Høgdepunkt frå Tucker Carlson sitt historiske intervju med Russlands utanriksminister Sergej Lavrov

Lance D Johnson i Natural News rapporterer:

Den amerikanske journalisten Tucker Carlson reiste til Moskva for å møte den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov i eit historisk viktig intervju når det gjeld forhold mellom USA og Russland og det å gjere slutt på krigen i Ukraina. Det er no openbert for dei fleste at Biden-regimet har eskalert ein stadfortredarkrig i Ukraina. Ikkje berre har Washington stengt for kommunikasjon med Russland, men dei held òg fram med å ta del i provokasjonar etter å ha kome med ikkje rettferdiggjorde sanksjonar og personlege åtak mot Russland. Dette er eit problem som må løysast via diplomati no, før krigen eskalerer endå meir.

Her er høgdepunkta frå intervjuet:

Forholdet mellom USA og Russland: Lavrov sa at Russland ikkje ser på seg sjølv som i krig mot USA, trass at USA støttar forsvar av Ukraina, noko som legg vekt på ønsket Russland har om normale forhold med alle land, inkludert med USA.

Hybridkrig og militær-involvering: Lavrov viste til konflikten i Ukraina som ein «hybridkrig», og peikte på at evna Ukraina har til å gå til åtak på russisk territorium er på grunn av amerikanske våpen og potensielt òg involvering frå det amerikanske militæret.

Atomrelaterte bekymringar: Han uttrykte bekymring over nylege kommentarar frå amerikanske tenestepersonar i militæret, slik som faren for førebyggjande åtak, og åtvara at slike trugslar kan føre til katastrofale konsekvensar, spesielt når det gjeld atomeskalering.

Menneskerettar i Ukraina: Lavrov sette fokus på det han ser på som systematisk undertrykking av russisktalande og etniske russarar i Ukraina, og peikte på lovverk som forbyr det russiske språket, media og kulturelle aktivitetar.

FN-charteret og sjølvbestemming: Han argumenterte at det internasjonale juridiske rammeverket, inkludert FN-charteret, støttar retten folk har til sjølvbestemming. Han føreslo at Krim og Donbass sitt ønske om å bli med i Russland via folkeavstemmingar burde bli respektert under dette prinsippet.

Minskavtalane og ukrainsk ulydigheit: Lavrov kritiserte Ukraina for å ha mislykkast i å innføre Minskavtalane, som hadde som intensjon å løyse konflikten i Donbass. Han skulda den ukrainske regjeringa for framhaldet av vald etter 2014-kuppet.

Amerikanske interesser i ukrainske ressursar: Lavrov peikte på interessene USA har i naturressursane i Ukraina, spesielt sjeldne jordmetall, som ein nøkkelpådrivar bak involveringa til USA i konflikten. Han skulda USA for å vere ute etter å utnytte desse ressursane på kostnad av det ukrainske folket.

Bodskapen bak hypersonisk våpentest: Lavrov tydeleggjorde at den nylege demonstrasjonen av dei hypersoniske [fortare enn lyden; oms.an.] våpena var ei åtvaring til USA og deira allierte, og signaliserte at Russland er førebudd på å forsvare sine tryggleiksinteresser på alle naudsynlege måtar.

Unngå atomkonflikt: Han gjentok Russlands ståstad om atomkrig, og viste til Russlands initiativ for ei samlemelding frå dei fem permanente medlemmene av FNs tryggleiksråd i januar 2022, og la vekt på kor viktig det er å unngå konfrontasjon og respektere kvarandre sine tryggleiksbekymringar.

Bekymring om atomutveksling: Lavrov erkjende den potensielle risikoen for atomeskalering, og la vekt på kor viktig det er å unngå det. Han la vekt på at den russiske militærdoktrinen har som mål å unngå atomkonflikt, trass spenningar og misforståingar.

Avgrensa dialogkanalar: Lavrov avslørte at bakkanal-kommunikasjon eksisterer mellom Russland og USA, som for det meste er fokusert på utveksling av fangar. Derimot kritiserte han USA for å ha ein konsekvent bodskap gjennom desse kanalane som stiller seg på same side som krava til Ukraina, ikkje ei balansert diplomatisk løysing.

Amerikansk press på Ukraina: Lavrov nemnde at USA støttar «fredsformelen» til Ukraina, som Russland ser på som urealistisk. Han uttrykte bekymring om den komande fredskonferansen, der Russland mest sannsynleg vil få presentert eit ultimatum.

USA- og NATO-provokasjonar: Lavrov gjentok Russlands langvarige bekymringar om den austlege utvidinga av NATO, som han trur skapte den noverande konflikten. Han argumenterte at dette var ei åtvaring Russland hadde kome med sidan 2007, men som hadde blitt ignorert av Vesten.

Ingen intensjon om å utrydde folkegrupper: Lavrov avviste kategorisk ideen om at Russland har som mål å utrydde ukrainske menneske. Han la vekt på at målet med Russland sine militærhandlingar er å beskytte russisktalande folkegrupper, ikkje å velje seg sivile som mål.

Sivile tap i Ukraina: Lavrov diskuterte sivile tap på begge sider, og hevda at dødstalet i Ukraina er langt mindre enn det i Palestina, som han sa har lide langt fleire tap på kortare tid.

Ukrainsk forslag under Istanbul-samtalane: Lavrov viste til Istanbul-samtalane i april 2022 der Ukraina føreslo eit tryggleiksarrangement som ville ekskludere NATO-medlemsskap medan det vart sikra tryggleiksgarantiar. Han antyda at Ukraina si forplikting til desse prinsippa vart underminerte av eksternt press, spesifikt frå Storbritannia, noko som pressa Ukraina til å halde fram kampane.

Rolla til Boris Johnson i fredssamtalane: Lavrov gjentok at Boris Johnson hadde ei betydeleg rolle i forstyrringa av fredssamtalane mellom Russland og Ukraina. Han sa at Johnson avviste ein avtale som var nær ved å bli gjort i Istanbul, som ville ha resultert i ei deeskalering av konflikten.

Ukrainsk NATO-medlemsskap: Lavrov bekreftar at eit av nøkkelvilkåra som Russland ville ha akseptert for fred, er at Ukraina ikkje blir med i NATO, og at det ikkje skal vere nokon utanlandske militærbasar eller øvingar på ukrainsk jord. Han gjentok Russlands urokkelege ståstad rundt dette temaet, og nemnde til og med at realitetane på bakken, inkludert russisk territorium som har blitt vunne via folkeavstemmingar, må bli aksepterte.

Vestleg stillheit rundt Bucha: Lavrov sette søkjelys på hykleriet til vestlege tenestepersonar som fordømte Russland på grunn av Bucha-massakren utan å etterforske den ekte identiteten til dei involverte. Han la vekt på at hans spørsmål til FN og journalistane når det gjaldt identiteten til offera vart møtt med stillheit.

Strategien til Biden-administrasjonen: Lavrov diskuterte handlingane til Biden-administrasjonen, og samanlikna dei med dei siste handlingane til Obama-administrasjonen i 2016, slik som å utvise russiske diplomatar og beslagleggje diplomatisk eigedom. Han trur at dette er del av ein innsats for å underminere Russlands forhold til den påtroppande Trump-administrasjonen.

Sanksjonar og russisk motstandsdyktigheit: Lavrov adresserte dei noverande sanksjonane mot Russland, erkjende vanskane, men la vekt på at Russland har blitt sterkare ved å stole på seg sjølv og skje økonomisk partnarskap med «normale» land utanfor Vesten.

Russlands vending austover: Lavrov snakka om dei veksande banda Russland har til Kina, og skildra partnarskapen som permanent. Han set dette i motsetnad til det tidlegare håpet om at Russland kunne bli integrert inn i ei vestleg blokk, ein visjon som har mislykkast etter årevis av ikkje-likeverdig behandling.

Vest-Europa si rolle i konflikten: Lavrov kritiserte handlingane til Vesten i Ukraina, spesielt presset som vart lagt på ukrainske leiarar om å stille seg på linje med vestleg politikk, ofte på kostnad av Russlands interesser. Han reflekterte over historiske augneblinkar slik som Oransjerevolusjonen i 2004 og Maidan-protestane, som han trur vart orkestrert av Vesten for å tvinge Ukraina inn i ei pro-vestleg retning.

Dekretet til Zelensky om forhandlingar: Lavrov la vekt på at den ukrainske presidenten Zelensky underskreiv eit dekret som hindrar forhandlingar med regjeringa til Putin, noko som signaliserer uviljen Ukraina har til å ta del diplomatisk. Han oppmoda Zelensky om å fjerne dekretet som eit teikn på samtalevilje.

Den legitime posisjonen til Russland: Lavrov forsvarte militæroperasjonen til Russland, og argumenterte at det stiller seg på linje med FN-charteret og OSCE-prinsippa, spesifikt når det gjeld minoritetsrettar og tryggleiksbekymringar. Han peikte på utvidinga til NATO som eit brot på tryggleiksavtalar gjort på OSCE-toppmøta.

Atomkrig er ikkje eit alternativ: Lavrov gjentok at atomkrig er utenkjeleg, og viser til meldingar frå både russiske og amerikanske leiarar som bekreftar at atomkrig aldri kan bli vunnen. Han åtvara at diskusjonar om ei avgrensa atomutveksling var farleg uansvarlege.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget