Saksyndig tek ein titt på Geir Roald Hodne-saka

28.desember 2024 vart politibetjent Markus Botnen (25) skoten og drepen under ei skotveksling på Klepp i Jæren. Geir Roald Hodne (41) var den som skaut politimannen, og han vart sjølv skoten og drepen av politiet. Hodne var medlem av ein pistolklubb, og ein aktiv pistolskyttar. Denne hendinga markerer fyrste gong på 20 år at ein politibetjent har blitt skoten og drepen på jobb – førre gong var under Nokas-ranet. Politiet rykte ut fordi dei hadde fått melding om ein trugselsituasjon, der ein av trugslane skal ha vore at Hodne truga med å tenne på sitt eige hus.

Det var UtenFilter som fyrst offentleggjorde identiteten til gjerningsmannen.

Saka har eit ubestrideleg offer: Ein 25 år gammal mann som var relativt nyutdanna, og som hadde planar om å etablere seg med sambuaren sin. Han hadde stillinga si i Sør-Vest politidistrikt som eit vikariat, og skulle eigentleg ha byrja å jobbe i Finnmark politidistrikt på nyåret. Dette er djupt tragisk for dei etterlatne, og ein viktig påminnar om at det stundom kan vere farleg å jobbe i politiet. Når politiet ikkje står i vegkanten og bøtelegg folk for brot på trafikklova for å drive inn pengar til statskassen, er dei faktisk ute og fangar farlege personar. 25-åringen, om han ikkje hadde mist livet på tragisk vis, kunne ha brukt dei neste tiåra til å drive inn fleire titals millionar i forenkla førelegg i trafikkontrollar i Finnmark. Saksyndig kondolerer på det varmaste til dei etterlatne.

Det har i ein førebels obduksjonsrapport frå Stavanger universitetssjukehus blitt bekrefta at 25-åringen vart drepen med eit skot frå Hodne sitt skytevåpen.

41 år gamle Geir Roald Hodne var ikkje tidlegare straffedømt. Hans etterlatne skildrar han som ein kristen avhaldsmann. Handlinga hans kom for dei alle ut av det blå. Det at han no er sikta for drap, to drapsforsøk og grove trugslar, er for dei eit sjokk – spesielt for foreldra hans, som dei uttrykte då dei var i avhøyr hjå politiet.

Omstenda rundt skotvekslinga tilseier at 41-åringen hadde planar om å reise heim og tenne på bustaden sin, og at han med pistol i hende hadde truga ein mann i 50-åra til å køyre han heim. Heime skal han ha hatt eksplosiv, og ifølgje politiet og forsvararen til sjåføren skal mannen ha vore i ubalanse, eller framstått som det. 50-åringen ante uråd, og under køyreturen stakk han heimom seg sjølv – under påskot av å måtte på do – og skal der ha varsla sonen om situasjonen, og at sonen måtte ringje politiet. Under den påfølgande køyreturen stoppa politiet dei. Politiet fann seinare ingen eksplosiv i bustaden til Hodne.

Hodne har fått oppnemnt ein forsvarar, og det har blitt oppretta politisak. Forsvararen seier at han vil forsøke å bidra til at alle sidene av saka blir best mogleg opplyst, «selv om min klient ikke lenger er blant oss». I tillegg har familien til den avdøde fått ein eigen bistandsadvokat. Politiet og spesialeininga etterforskar òg saka. Her skal kvar ein stein snuast.

Hodne hadde tidlegare kome med kommentarar på ein amerikansk nyheitsnettstad om vaksinar, eigenberedskap, kriseførebuingar og vern mot elektromagnetisk stråling. Det har fått enkelte til å skrive i ymse kommentarfelt at han var vaksinemotstandar. I tillegg fortel ein nabo til NRK at Hodne den siste månaden hadde endra seg, verka einsam og var mest for seg sjølv.

Same kva konklusjonar politiet kjem fram til, kjem saka mot Hodne til å bli henlagt sidan han er død.

Dette er ei førebels oppsummering av dei etter mitt syn viktigaste punkta i saka. Forsvararen til avdøde har oppfordra folk til å stoppe med ryktespreiing og spekulasjonar på nettet. Eit av dei mange rykta som går på nettet, og som vart publisert i NRK i ein no redigert artikkel, er at han skulle reise og «ta» faren sin; i nemnde NRK-artikkel har dette blitt retta til «nær pårørande» ifølgje observante lesarar. Vi har mange spørsmål, men når politiet har etterforska – og henlagt – saka, vil vi sannsynlegvis få vete den delen av operasjonen som politiet ikkje hemmelegstemplar.

Utifrå liknande drapsepisodar er det nokre ting som er verdt å merkje seg:

  1. Drapshandlinga kom ut av det blå.
  2. Gjerningsmannen overlevde ikkje og kan dermed ikkje fortelje kva som skjedde, og kva som er motivet bak.
  3. Gjerningsmannen var prepper og vaksinemotstandar (eller «konspi-nisse», som diverse humorgrupper på Facebook gjerne vil kalle han).
  4. Folk blir oppfordra til å ikkje «spreie rykte» (innforstått: hald meiningane dykkar for dykk sjølve og lat oss få fred til å lage eit narrativ!).

Det kan vere sannsynleg at politiet og media vil bruke denne saka til å sverte dei som har same verdssyn som Hodne. Saksyndig følgjer vidare med i denne saka.

Kjelder:

  1. https://www.nrk.no/nyheter/politimann-og-mann-drept-pa-jaeren-1.17185244
  2. https://www.nrk.no/rogaland/to-dode-etter-skuddveksling-pa-klepp-i-rogaland-1.17185113
  3. https://www.utenfilter.no/2024/12/28/uten-filter-avslorer-geir-roald-hodne-skutt-av-politiet-pa-jaeren/
  4. https://www.nrk.no/rogaland/markus-botnen-_25_-ble-skutt-og-drept-pa-jaeren_-flere-i-politiet-har-bedt-om-fri-fra-jobb-1.17190112
  5. https://www.nrk.no/norge/motte-drapssiktede-geir-roald-hodne-fa-uker-for-skuddvekslingen-pa-klepp-1.17189872
  6. https://www.nrk.no/rogaland/geir-roald-hodne-skal-ha-hatt-en-pistol-og-sagt-at-han-hadde-eksplosiver-i-huset-for-klepp-skytingen-1.17187847

Skrive av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget