Cassie B. i Natural News rapporterer:
Dr. Richard Urso snakka nyleg ærleg om enkelte av dei meir kontroversielle aspekta ved covid-19 og den globale responsen på pandemien, og kasta modig lys over emne som mange legar var – og framleis er – for redde til å nemne.
«Alt var ei løgn frå byrjinga av. Dei asymptomatiske menneska overfører ikkje smitte. Barn var ikkje bringarar av sjukdommen. Dei gjer det faktisk ikkje, ei er meir dei som bryt [overføringa av] sjukdommen. Nedstengingar var ein farse. Munnbind fungerer ikkje,» sa han.
Han kom òg med ein fargerik måte å skildre illusjonen om at munnbind hjelper til med å hindre spreiinga av viruset, der han seier: «Eg seier til folk, eg spøkjer stundom, eg seier munnbind ikkje fungerer. Akkurat som badedrakter hjelper til med å halde piss ute av bassenget. Dei er ikkje so veldig effektive. So det er ein av dei tinga som, de veit, var ein farse. So godt som alt dei sa var ein farse.»
Han snakka òg om covid-19-vaksinar, noko som har kosta enkelte legar autorisasjonen og deira profesjonelle rykte. Sjølv om det no har blitt pinleg openbert at desse vaksinane på mange måtar er like farlege som mange av oss opphavleg frykta, er emnet framleis altfor tabu blant medisinske profesjonelle når dei snakkar offentleg.
Dr. Urso sa: «Vel, om du ønskjer å øydeleggje immunforsvaret ditt, ta ein covid-19-vaksine. Det vil øydeleggje immunforsvaret ditt. Den blir spreidd i heile kroppen. Den kan ikkje bli broten ned fordi det er genetisk modifisert RNA. Der er kontaminantar, prosessrelaterte ureinheiter, som eg vanlegvis kallar dei, men kontaminantar for folk flest, som dei ikkje har fått ut av vaksinane.»
Han trekte òg merksemd til problem knytt til vaksinane, slik som hjarteinfarkt, slag og kreft, og siterte ein statistikk som sa at der var 40% fleire dødsfall i 2021 i aldersgruppa 18-64 år etter utrullinga av sprøytene.
I tillegg forklarte han korleis designet til vaksinane er ibuande feilslått, og at dei er i stand til å spreie kontaminantane og ureinheitene sine til hjernen, eggstokkane, testiklane og beinmergen.
Og ulikt mange legar som snakkar om dette no, men som ikkje var på langt nær so frittalande for få år sidan, har dr. Urso sagt desse tinga heile tida. Han sette sinna i kok hjå etablissementet då han kom med kommentarar på sosiale media under pandemien der han fremja bruk av hydroksyklorokin (HCQ). Han uttrykte òg tvil over effektiviteten til munnbind, og dukka opp på Fox News for å diskutere synspunkta sine. I tillegg var han til stade på arrangement med gruppa av fysikarar kjent som America’s Frontline Doctors, som delte informasjon med folket om korleis dei kan behandle viruset med alternative løysingar slik som vitamin og HCQ.
Lege vart gjenstand for klage til autorisasjonsstyret etter å ha ordinert HCQ til covid-19-pasientar
I 2020 avviste Texas Medical Board [det delstatlege autorisasjonsstyret; oms.an.] ein klage mot han fordi han skreiv ut hydroksyklorokin til covid-19-pasientar. Autorisasjonskontoret konkluderte at der ikkje var nok evidens for å bevise at han braut Medical Practice Act [lov om legepraksis; oms.an.], og etterforskinga deira avdekte at han var «sømeleg i omsorga og behandlinga si» av sine pasientar.
Sjølv om styret ikkje spesifikt nemnde HCQ i brevet sitt, hadde dr. Urso tidlegare hevda at han hadde blitt rapportert til dei for å bruke legemiddelet på covid-19-pasientar. Det er ikkje kjent kven som leverte klagen mot han.
Denne typen svertekampanje var vanleg då vaksinane kom ut, og vart brukt som ein måte å diskredittere dei som hadde motet til å gå mot statlege narrativ og Big Pharma og peikte på dei potensielle problema med å injisere kroppane våre med utesta vaksinar.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
