Liz Heflin i Remix News rapporterer:
Eit svensk statseigd selskap gav sine tilsette råd om å ikkje ønskje kvarandre god jul, rapporterer Magyar Nemzet.
Inkluderings- og mangfaldskomiteen i stålselskapet SSAB sendte eit internt brev til tilsette i byrjinga av desember, der dei skreiv: «No når vinterhøgtida nærmar seg, er det vanleg å ønskje kvarandre ‘god jul’. Derimot er denne sesongen rik på feiringar frå andre kulturar og religionar. For å vere i stand til å nemne ei rekkje feriar, seier vi ‘god høgtid’.»
Sverigedemokraterna, det største partiet i den svenske styrande sentrum-høgre-koalisjonen, svarte på kravet til stålgiganten på X: «Vi lever i tider der vi må beskytte svensk kultur og tradisjonar i høgste grad. At eit delvis statseigd selskap som SSAB antydar at vi skal erstatte ‘god jul’ med ‘god høgtid’ for å ‘inkludere’ andre, er ingenting anna enn eit svik mot vår eigen kultur.»
«Vi burde ikkje tilpasse oss dei som ikkje deler tradisjonane våre; dei som er her burde vise respekt for den svenske jula og kulturarven vår. I Sverige seier vi ‘god jul’. Punktum,» skreiv dei.
Magyar Nemzet-bidragsytar György Pilhál gjorde narr av selskapet for sin «liberale dumskap» som «kjenner ingen grenser», og gjorde narr av idiotien til politikk som driv med tvangsinkludering og tekkjest kulturar som ikkje aksepterer dei særs liberale ideologiane som dei går utifrå at desse migrantane vil kome til å akseptere. Pihál viste deretter til ein studie han hadde rapportert om, som handla om ungdomsskuleelevar på 30 skular lokalisert i distrikt som var hovudsakleg innvandrardominerte.
Det svenske skuleinspektoratet hadde avdekt at «to tredelar av institusjonane gjorde det ikkje godt rundt det dei kalla ‘demokratiske’ tema. På somme stader opplevde dei til dømes aversjon mot homofili,» skreiv han på den tida.
«Mange gutar avviste retten til abort og hadde til og med macho-synspunkt rundt mannlege og kvinnelege roller,» la han til. «Elevar med muslimsk opphav var spesielt råka. På ein skule hadde seks av ti elevar innvandrarbakgrunn, lærarar klaga over alvorlege rolleskilnader mellom gutar og jenter. Gutar speler gutar og jenter speler jenter.»
So når desse venstreliberale går ut av sine gode skinn for å avskaffe svenske tradisjonar, bør dei kanskje undersøkje nærare haldningane og synspunkta til dei som dei er so desperate etter å «inkludere», og innsjå at dei kanskje aldri vil støtte agendaen deira. Dei bør kanskje òg ta ein nærare titt på korleis innfødde svenskar føler seg.
Etter å ha lide av bakdelane til masseinnvandring, inkludert gjengvald, bombing og mord, prøver landet no å betale migrantar som ikkje har greidd å integrere seg for å vende tilbake til heimlanda sine.
Ei nyleg sak set søkjelyset på nivået av vald som har råka Sverige, der ein irakisk migrant seier at han endeleg «kom seg trygt heim igjen etter å ha blitt gjenstand for gjentekne trugslar, vald og utpressing av ein organisert gjeng i Stockholm».
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
