Russland testar «suverent internett» – TRUGAR utanlandske vertsleverandørar

Dan Frieth på nettstaden Reclaim the Net formidlar:

I løpet av helga vart store delar av internettverda i Russland medvite avskore frå det globale internettet, noko som illustrerer den stadig meir hardhendte tilnærminga regjeringa har til å kontrollera informasjonsflyt og avgrensa digitale fridommar.

Ifølgje meldingar samla frå fleire ramma regionar, inkludert Tsjetsjenia, Dagestan og Ingushetia, kutta styresmaktene med overlegg samband for å evaluera motstandskrafta og beredskapen til deira sjølvforsynte «suverene internett»-system. Denne manøveren førte til at mange innbyggjarar stod overfor ein brei digital blackout som understreka igangverande innsats for å konsolidera makta til staten over kommunikasjonen i landet.

Nettovervakingsgruppa NetBlocks stadfesta vidare at forstyrringane i Dagestan heldt fram i rundt 24 timar. Under nedlegginga vart ei rekkje viktige nettverktøy blokkerte.

Brukarar rapporterte at dei ikkje var i stand til å få tilgang til mykje brukte plattformer – som YouTube, Google, WhatsApp, Telegram og til og med nokre funksjonar til den russiske teknologigiganten Yandex – som viser at VPN-ar ikkje gav ei påliteleg flukt frå kvelartaket på tilkopling.

Lokale internettleverandørar, som var fanga i krysselden, uttrykte si manglande evne til å gjenoppretta normal tilgang. Ein operatør i Nord-Kaukasus-regionen innrømde at han var klar over det frustrerte publikummet, men kunne ikkje gjera noko for å reversera dei pålagde restriksjonane.

Tenestemenn frå Roskomnadzor, Russlands internett- og medieregulator, har hevda at det endelege formålet med desse forsøka er å sikra at russisk digital infrastruktur kan halda fram med å vera funksjonell «for å halda oppe drifta av sentrale utanlandske og innanlandske tenester i tilfelle forsettleg ekstern interferens».

Ved å testa i regionar med langvarige spenningar, ser Roskomnadzor ut til å vera klar til å bruke nett-tilkopling som våpen, og førebudd på å kutta heile populasjonar frå kritiske meldingsplattformer som Telegram om framtidig uro går føre seg. Dette er neppe ei isolert hending; Russlands merittliste inkluderer tidlegare forstyrringar av meldingsappar i periodar med protestar og sosial splid.

Moskvas forsøk på å oppnå eit sjølvforsynt internett, ofte kalla Runet, har vore i rørsle i årevis, kjempa fram som eit system som strengt følgjer russiske forskrifter og verdiar, der alt anna er sensurert.

Omsett av K.O. for Saksyndig.

Kommenter innlegget