Regimemjølk og altfor billeg juleøl

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.

Rema 1000 i Eidsvåg like nord for Bergen sentrum er åstad for kaos av ei anna verd. Bilar står i kø heilt frå utløpet av Eidsvågtunnelen for å kome seg til den stappfulle parkeringsplassen. Enkelte forlèt bilane sine og spring nedover motorvegen for å kome fram. Ryktet har spreidd seg som eld i tørt gras takka vere utilsikta reklame frå dei djupstatskontrollerte riksavisene:

Prisen på Ringnes juleøl er på rekordlåge 18 kroner boksen – og vi snakkar halvliterboksar! Butikkane har strengt forbod mot å reklamere for alkohol, men det har tydelegvis ikkje hovudstraumsmedia.

Dette kan samanliknast med apokalypsen som vart utløyst då Coop OBS på Vestkanten i Loddefjord i oktober månad selde tørrvarer med 75% rabatt – bortsett frå at det råbillege juleølet er å finne i alle Rema 1000-butikkar i heile landet. I staden for at all hurlumheien vart lokalisert til éin stad, er galskapen no spreidd utover heile ærverdige Reitan Mat sitt rike. Rema 1000 i Eidsvåg er berre éin av mange, mange Rema-er der det herskar spinnvill hamstring.

Det faktum at ein må gå tilbake til rundt 2011 for å finne øl til under 20 kroner boksen i butikken, har fått politikar-Noreg til å steile. Her er eit lite utdrag av all dydsposeringa frå hyklarkoret i Tilsynet for høg moral:

Prektige og dydige Kjersti Toppe rykte kvinnesterk ut til sin lokale Rema 1000-butikk, der ho stod utanfor med blanke auge og Bibelen i nevane og trygla folk om å vise moderasjon. Orda til avhaldskvinna fall på steingrunn, og dei aller fleste kjøpte bokstavleg tala med seg det dei greidde å bere av juleøl.

Ein viss kjendispolitikar som nyleg spydde på dassen på Folk & Røvere kommenterte at det sa mykje om eit land når prisen på ein boks øl i butikken nærma seg prisen på ein kilowatt-time med straum. So beina han i veg til næraste Rema 1000, visstnok for å kjøpe «peparkakedeig».

KrF-nestleiar Ida Lindtveit Røse raste, freste og glefste mot denne uansvarlege priskrigen på juleøl, og klaga over at dei fleste norske barn kom til å få ei jævleg jul fylt til randa med sanselaus drukkenskap, leik og spetakkel. 1.nestleiar i Unge Høgre, Oda Røhme Sivertsen, forsvarte dei spinnville prisane på juleøl, og sa at det måtte vere lov å kose seg. Litt trøyst måtte ein då unne den utpinte norske slaveklassen i våre dystre tider.

Same kva politikarane måtte meine om saka, har kvarmannsen absolutt ingen grunn til å protestere og kverulere. Her gjeld det å smi medan jarnet er billeg – eller noko i den dur.

Vår svirekall Arve har greidd å grafse til seg dei siste fire sekspakningane med billeg Ringnes juleøl på sin lokale Rema 1000-butikk (han måtte slåst med ei gammal kjerring og ein ungdom, men begge stakk sin veg då han lest som han hadde rabies). Den unge jenta i kassa bryt faktisk saman i gråt då ho skannar den siste pakningen – ho har skanna noko inni helvete mange av dei i dag. Ho minner Arve om den umettelege hora som nyleg hadde sex med 101 menn på same dag – dei ser begge like gråtkvelte og slitne ut, for å seie det slik. Han ønskjer ho ein fin dag vidare, og med dette meiner han at han har vist ho meir enn nok empati.

Det fyrste han gjer då han kjem heim til sitt dystre, kummerlege husvære, er å opne ein ølboks og styrte den. 18 kroner og 60 øre (pluss pant) forsvinn ned i halsen på han på mindre enn eitt minutt. Han sjagar deretter inn på kjøkkenet for å setje «dagens fangst» inn i kjøleskapet.

Han har naturlegvis ikkje berre kjøpt billeg juleøl på butikken – då hadde han jo framstått som ein alkis! I tillegg til sekspakningane, har han kjøpt ein kartong med sokalla «framtidsmjølk» frå Tine – det som av enkelte spydige røyster i alternative media blir kalla «regimemjølk». Mjølka skil seg ut frå den mjølka som har blitt drukke av nordmenn sidan slutten på førre istid ved at den inneheld Bovaer, som han har fått med seg er ein «metan-hemmar». Klimafanatikarane meiner at kyr fis for mykje, so no har bøndene blitt truga til å tilsetje dette stoffet i fôret. Kanskje vil dette hjelpe, akkurat som at det «hjelper» at eit lite møkkaland i Nord-Europa har gått over til å køyre elbilar, og at dette på mystisk vis vil påverke den globale utsleppsmengda.

Arve flirer rått over kor dumme og tronge i nøtta enkelte er. So tek han seg ein god slurk med mjølk, som ikkje på nokon måte smaker annleis. No drikk han i det minste ikkje på tom mage, slik alkoholikarar jo gjer.

Klokka er halv eitt om ettermiddagen. Han har ikkje tenkt seg på Folk & Røvere i dag. Det er gjerne lurt å ta ein pause frå alle desse pubbesøka. Det tærer hardt på lommeboka i våre dyrtidsdagar. Dessutan har han roke mellombels uklar med beteninga der på grunn av mystisk førekomst av oppkast borte i kråa ved DJ-bordet. Hasjaugeblondina vart so sint at han var sikker på at ho skulle tørne og bli sendt på Sandviken igjen. Når i tillegg dagleg leiar kom ut av kjøkkenet og såg strengt på han, tok han hintet. Dei fekk vere utan pengane hans resten av veka. Og i mellomtida kan han drikke langt billegare heime hjå seg sjølv.

Snart dunkar luftig progrock i dei fæle, innrøykte veggane. Arve tenner seg ein røyk og kastar eit blikk på den slitne joggebuksa han går i. I det minste slepp han å gå i kjole i dag. Det er litt styr når ein skal pisse, og særleg varme er dei ikkje. Han er temmeleg sikker på at han har fått frostskadar på kukhovudet på grunn av all eksponeringa for vêr og vind. Ikkje rart damer får urinvegsinfeksjon i hytt og dynevêr!

Mannen bøttar nedpå som om det ikkje kjem nokon morgondag. Snart står ei anstendig samling Ringnes juleølboksar på stovebordet. Han held seg til magen og vrir på seg. Han må både rape og fise. Han opnar kjeften og lettar på ræva.

Ingenting skjer.

Han sit der og gaper og «rævlettar», men ingen luft kjem ut. Fyren er stinn som ei fullstappa priskrig-julepølse, men greier verken å rape eller fise. Det kjennest ut som han skal eksplodere. Kva i fanden er det som skjer?

So vender han eit blikk mot kartongen med «regimemjølk» som står ute på kjøkkendisken. Kan det vere metan-hemmaren som har byrja å verke? Han held seg til vomma, som brått er blitt ganske stor. Kanskje han burde ha lese på kartongen kva type mjølk dette var. Sovidt han hugsar, er det berre Tine som har tilsett dette rape- og fisehemmande stoffet. Mjølka frå Q-meieriet er framleis «notidsmjølk», om han hugsar rett.

Komisk oppblåsne Arve reiser seg og tek nokre steg bortetter golvet. Stakkaren hiv etter pusten. Han føler seg som ein sperreballong, og magen liknar den til ei gravid kjerring i niande månad som er eit par veker på overtid. Denne «luftbabyen» må ut!

Han ynkar seg i det han set seg ned på do. Her gjeld det å få ut kva enn som ligg der og blir hemma av «framtida». Elles fryktar han at hans eiga framtid står i stor fare!

«Ææææææ!!» rautar den brisne karen. All ølet gjærar og putrar nede i tarmane, men ingenting slepp ut. Han pressar seg på magen, men må straks gje seg – det gjer for vondt, og han er so øm.

Det som heldigvis kjem ut, er piss, for blæra er jævla full. Han har jo drukke sju boksar billeg juleøl nærast på styrten. Åh, om berre Tine kunne trykkje ei åtvaring på desse kartongane! Han er temmeleg sikker på at han kjem til å døy. Og for ein måte å døy på!

Her gjeld det å ta farvel med sine kjære medan han kan. Den digre sperreballongen vraltar i veg inn i stova for å finne mobilen. Han må ringje dottera i Norheimsund og forklare at han er på dødens rand. Han triv til seg telefonen og leitar fram namnet.

«Hallo…??» svarer ei temmeleg oppskjørta og tungpusta dame.

«Hallaien, det er faren din!» stønnar og buldrar Arve.

«Hei…!! Kva—» Ho slepper frå seg eit obskønt stønn. «Kva skjer…??»

«Eg kjem til å eksplodere!» kjem det frå Arve. «Eg ville berre ta farvel til deg, du, mi skjønne dotter!»

«Faen, er du på fylla igjen…??» klynkar dama, før ho igjen stønnar særs obskønt.

«Eg har alltid elska deg, eg har alltid—» Arve klynkar i det magen veks seg endå større. «No skjer det!»

«Skjer kvaaa…?? Mmmm, eg må ringje deg oppatt…!! Eg har besøk av ‘mister Plogen’…!! Han tek meg bakfråååå…!!»

Akkurat då fis Arve so joggebuksa blafrar. Samstundes raper han so det klirrar i vindauga. Åh, kor godt dette var! Fisen og rapen varer i nesten eit minutt. Eit høgt ekstaseklynk kjem frå dottera i andre enden. Far og dotter opplever det som for begge to kjennest ut som sjølvaste himmelriket.

«Ååååh, eg trudde eg skulle døy!» utbryt Arve i det han – med ein ny ølboks i neven – landar i sofaen.

«Same her…!» svarer dottera med ei stemme som ligg ein oktav lågare. «So… Kva driv du med?»

«Kva driv du med? Har du sex?»

«Det skal du berre dr—Åh, no byrjar han igjen…! Han skal ha betaling for i går òg…! Hadet…

«Hadet…» Arve trekkjer på skuldrene. Det er visstnok særs glatte vegar i Norheimsund for tida, so då har vel plogmannen meir enn nok å gjere i området.

Det fyrste Arve gjer når han har styrta ølboksen, er å gå og helle «regimemjølka» i vasken. So slepper han nok ein fullstendig uhemma fis og raper med eit smil i det stygge, skjeggete ansiktet.

«Framtida kan berre dra til helvete!» kaukar han i veksande eufori.

Kommenter innlegget