Ethan Huff i Natural News rapporterer:
Eit nytt legemiddel ved namn Bovaer lurer seg lett og leikent inn i den amerikanske matforsyningskjeda som ein måte å stoppe klimaendring, blir vi fortalt.
Storfekjøt- og mjølkekveg et legemiddelet, som er laga av DSM-firmenich – BlackRock er ein større aksjonær i DSM-firmenich, forresten – som del av eit forsøk frå Food and Agriculture Organization (FAO) [mat- og landbruksorganisasjonen] i FN for å minke dyremetan-utslepp og dermed seinke temperaturen på planeten.
Ideen vart klekt ut tilbake i 2006. FAO byrja med skremselspropaganda blant kveg som kasta ein «lang skugge» med flatulensen sin, som kjem ut temmeleg varm og stinkande til stor ergring for globalistane som fryktar at vêret kan bli for varmt dersom noko ikkje blir gjort for å leggje føringar på desse illeluktande avgassane.
Ein rapport som på den tida vart offentleggjort av FN hevdar at dyr er ansvarlege for 18% av drivhusgassane i verda. Det viser seg at dette talet vart trekt ut av ræva på ein okse, so å seie. […]
Dyrefisar er normale
Dr. Frank Mitloehner, ein luftkvalitetsspesialist i Avdeling for dyrevitskap ved UC Davis, seier at reporten og påstandane i den er vilt uriktige. Og FAO vart seinare tvinga til å innrømme at Mitloehner hadde rett.
«Eg lyt ærleg seie at han har eit poeng,» poengterte ein av forfattarane av studien om Mitloehner si oppdaging av at artikkelen berre såg på «eksosrøyr-utsleppa på bilar» heller enn å utføre «ei omfattande livssyklus-vurdering».
«Vi faktorerte inn alt for kjøtutslepp, og vi gjorde ikkje det same med transport – vi brukte berre talet frå IPCC…»
Forskarane innrømmer no at medan dei riktig nok utførde ein komplett livssyklus-analyse av kjøt, og tok med i reknestykket både direkte og indirekte utslepp, var den einaste tingen dei faktorerte inn når der gjaldt transport av kjøt, var direkte utslepp, «og utelét aktivitetar slik som utvinning av drivstoff eller vraking av gamle bilar.»
«Medan FAO-forskarar fyrst heldt seg til sitt 18%-tal basert på kva dei trudde utgjorde totale utslepp på verdsbasis, kalkulerte ein påfølgjande FAO-studie globale utslepp frå buskap ein tanke lågare, 14,5%.»
Mitloehner seier at måten å skape «mindre varme», om det er det klimakult-tilhengjarar er bekymra for, er å gjere «smartare dyrelandbruk, ikkje mindre landbruk».
«Å produsere mindre kjøt og mjølk vil berre få som konsekvens meir svolt i fattige land,» åtvarar han.
Det viser seg at den opphavlege FAO-rapporten frå 2006 som byrja alt dette ikkje eingong inneheld evidens som støttar påstanden om at «buskapssektoren» er ansvarleg for å produsere for mykje drivhusgass slik som karbondioksid.
Mykje av den offentlege forvirringa om den påståtte rolla som kjøt og mjølk speler i klimaendring kan tilskrivast berre to setningar i rapporten som fyrst står i samandraget og ingen andre stader i sjølve teksten:
«Buskapssektoren er ein større aktør, ansvarleg for 18% av drivhusgass-utslepp målt i CO2e (karbondioksid-ekvivalentar). Dette er ein høgare del enn transport.»
Begge desse setningane er faktisk feil, og likevel tener desse uriktige påstandane som grunnlaget for ein tiårlang misjon frå klimagalningane om å stoppe dyreflatulens og andre naturlege prosessar som dei merkeleg nok fryktar vil øydeleggje planeten.
«Metan sleppt ut av buskap er del av den biogeniske karbonsyklusen, ein naturleg prosess,» seier Mitloehner.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
