Christopher Tomlinson på nettstaden The National Pulse melder:
Ein mann med innvandrarbakgrunn har blitt dømt til livstid i fengsel for å valdta ein britisk helsearbeidar til døde medan ho låg medvitslaus på ein offentleg benk i London. Mohamed Iidow (35) vart funnen skuldig i valdtekt og drap på National Health Service (NHS)-arbeidar Natalie Shotter då ho låg og sov i ein park i London etter ein kveld med drikking i 2021. Trebarnsmora døydde av eit hjarteinfarkt medan Iidow oralt valdtok ho fleire gonger medan ho låg djupt medvitslaus på ein benk.
Bilete frå overvakingskamera foreviga Iidow medan han flytta kroppen hennar i ymse posisjonar medan han gjentekne gonger valdtok ho. Etter valdtekta køyrde Iidow til ein bensinstasjon, der han nonchalant kjøpte kattemat og munnvatn før han køyrde heim til seg sjølv.
Ein jury fann Iidow skuldig i valdtekt og aktlaust drap i oktober, og domstolen har no gjeve han ein livstidsdom med ei minimumstid på 10 år og åtte månader i fengsel. Dei hadde derimot ikkje blitt informert om hans tidlegare dommar, som var forsøk på å groome mindreårige på nettet.
Det verserer påstandar om at Iidow er ein ulovleg innvandrar, inkludert frå anti-groominggjeng-aktivisten Tommy Robinson. Derimot unngår ei offisiell pressemelding og konsermedie-reportasjar galant å nemne med eit ord hans innvandrarstatus. The National Pulse har spurt Old Bailey i London om ei klargjering av temaet, men har i publiseringsaugneblinken enno ikkje fått eit svar.
Innvandrarar frå enkelte land har statistisk sett langt større sannsyn for å utføre brotsverk enn britiske statsborgarar. Tal frå Justisministeriet (MOJ) viser at albanarar, til dømes, har ei fengslingsrate på over 232 menneske per 100 000. Fengslingsraten av britiskfødde britar ligg på berre 14,27 per 100 000.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
