Åge trollar eit forum

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.

No skal eg fortelje om ein ufyseleg jævel som heiter Åge, og kva han gjorde ein gong han hadde altfor mykje øl og altfor lite å gjere på.

For éin gongs skuld var ikkje Åge på den lokale stamkneipa og drakk. Utan å gå meir detaljert inn på saken, hadde det oppstått ein aldri so liten disputt mellom han og bartenderen angåande oppkast på bardisken. Med andre ord var Åge ein persona non grata på sin vanlege utestad; altso sat han og drakk heime hjå seg sjølv. Det tok ikkje lange tida før drikkeverksemda hans vart drepande keisam.

På raskt stigande rus sat han og surfa på Internett. Ved eit samantreff kom han til å klikke seg inn på eit forum for amatørmusikarar. Etter å ha bøtta i seg ei flaske med sterkt ale, bestemte han seg for å kødde litt med dei kjepphøge besserwissarane som regjerte på forumet. Trass i det traurige faktum at Jantelova drap stort sett det som fanst av kreativitet i landet, hadde unge nordmenn ein sjølvtillit som ikkje på nokon måte stod i samsvar med evnene sine; alle som kunne tre grep på ein kassegitar rekna seg som ekspertar.

Han registrerte seg på forumet, før han skreiv ein djupt krenkjande hattale om den ufyselege arrogansen som rådde i den norske musikkindustrien. Han hengte ut kvar einaste norske artist, spesielt dei kvinnelege, som han meinte hadde brukt fittemakt for å bli kjende (talent hadde jo ingen av dei!). Han elska å lage djevelskap med dei overlegne verbale eigenskapane sine – spesielt på Internett, der ingen hadde ballar til å konfrontere han.

Då han oppdaga at flaska med sterkt ale var tom, bestemte han seg for å hente seg ei ny flaske i kjøleskapet. Åge plystra muntert då han gjekk inn på kjøkkenet. Han oppdaga at han måtte pisse, tronga var nesten utolererbar. Med eit stønn løfta han ut sin digre kuk og pissa i kjøkkenvasken (han gadd ikkje å gå heilt ut på sitt vesle klosett ti meter unna). Medan han stod og pissa, opna han kjøkkendøra og tok ut ei halvlitersflaske med barley wine, opna ho på kanten av kjøkkendisken og drakk frå ho i store mannesupar. Sia øltypen barley wine var like sterk som vin (derav namnet), gjekk alkoholen til hovudet på han i ein Satans fart.

«Ejn øll førr mææ og ejn øll førr damå mii,» song Åge på ein dialekt som ikkje var hans eigen, og ein kunne jaggu lure på kva dialekt han eigentleg prøvde å imitere.

Den store, fulle mannen lunta gjennom døra og inn i stova. Han sette i frå seg flaska på bordet og trykte på F5 for å oppdatere forumsida. Ikkje overraskande hadde han fått ein god del negativt ladde svar på posten sin. Svara demonstrerte at rettskriving ikkje akkurat var den sterke sida til forummedlemmane; svara var gjennomsyra av «trykkleifar», feil bøying av verb, og/å-forveksling og andre lingvistisk usmaklege faux-pas.

Åge humra då han las dei ikkje akkurat skolert formulerte svara. Han vart referert til som «ein forskrudd, bitter tapar som ikkje fekk pule», «ein avskyeleg skitsekk som var sjalu på sine meir talentfulle kollegaer», eller rett og slett utsett for barnleg namnekalling. Eit av svara bestod av «DØ!!!» med noko som må ha vore tjue etterropsteikn. Retorikken til motparten kunne ikkje akkurat samanliknast med hans eigen.

Etter å ha humra nedlatande vel og lenge, skreiv han nok ein langdryg tordentale som var so krenkjande at den kunne skremme mjølka av ei ku. Han avrunda denne verbale syndefloda av menneskefiendtleg styggedom med å hevde at det å faktisk like norsk musikk var eit teikn på alvorleg sinnssjukdom, som berre lobotomi kunne kurere. Som ei handling av tilsikta sjølvmotseiing, insinuerte han òg at nordmenn flest allereie hadde vorte lobotomerte, sia norske artistar var mistenkjeleg populære. Då han publiserte posten sin, braut han ut i brølande lått og slo seg på knea med sine digre mannenevar.

Då han oppdaga at flaska med barley wine var tom, bestemte han seg for å hente ei ny flaske ute i kjøleskapet. Han plystra muntert då han lett sjaga inn på kjøkkenet. Han oppdaga at han måtte pisse, tronga var nesten utolererbar. Med eit stønn løfta han ut sin digre kuk og pissa ut det halvopne kjøkkenvindauget og ut i hagen. Eit eldre ektepar som gjekk forbi ute på gata regelrett flykta medan dei banna og steikte. Medan han stod der og pissa, tok han ut ei flaske med sterkt, mørkt, herleg ale, opna ho med munnen (!) og drakk frå ho i store mannesupar.

«Ain yl før mææg og ain yl før æljinn minn,» mumla Åge snøvlete; igjen var det svært stort rom for tolking kva dialekt han no prøvde å maltraktere.

Mannen stod og monsa øl som om morgondagen aldri kom – han hadde allereie drukke halve flaska, og det var ikkje akkurat saft han drakk. Han braut ut i brølande lått, før han sette i å skuggebokse med veggen i fleire minutt. Skuggen vann.

Den digre, synleg påverka mannen sjaga gjennom døra og inn i stova. Til si store glede oppdaga han at der var komne fleire svar på posten hans. No var svara endå meir aggressive, og retorikken hadde sokke ned til namnekalling, slibrige fornærmingar, patetiske trugslar og hissig rasling med sablar. Det fanst ikkje eit einaste skikkeleg argument nokon stad. Ingen var i stand til å seie på ein høfleg, sivilisert måte at Åge tok feil om den norske musikkindustrien.

Som eit genialt svar, føreslo Åge å fjerne hendene og stemmebanda på kvar fjerde norske artist. Denne nødvendige uttynninga ville bane veg for folk som verkeleg visste kva dei dreiv med. Han la so til at det same burde gjerast med alle som utøvde innan rap og hiphop-sjangeren – det desse bortskjemde, kriminelle, stoffavhengige skitungane dreiv med, kunne ikkje klassifiserast som musikk, skreiv han.

«Åh, eg er vondskapen sjølv…» sa Åge til seg sjølv, før han braut ut i kvesande galenmannslått. Deretter såg han på si plutseleg tomme ølflaske. – «Nei, det var då som berre pokker! Dei lagar ølflasker altfor små!»

Han plystra muntert då han spankulerte tydeleg sjanglande inn på kjøkkenet. Han oppdaga at han måtte pisse, tronga var nesten utolererbar. Med eit stønn (og ein høg rap) løfta han ut sin digre kuk og pissa ned i ei blå plastbøtte som tilfeldigvis stod der. Medan han stod og pissa, opna han kjøleskapsdøra og tok ut ei flaske med Fürstenberger lager, opna ho med veslefingeren (!) og drakk frå ho i digre mannesupar.

«Ahhh! Skogssaft!» utbraut han med eit ekstatisk uttrykk i sitt latterleg mannlege tryne. Deretter opna han ei ny flaske Fürstenberger sidan han allereie hadde drukke den fyrste. Denne flaska drakk han i seg so fort at han nesten svelgde ho.

Den store, fulle mannen snirkla seg bortetter golvet og inn i stova. Han sjaga stygt frå side til side, og hadde ikkje eingong gidda å ta kuken inn i buksa igjen. Med eit håst raut fall han ned i sofaen, han heldt nesten på å bli sodomert av flaska. Etter mykje om og men greidde han å kome seg opp i sitjande stilling, og oppdaga til si perverse nyting at han hadde fått ei privat melding frå ein av moderatorane. Han vart beordra om å omgåande slutte å «trolle forumet», elles ville det kome «konssekvenser [sic]».

For å underdrive kraftig, so vart ikkje Åge nemneverdig skremd av dei veike trugslane frå moderatoren. Han viste finger til laptopskjermen medan han snerra noko som til og med for han sjølv var komplett uforståeleg. Han tok ølflaska til munnen og drakk frå den som ein sveltande kalv saug i seg mjølk frå jura til mor si. Etter å ha sleppt frå seg ein høg, lang rap, skreiv han eit særs trugande og på alle måtar moralsk forkasteleg svar tilbake til moderatoren. Deretter starta han ein ny tråd der han tilrådde alle tenåringar på forumet til å ta sitt eige liv for å spare samfunnet for deira middelmådige musikkferdigheiter; han skreiv til og med i grafisk detalj korleis dei skulle gjere det. Deretter starta han nok ein tråd der han tok til orde for den nødvendige utryddinga av rapparar som hadde ein IQ som var lågare enn skonummeret sitt. Ifølgje han sjølv ville det utslette heile den lugubre gjengen av mordarar, doplangarar og valdtektsmenn.

Medan han sat der og klukklo og fniste som ei småjente, saug han i seg siste dropen frå ølflaska. Han hikka, rapte og sleppte frå seg ein lang, støyande og verkeleg illeluktane fis; han heldt faktisk nesten på å drite seg ut. Med det bestemte føremål å hente seg ein ny øl, kava han seg ut av sofaen. Fyren fall meir enn han gjekk. Då han etter langt om lenge kom seg ut på kjøkkenet, snubla han i den blå plastbøtta som han hadde pissa i tidlegare, og fall i golvet med eit brak. Bøtta velta overende, og Åge vart bada i lunkent piss.

«Helvetes blødande fitte!!» brølte han.

Han prøvde å kome seg opp, men hendene sklei i pisset. Tosken vart liggjande der som ein stranda kval. Han rulla seg over på rygg med eit brøl, og greidde etter mykje om og men å stable seg på beina igjen. Han oppdaga at han måtte pisse, tronga var nesten utolererbar. Sidan den digre kuken hans allereie hang fritt utanfor buksa, bestemte han seg for å late vatnet der han stod. Pisset stod som ein stråle tvers gjennom rommet og trefte omnen, gryter, panner og tallerknar. Restane etter middagsmaten vart marinert av den varme, illeluktande væska. Heldigvis var kjøkkenet allereie so ufyseleg skite at det ikkje gjekk an å sjå at han hadde pissa utover det.

Sidan kleda hans var gjennomvåte av urin, tok han dei av seg og slengde dei ut vindauget. Vaske dei kunne han alltids gjere neste morgon, viss han mot formodning hugsa det. Ei lita jente som kom syklande i vegen sleppte frå seg eit gisp av avsky, spesielt då buksa til Åge trefte gjerdet og spruta piss over heile ho. Skrikande som ei sirene sykla ho derifrå so fort som dei små beina hennar kunne flytte pedalane.

Åge braut ut i støyande, brølande lått, før han sleppte frå seg eit øyreskjerande primalskrik som i hans fordrukne hovud høyrdest ut som det kulaste rockebrølet nokosinne. Han opna kjøleskapsdøra og tok ut ein boks tsjekkisk øl med eit namn han var altfor full til å lese. Boksen viste seg umogleg å opne, og etter mykje banning og steiking tok han ein penn og stakk hol i boksen. Innhaldet vart tømt ned halsen hans på nokre sekund.

Den store, drita fulle mannen måtte ned på kne og krype på alle fire gjennom kjøkkenet og inn i stova. Han kjempa seg opp i sofaen og laga nok støy til å vekkje daude (takk og lov at næraste nabo budde på andre sida av gata!). Med eit auge lukka for å unngå å sjå dobbelt, oppdaga han at han hadde fått ei ny privat melding. Moderatoren frå i stad informerte han om at han hadde blitt utestengt frå forumet. Han skreiv òg at han ville vurdere å sleppe han inn på forumet igjen dersom han bad om «unnskyllning [sic]» og tok tilbake alt det han hadde skrive.

Etter å ha ledd høgt og kvinande i ei lita æve, byrja Åge å skrive makabre og svært grafiske dødstrugslar som svar på den private meldinga. Hans stupfulle tilstand gjorde det svært vanskeleg å skrive; det tok han år og dag å gjere ferdig dei vel femten linjene med krenkjande, kvalmande, groteske obskønitetar.

Etterpå lo han høgt og lenge i triumf, før han oppdaga at han nok ein gong var øllaus. Han reiste seg opp i ein fart, men fall over bordet og gjekk i bakken med eit larmande drønn. Bordet fall overende og sendte laptopen i golvet; heldigvis landa den på eit mjukt teppe og vart soleis ikkje skadd. Åge bokstavleg tala brølte seg opp på beina igjen og sjaga sidelengs gjennom stova og inn på kjøkkenet. Der sklei han i den no kalde urinen og fall på hovudet ut gjennom vindauget med eit gryl av ei anna verd. Mannen skremde livskiten ut av ei gammal dame og ein liten gut då han landa med eit brak på graset ute i sin eigen hage. Det faktum at han var splitter naken gjorde ikkje saken noko betre.

«Åh, faen!» utbraut den vesle guten med store auge. – «Åge er dritings igjen!»

«Kom med meg, barn,» sa den gamle dama og halte guten med seg. – «Ikkje sjå på det ufyselege, stupfulle svinet!»

Åge braut ut i brølande lått, før han merka at han måtte pisse igjen. Sidan han var ute, låg og allereie naken, sleppte han rett og slett vatnet. Snart kjende han den behagelege varmen frå piss spreie seg overalt rundt han. Diverre merka han at han måtte noko anna enn å pisse òg.

«Ræææhh!!» brølte han, før han spydde so gufsen stod ut fleire meter. Folk glodde på han ut av kvart vindauge i gata, og dei som allereie var ute, flykta skrekkslegne sin veg. Trollet var på ferde igjen, sa dei alle med stoisk avsky.

Kommenter innlegget