Musk stemplar Reuters som «betalt propaganda»

Russia Today (RT) formidlar:

Den amerikanske milliardæren Elon Musk har uttrykt støtte for ein nettbasert teori som koplar det internasjonale nyheitsbyrået Reuters med undersøkingar av verksemdene hans utført av den noverande administrasjonen til USAs president Joe Biden.

Musk, ein nær alliert av USAs påtroppande president Donald Trump, har kalla det påståtte sambandet «vanvitig», og hevda at den «forklarer mykje». Reuters er «betalt propaganda» som burde skamma seg, la han til.

Sambandet vart føreslått av Mike Benz, som leiar den sjølverklærte nettstaden for ytringsfridom Foundation For Freedom Online. Tysdag hevda han i eit innlegg på X at den avtroppande Biden-administrasjonen  «betalte Reuters over 300 millionar dollar i offentlege kontraktar» medan 11 amerikanske offentlege etatar «hadde som mål Elons verksemder.»

Benz viste til offentlege postar rapportert av databasen usaspending.gov som bevis på påstanden sin, i tillegg til ein serie rapportar frå Reuters om gründeren som vann ein Pulitzer-pris i mai. Serien The Musk Industrial Complex fokuserte på «alvorlege skadar på forbrukarar, arbeidarar og laboratoriedyr over heile produksjonsimperiet til Elon Musk».

Milliardæren stod fram som ein nær alliert av Trump etter å ha støtta hans kandidatur i midten av juli. Han er berekna å bli ein seniormedlem av den påtroppande amerikanske administrasjonen, og vil få ansvar for å kutta ineffektiviteten til regjeringa.

Før han valde side i det amerikanske raset, vart Musk sterkt kritisert av venstreleiande offentlege personar og medium for leiinga si av X, tidlegare kjent som Twitter, som han kjøpte i 2022. Det uttalte målet med oppkjøpet på fleire milliardar dollar var å utrydda sensur på plattforma, som han hevda gjorde at prokonservative røyster vart tagde i hel.

Kritikarar hevdar at Musk har gjort X til ein årestad for høgreekstremisme, samstundes som han ikkje har klart å leva opp til løftet om ytringsfridom. EU har trua plattforma med juridiske straffer for påstått unnlating av å takla «desinformasjon».

Førre veke vart Musk Foundation  skulda  for å ikkje oppfylla amerikanske krav til velgjerande organisasjonar, basert på deira siste sjølvmeldingar send til Internal Revenue Service (IRS) [det amerikanske skattevesenet; red.an.].

New York Times har sidan rapportert at milliardæren og firmaet hans SpaceX blir etterforska for manglande overhalding av amerikanske reglar om gradert informasjon. Musk reagerte på rapporten ved å uttala at «forrædarar i djupstaten kjem etter meg og bruker sine betalte shills i etablerte media».

I mars uttalte Musk at «Etablerte media lyg like lett som dei pustar», og at «Reuters er den verste akkurat no».

Omsett av K.O. for Saksyndig.

Kommenter innlegget