Sanninga om julemarknadsåtaket i Magdeburg

Nettstaden Free West Media skriv:

I går [20.desember 2024] leigde ein saudisk-fødd mann ved man Taleb al-Abdulmohsen ein svart BMW sportsbil og køyrde den inn i ei folkemengd på julemarknaden i Magdeburg, der han drap fem menneske og skadde fleire enn 200. Det er det andre terroråtaket av denne typen i tysk historie, etter lastebilåtaket i Berlin i 2016 utført av den mislykka tunisiske asylsøkjaren Anis Amri, nøyaktig åtte år og éin dag før.

Åtaket vart fanga på overvakingsvideo [tilgjengeleg i originalartikkelen; oms.an.].

Tysk politi arresterte al-Abdulmohsen nesten med éin gong, nær hans totalvraka SUV. På dette biletet har politiet retta våpen mot han og han ligg på bakken.

Al-Abdulmohsen er ein 50 år gammal psykiater og psykoterapeut som budde i Bernburg, 46 kilometer sør for Magdeburg. Han kom fyrst til Tyskland frå Saudi-Arabia i mars 2006, der han fekk politisk asyl. Tyske styresmakter nekta gjentekne gonger saudiarabiske ønske om at han skulle bli utlevert. Saudiarabarane skulda han for terrorisme og menneskehandel, for å visstnok vere delaktig i forsøk på å smugle arabiske jenter inn i Den europeiske union. Al-Abdulmohsen fekk endeleg flyktningstatus og permanent opphald i Tyskland i juli 2016, og har i årevis jobba ved ein statleg klinikk i Bernburg, der han har behandla pasientar for avhengigheitsproblem.

Al-Abdulmohsen har ein betydeleg medieprofil. Han gav intervju til Frankfurter Rundschau og Frankfurter Allgemeine Zeitung [FAZ] i 2019, der han presenterte seg sjølv som ein aktivist som hjelpte flyktningar til Tyskland frå den arabiske verda, og som ein iherdig anti-islamist. I FAZ-intervjuet kalla han til og med seg sjølv «den mest aggressive kritikaren av islam i historia». Han var òg med i eit kort BBC-innslag, der han skildra sin innsats for å hjelpe unge arabiske kvinner emigrere til Europa medan han gjekk med ein bokstavleg fedora-hatt [Innslaget kan sjåast i originalartikkelen; oms.an.].

Berre åtte dagar før Magdeburg-åtaket, 12.desember, gav han eit lengre videointervju til ein amerikansk organisasjon ved namn RAIR Foundation, der han hevda (blant andre ting) at Tyskland jobbar med å islamisere Europa ved å ønskje velkomen jihadistar, medan dei forsømmer asylsøknadene og behova til eks-muslimar slik som han sjølv.

Prominente stemmer på høgresida av det politiske spekteret, hjelpt av enkelte av al-Abdulmohsen sine kjenningar, samarbeidarar og fiendar i det tyske samfunnet av eks-muslimar, prøver å konstruere al-Abdulmohsen som ein jihadistisk soveagent. Dei ønskjer openbert å distansere seg sjølve og saka si frå Magdeburg-gjerningsmannen, men argumenta deira er ikkje overtydande.

Klokka 19:07 i går – tre minutt etter 19:04-åtaket – la al-Abdulmohsen ut fire videoar på Twitter-kontoen sin der han ser ut til å leggje ut om motivasjonane sine. Desse videoane grensar ofte over i usamanheng og antydar at mannen lid av paranoia og andre psykiatriske problem. Han seier at tyskarar er som atenarar som «for særs lenge sidan… avretta Sokrates på grunn av hans religiøse kritikk», fordi tyskarar «aktivt driv kriminell jaging av islam-kritikarar for å øydeleggje liva deira». Der følgjer ein bisarr seksminutts tirade om ein USB som han meiner Köln-politiet stal fram postkassen hans, før han til slutt kom med kommentarar om det han sørgjer mest over, som er relatert til ein Köln-basert flyktningorganisasjon ved namn Atheist Refugee Relief (ARR).

Dette er historia, i den grad eg kan rekonstruere den, frå al-Abdulmohsen sin besette og ekstremt trøyttande tråd:

For nokre år sidan enda kvinnelege saudiske flyktningar til Tyskland, som forlét islam fordi dei vart inspirerte av arbeidet til Richard Dawkins (eg sver at eg ikkje diktar dette opp), opp i hendene til ARR, som busette dei saman med ein mannleg tilsett som desse kvinnene skulda for seksuell trakassering eller misbruk. Al-Abdulmohsen brukte fleire år med å krevje at tysk politi skulle etterforske, og når ingenting skjedde utvikla han eit mordarisk sinne, for so å konkludere at «borgarane i Tyskland» samarbeidde om å forfølgje eks-muslimske arabarar som del av eit større komplott om å islamisere Europa. Dette førde til at han kom med urovekkjande ytringar slik som denne.

[Han skriv: «Finst der ein veg til rettferd i Tyskland utan å bombe ein tysk ambassade eller slakte ned tyske borgarar i hopetal?

Eg har leita etter denne fredelege måten sidan januar 2019 og har ikkje funne den. Om nokon kjenner den, vennlegast vis meg veg.

Les detaljane i Twitter-serien min for å bli sjokkert over brotsverka utført av Tyskland mot saudiske flyktningar og hindringa av rettferd same kor mykje evidens vi gjev til dei.»]

Som mange Twitter-brukarar har merkt seg, og som Welt no rapporterer, la ei saudiarabisk kvinne merke til dei trugande innlegga til al-Abdulmohsen i september 2023, og tok betydelege steg for å varsle tyske styresmakter, der ho gjentekne gonger sendte e-postar og tekstmeldingar som denne.

[Ho byrjar med å åtvare at ein fyr har tenkt å drepe tilfeldige tyske borgarar, og at politiet straks må arrestere han.]

Denne spesifikke meldinga vart feiladressert og enda opp i innboksen til eit politidepartement i Berlin, New Jersey [altso i USA i staden for i Tyskland]. Andre meldingar fann vegen til tyske styresmakter, som derimot for det meste ignorerte dei.

Tysk føderalt politi og politiet i Magdeburg utførde ei «risikovurdering» av al-Abdulmohsen i fjor, og konkluderte til slutt at han «ikkje utgjorde nokon konkret fare».

Som Welt og andre tyske media har rapportert, tiltala det offentlege påtalekontoret i Berlin òg al-Abdulmohsen for misbruk av naudlinja i år, etter at han ringde brannvesenet 23.februar utan nokon grunn. Tiergarten-distriktet bøtela han 600 euro; han anka, men dukka ikkje opp på høyringa si 19.desember, ein dag før han drap fem og skadde meir enn 200 på julemarknaden i Magdeburg.

Free West Media har oppført «Eugyppius» som kjelde for denne teksten. Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget