Bidreg tiltalen mot Espen Teigen til å øydeleggje tilliten allmennheita har til rettssystemet?

Document-journalist og tidlegare Sylvi Listhaug-rådgjevar Espen Teigen vart nyleg dømt til ni månaders ubetinga fengsel for «grovt bedrageri». Han hadde gjeve uriktige opplysningar for å få støtte til pendlarbustad. Dette stiller han i same kategori som ei rekkje andre politikarar. Skatteetaten granska 290 politikarar i samband med pendlarbustadskandalen, og 38 vart dømt til å betale meir skatt. Derimot vart ingen dregne til retten og dømt til fleire månaders fengsel, slik Teigen vart.

Dette gjer at ein med rette kan stille spørsmålet om det har skjedd usakleg forskjellshandsaming. Kvifor vart akkurat Espen Teigen dømt, og berre han?

Sjølv om fleire politikarar vart tekne på fersken for grovt bedrageri, og dermed måtte trekkje seg frå sine verv og stillingar, har ingen av dei til dags dato fått fengselsstraff. Eg nemner i farten Kjell Ingolf Ropstad (KrF-leiar), Eva Kristin Hansen (stortingspresident) og Hadia Tajik (statsråd/nestleiar i Arbeidarpartiet). Bortforklaringa til Stortinget og Statsministerens kontor var at dei hadde «feiltolka» skattereglane. Påtalestyresmaktene henla ei rekkje saker i desember 2022, ifølgje iNyheter-journalist Benjamin Bringsås.

Sjå òg «Hadia Tajik har brote tilliten til det norske folket», publisert 18.mai 2022.

So har vi denne Espen Teigen, som no er journalist i Document. Fleire har reagert på at akkurat han har blitt valt ut for straff frå den allmektige Staten, mellom andre advokat Eirik Vinje, som i ein kronikk i Subjekt uttrykkjer tvil om tiltalen mot Espen Teigen er «rettferdig og saklig begrunnet». Det er med hans ord noko som skurrar ved tiltalen mot Teigen. Som iNyheter-redaktør Helge Lurås skriv 20.desember 2024:

«Ifølge Vinje er det spesielt påfallende at Teigen er den eneste som er tiltalt, til tross for at en rekke andre politikere er avdekket som mottakere av uriktig pendlerstøtte. […] Vinje mener mange av disse sakene synes åpenbart å handle om bevisst juks. Samtidig peker han på at det, så langt han kjenner til, ikke er tatt ut tiltale mot noen av de folkevalgte.»

Vinje skildrar heile greia som uheldig forskjellsbehandling, og bruker eit sopass sterkt ord som «myndighetsmisbruk»:

«Vinje skriver at forskjellsbehandling kan tolkes som myndighetsmisbruk: ‘Et vedtak fattet ved myndighetsmisbruk vil normalt anses som ugyldig. Det vil si at domstolen kan avvise straffesaken på grunn av mangler ved tiltalebeslutningen’.»

Det er òg eit krav at påtalestyresmaktene skal opptre sakleg og nøytralt. Å ikkje gjere det er i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen, som forbyr diskriminering på politisk grunnlag. Kan det vere det som har skjedd i Teigen-saken?

Statsadvokaten føreslo som kjent heile elleve månaders ubetinga fengsel for Teigen. Kva slags sakleg grunngjeving hadde dei for det? Det er ifølgje Vinje «problematisk dersom politiet velger å straffeforfølge en enkeltperson basert på subjektive preferanser eller politiske motsetningsforhold.»

Og vidare:

«Ifølge Vinje kan saken gi inntrykk av at en ung rådgiver fra et kontroversielt politisk parti har blitt et mål, mens eldre, mer erfarne og høytstående politikere har unngått tiltale. Han fremhever at folkevalgte politikere som har et særskilt ansvar for å ivareta velgernes tillit, burde være mer strafferettslig ansvarlige enn ansatte rådgivere.»

Vinje meiner i tillegg at «det er grunn til å tvile på om straffeforfølgelse av én enkeltperson vil ha den ønskede effekten på stortingspolitikere som eventuelt misbruker fellesskapets midler». Undergrev Teigen-saken prinsippet om at rettssystemet skal vere upartisk og bidra til rettferd for alle? Kanskje:

«Vinje konkluderer med at saken har potensial til å skade allmennhetens tillit til rettsforvaltningen. Han peker på en bredere utvikling hvor tilliten til rikspolitikere er i tilbakegang både i Norge og internasjonalt. […] ‘Politikere oppfattes blant folk flest i økende grad som en slags selvrekrutterende kaste øverst i samfunnet, som er mest opptatt av egne interesser […]’.»

Og difor burde vi ikkje stole på dei. Dei lyg og stel, og det burde vere barnelærdom at ein ikkje bør stole på løgnarar og tjuvar. Vi bør heller ikkje stole på Staten og styresmaktene, for dei har i ettertrykkjeleg grad vist oss at dei ikkje vil oss vel, og at lover og reglar gjeld når det passar dei sjølve. Rettssystemet er i aukande grad å sjå på som eit hasardspel. Det er noko grunnleggjande feil med eit system der ein ung rådgjevar blir kasta i fengsel medan landssvikarar går frie og i tillegg blir hylla som heltar.

Sjå òg «Stadig fleire stoler ikkje lenger på staten og politikarane», publisert 13.mars 2022.

Kommenter innlegget