sa: «Eg var i fengsel i tre år for forsøk på alvorleg lekamskrenking og andre ting. Eg måtte sone heile dommen fordi eg hadde problem med medfangane mine.»
Mufed sa Bild at han ønskte å utdanne seg til sjukepleiar med spesialisering i geriatri, men i staden har han forårsaka skade og kaos kor enn han har sett sine bein – han sa: «Eg kom til Tyskland i 2018 og har gjort mange feil sidan den gongen. Eg skadde ein politibil. Og eg drog til alle som var uhøflege mot meg på gata.»
Krimsagaen til familien speler seg ut på nettsidene til tyske media, men ulikt enkelte andre organiserte krimgrupper i Tyskland, ser ikkje familien ut til å vere nemneverdig sofistikerte; ofte tek dei rett og slett del i ran og knivstikking på høglys dag som fører til at dei raskt blir pågripne.
Broren til Mufed, 19 år gamle Edo, står for tida tiltala for drapsforsøk etter at han stakk ned tre personar i ein knivkamp i 2023, som førde til at dei vart alvorleg skadde. Han er allereie i fengsel for andre brotsverk, men skal etter planen i retten i Stuttgart saman med tre andre tiltala.
Faren, Adb Almudy H., har òg snakka med Bild, og sagt til journalistar at dei kom frå Aleppo i 2015 under migrasjonskrisa. Han sa at ei av hans to koner døydde på reisa til Tyskland, sjølv om dette er vanskeleg å verifisere.
Mannen har ei rekkje barn, og til og med dei yngste er allereie vordande kriminelle.
«Eg har 13 barn,» skryter han. Han sa at det tyske Ungdomsvelferdskontoret har skulda for deira massive kriminelle rulleblad.
«Sønene som no er i fengsel vart alle plasserte i heimar av Ungdomsvelferdskontoret utan mobiltelefonar. Men der lét dei dei unge menneska røykje marihuana. Det er difor dei hamna i vanskar,» sa han. Han skulda kontoret for å «skjemme bort» barna hans.
Når det gjeld hans 12 år gamle son Ali, som er ein kjenning hjå politiet, sa faren: «Han kjøpte berre brød i ein arabisk supermarknad. Politiet stoppa han og fann ein vasspistol hjå han. Det er alt…» Om det er nok til å få rulleblad hjå styresmaktene, er nok heller usannsynleg.
Faren i denne krimklanen er òg, ifølgje Bild, ikkje sannferdig om sitt eige kriminelle rulleblad.
«Eg gjorde ingenting gale. Eg køyrde berre litt for fort med bil,» sa han.
Undersøkingane til Bild avdekte at han hadde 12 kriminelle dommar, og fleirtalet av dei var for valdelege brotsverk og trugslar.
Adb Almudy H. har gode ord om Tyskland, eit land der familien hans har gått amok med kriminalitet, og seier: «Det er veldig fint her. Alt som er her er betre enn i Syria. Berre ungdomsvelferdskontoret er dårleg.»
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
