Systemsvikt og aldersdiskriminering i helsevesenet

iNyheter publiserte 3.januar 2025 ein artikkel av journalist Olav Kvilhaug som tek opp eit høgaktuelt tema i våre dagar: Det som meir og meir framstår som systemsvikt og aldersdiskriminering i det norske helsevesenet. Artikkelen er basert på ei pressemelding frå Pensjonistpartiet, der ein uttrykkjer djup bekymring etter å ha fått ei henvending frå ein pårørande som skildrar alvorlege hendingar på eit sokalla omsorgssenter.

Det er ei kjent sak at eldreomsorga i Noreg ikkje akkurat er den heilt store. Gamlingane blir stuva vekk for å døy, for å setje ting på spissen. Eg som sjølv jobba 17 år i helsesektoren har opplevd ei gradvis forverring av stoda, og dei historiene eg no høyrer frå dei som framleis jobbar innan helse, indikerer at ting er verre enn då eg sjølv jobba der.

Sjå òg «Jungeltelegrafen melder: Bebuarane på kommunal sjukeheim får berre éi bleie per vakt og blir nekta iskrem fordi det er ‘tomme kaloriar’», publisert 30.september 2023.

Problema var og er: Dårleg bemanning, dårlege norskkunnskapar og dårleg psykososialt arbeidsmiljø. Det er altfor lite folk og altfor mykje arbeid. Bebuarar og pasientar får stadig meir komplekse sjukdomsbilete, og so godt som alle er det ein kan kalle håplaust demente. Dei aner ikkje kor dei er eller kvifor dei er der. Kombinert med aldersrelaterte plagar som dårleg syn og høyrsel og dårleg balanse, får ein fort situasjonar som set dei i fare. Personalet kan ikkje vere fleire stader på éin gong, og sjølv dei som gjer sitt beste vil før eller seinare slite seg ut og møte veggen. Å jobbe på sjukeheim er tungt, men dårleg leiing og lite midlar gjer det endå tyngre.

I tilfellet som Pensjonistpartiet fekk greie på, kan ein med rette slenge inn ein annan kompliserande faktor: Bevisst omsorgsforsømming.

Ein dement pasient med symptom på akutt hjarteinfarkt vart systematisk nedprioritert for livreddande behandling, «tilsynelatende basert på alder og diagnose». Tilsynslegen valde å ikkje tilkalle ambulanse trass openberre faresignal, og pasienten vart sendt til sjukehus fyrst etter at pårørande hadde «masa». På sjukehuset vart det derimot bestemt at pasienten ikkje skulle få livreddande behandling/operasjon etter at det hadde blitt gjort vurdering av «cost-benefit». Altso om det «lønte» seg for samfunnet at vedkomande fekk livet sitt forlenga med livreddande behandling.

Situasjonen er ikkje unik. So seint som våren 2023, då eg framleis jobba i helsevesenet, opplevde eg at ei liknande prioritering hadde blitt gjort av Haukeland sjukehus her i Bergen. På den tida jobba eg på ei travel korttidsavdeling på ein diger, privat sjukeheim. Ein mann i 70-åra hadde sklidd på badet heime hjå seg, falle og knekt nakken. Sjukehuset valde å ikkje føreta operasjon for å stabilisere nakkebrotet på grunn av det dei i anamnesen kalla «dårleg prognose». Mannen var pensjonert revisor og var alkoholavhengig. Han hadde òg multiorgansvikt, truleg på grunn av nemnde alkoholavhengigheit. Hadde han ikkje brote nakken, hadde han nok døydd av nemnde organsvikt før eller seinare.

Han vart sendt til korttidsavdelinga for å døy, og eg fekk hovudansvaret for han. I samråd med sjukepleiar og sjukehuslegen vart vi einige om å gje han jamleg alkohol for å unngå at han fekk abstinensar (meir spesifikt delirium tremens, som kan vere dødeleg). Han hadde eit alvorleg trykksår på setet som det hadde gått infeksjon i. Såret var vanskeleg å stelle fordi han 1) var lam frå brystet og ned på grunn av nakkevirvel-fraktur og 2) fordi mannen vart blå i trynet kvar gong vi prøvde å flytte han over på sida. Han døydde etter ei veke, dopa ned på morfin, Midazolam og vodka. Dødsårsaka var sepsis.

Eg vart like etter usakleg oppsagt frå den sjukeheimen fordi to sjukepleiarar laug til leiinga om at eg var fagleg udyktig. Saka gjaldt ein heilt annan pasient, og hendingane dei skildra hadde aldri funne stad.

Sjå òg «Helse-Noreg i eit nøtteskal? Konspirasjon i personalgruppa på privat sjukeheim fekk erfaren helsefagarbeidar oppsagt», publisert 15.august 2023.

Skal ein trekkje parallellar mellom mi erfaring og den som pårørande i iNyheter-artikkelen skildrar, so er det eit faktum at legar og sjukehus tek prioriteringar utifrå kostnad/nytte. Dei kastar ikkje vekk ressursar på livreddande behandling eller operasjon på nokon som kan døy neste veke. Dei aller fleste eldre som er innlagt på sjukeheimar – spesielt langtidsavdelingar – har HLR minus (som regel stava HLR-) i mappa si. Det tydar at livreddande behandling slik som hjarte/lungeredning ikkje skal iverksetjast. Når Olav Megård, fungerande leiar i Pensjonistpartiet, kallar dette «passiv dødshjelp utan samtykke», har han etter mitt syn misforstått den eigentlege grunnen til at eldre får plass på langtidsavdeling: Tida deira er snart inne.

Vi skal alle døy ein gong, og eg som jobba mange år på somatisk langtidsavdeling stelte og pleia personar som hadde vore sengeliggjande og 100% pleietrengande i mange år. Ei av dei budde på sjukeheimen i heile 22 år før ho til slutt «fekk sleppe». Dei siste ti åra sat ho i rullestol. Det siste året låg ho i senga. I alle dei åra var ho håplaust dement.

For enkelte kjem døden raskt, for andre kan det bli ein langdryg prosess som blir ytterlegare komplisert av dei som meiner menneske må haldast i live for ein kvar pris. Det finst ein gyllen middelveg mellom eutanasi og kunstig forlenging av ein kropp der sinnet for lengst har døydd.

Dette er ein meiningsartikkel skriven av redaktøren i Saksyndig, som er utdanna helsefagarbeidar og via sine beste år til å slite seg ut i helsesektoren.

Kommenter innlegget