Nettstaden Remix News rapporterer:
Sjølv i tilfelle der ein mistenkt er ettersøkt for valdtekt, vil det tyske politiet ofte vente i fleire månader med å offentleggjere eit bilete, slik ei nyleg sak i Berlin illustrerer.
Berlin-politiet har venta i åtte månader etter eit valdtektsforsøk i Humboldthain-parken, der mannen valde seg ut ei kvinne 31.mars halv ni om morgonen.
Mannen møtte det kvinnelege offeret på offentleg transport, og begge gjekk av på Gesundbrunnsen S-bahn-stasjonen og gjekk saman til Humboldthain-parken.
På den staden la den mistenkte «kvinna i bakken og prøvde å utføre seksuelle handlingar med ho mot hennar vilje», ifølgje Berlin-politiet. På grunn av at kvinna gjorde motstand, greidde ho å kome seg laus og sleppe unna, rapporterer Berliner Zeitung.
Ho skildra mannen som 28 år gammal, slank, og berre tyrkisktalande. Ho merkte seg at han ikkje snakka tysk.
Politiet leitar framleis etter den mistenkte og har fyrst no valt å offentleggjere eit bilete av han.
I ei anna sak fekk ein svart mistenkt offentleggjort bilete av seg fyrst 11 månader etter at han prøvde å valdta ei kvinne i Darmstadt, Hesse. Politiet sa på den tida at han kan ha endra utsjånad sidan biletet vart teke.
Sjølv i tilfelle der ein mistenkt er regelrett dømt for mord, har tyske media tendens til å sensurere bilete av den dømde personen. Mange av dei mest hårreisande historiene inneheld utanlandske kriminelle, eit faktum støtta av kriminalitetsdata i landet. Ein artikkel Remix News publiserte denne veka handla om ein 24 år gammal mann, Hamza A., som vart dømt til livsvarig fengsel for mordet på 17 år gamle Malak i Menden, Tyskland. Tyske media nekta å vise bilete av den mistenkte trass at han vart dømt.
Medan media og politi hevdar dette er gjort for å beskytte identiteten til desse kriminelle, stoppar det ikkje dei same media frå å offentleggjere opplysningar om privatpersonar når politikken i saka passar dei. Den berømte videoen av tyske ungdommar som syng «Auslënder raus» (Utlendingar ut) på øya Sylt vart publisert utan nokon som helst sensur slik at heile landet kunne sjå den og kritisere den. Det er verdt å merkje seg at ingen av dei unge menneska i videoen, som saka har fått alvorlege offentlege og karriererelaterte konsekvensar for, var dømde for noko som helst brotsverk.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
