Ei hjarteskjerande historie om sennep

Denne fæle, hjarteskjerande historia fann stad då Åge var liten. At ein ufjelg, brautande, ufyseleg, fordrukken brande som Åge ein gong hadde vore eit lite, forsvarslaust, uskuldig barn, var noko ingen trudde på – og knapt nok han sjølv. Tanken var absurd for dei fleste at denne høge, kraftige risen ein gong i tida hadde kome ut or eit kvinnfolk. Dette prova at sjølv dei mektigaste elvar kunne ha dei ynkelegaste kjelder.

På den tida var han rundt elleve-tolv år gammal, og den kollektive autoimmune lidinga kjent som puberteten hadde akkurat erklært krig mot kroppen; no kom overgangen frå barn til vaksen, og Gud vere med den som ikkje takla det! Frå den eine dagen til hin fekk han interesse for det motsette kjønnet. Det kveiktest ein eld i det unge fåvitet som stadig vart nøra av desse lysrøysta, langhåra skapningane med digre rundingar midt på brystet som spratt hypnotisk i alle retningar. Årgangane med Donald Duck og Tommy og Tigern var plutseleg ikkje so freistande lenger.

Spesielt hadde han ei av nabojentene i sikte, og han vart brått bergteken av den plutselege og overveldande venleiken hennar. Objektivt sett hadde ho ikkje endra seg noko særleg, og det var snakk om dagar sidan Åge hadde totalt ignorert ho på bussen heim frå skulen.

Nabojenta bar namnet Ragnhild, truleg det norskaste namnet som var å oppdrive. Ho var ein nordisk alv med blondt hår som var nesten kvitt, og store, vide, klåre auge blåare enn det overveldande himmelteppet som på dagtid omgav den vesle steinen som surra rundt den digre, kvite, brennande ballen i verdsrommet. Huda hennar var kvit som den mest jomfruelege nysnø, og truleg mjukare enn det glattaste skinn. Korleis skiten hennar lukta, visste av naturlege grunnar ikkje Åge, men han førestilte seg at den nok lukta kanel, vanilje og kirsebær. For å gjere ei lang historie kort, hadde han brått blitt vonlaust forgapt og forelska i denne jenta som han knapt nok hadde veksla to ord med.

Klart, trass massiv evidens for det motsette, so var ikkje Åge dum. Han innsåg sjølv då at ein som han ikkje hadde so mykje å stille opp med mot eit individ som var han so uendeleg overlegen på so uendeleg mange måtar. Han var meir ein gut av handling enn av ord, og berre den nøytrale forfattaren kunne framstille ein slik tomskalle med sopass nøytrale ord (ikkje det at forfattaren prøvde so altfor hardt på det heller!). Dessutan hadde han ved fleire høve observert at Ragnhild hadde gjeve kyss til og halde hender med ein gut som faktisk såg ut som eit menneske – i motsetnad til vår venn, som mest av alt såg ut som iallfall førti prosent av DNA-et hans var frå neandertalarane.

Likevel bestemte Åge seg for å erklære sin kjærleik til denne Ragnhild med den alveaktige utsjånaden og den (visstnok) mjuke, herlege huda og velduftande skiten. Ein glovarm sommarettermiddag kom han tuslande nedover bakken til det kvite huset hennar, berande på ein blomsterkvast som mest av alt såg ut som noko han hadde raska med seg frå vegkanten – men som i hans auge fortona seg som ein blomsteroppsats som kunne ha høyrt heime i eit kongeleg bryllaup. Med magen, hjartet og halve levra i halsen ringde han på døra med ei skjelvande hand. Han vona i sitt stille, enkle sinn at Ragnhild ikkje ville kjenne spyanden hans, ettersom han i sin nervøsitet hadde kasta opp fire-fem gonger på veg frå sitt eige hus til hennar.

Døra vart opna. I døropninga openberra det seg ei ruvande kjempe av ein bøs brytar med kvalrossbart og glattbarbert isse. Dei klåre, isblå auga hans lynte ned mot Åge – som på den tida ikkje var fullvaksen.

«Kva vil du?» spurde faren til Ragnhild med eit spydig trykk på «du».

«Er… Er Ragnhild heime?» spurde Åge med ei sprokken røyst som nettopp hadde entra stemmeskiftet. Utan å verdige guten eit svar, snudde faren seg bryskt rundt og ropte namnet til dottera si so det gav gjenlyd i fjellhammaren som denne residensen hadde ete seg fast oppunder for ein halv mannsalder sidan. Åge heldt på å kaste opp igjen.

Ragnhild kom elegant spankulerande, haldande hender med guten som må ha vore kjærasten hennar. Åge stod der bleik og spyferdig med hamrande hjarte og eit fårete, forpint glis.

«Åh, er det du…» sa Ragnhild og himla med dei vakre, isblå auga sine. – «Kva vil du?»

«Eg… Eg har med blomar til deg,» sa Åge og rekte ho dei sokalla blomane med hender som skalv verre enn ospelauv.

«Og kva er so dette?» spurde Ragnhild hånleg utan å ta imot dei. – «Kjem du her med ugras? Har du reinska bedet vårt?» Ho snudde seg mot faren. – «Skal vi gje han pengar?» Faren rista kort og resolutt på hovudet.

«Eg… Eg… Eg elskar deg, Ragnhild!» utbraut Åge, før han til si store skrekk pissa seg ut.

Faren, Ragnhild og kjærasten stod og stira på Åge, før dei stira på kvarandre.

«Kven er han fyren?» spurde kjærasten. Ragnhild trekte på skuldrene og bles. – «Er han utviklingshemma?»

«Står du her og pissar utover eigedommen min, gut?» spurde faren med torevêr i den djupe mannerøysta. «Ta og kom deg heim til mor!»

«Ja, kom deg heim til mor,» sa Ragnhild. Åge såg på ho med gapande munn.

«Elskar du meg ikkje?» spurde Åge, før han igjen freista å gje ho sin ynkelege blomsterkvast.

Ragnhild braut ut i lått som gjalla. Faren såg på han som om han skulle ha ramla ned frå månen.

«Nei, ho elskar deg ikkje, kven du no er,» sa kjærasten. «Ho elskar meg!» Han peikte på seg sjølv. «Dra deg vekk før du drit deg enno meir ut.»

«Eg har ikkje drite meg ut!» kvein Åge med si sprokne, pubertale røyst. «Eg har pissa meg ut!»

Ragnhild, som nettopp hadde slutta å le, braut ut i lått igjen. Denne gongen måtte òg faren le. Åge vart nådelaust dytta vekk frå eigedommen av kjærasten, som til og med gav han eit spark bak. Guten sprang pistrande opp bakken medan ugraset låg igjen etter han.

**

At ikkje jenta som han var so til dei grader forgapt i, ikkje skulle elske han tilbake like mykje, var noko Åge tok som ei blodig fornærming. Korleis kunne nokon vere so stygge og fæle at dei ikkje gjengjelda kjærleik? Han hadde opna hjartet sitt til Ragnhild, og ho hadde berre ledd av han – i tillegg hadde ho fått kjærasten sin til å kaste han vekk frå eigedommen og sparke han i ræva! Gutungen raste rundt som ein tornado inne i stova heime hjå seg sjølv. Auga hans brann av barnleg, hjelpelaust raseri. Dette måtte hemnast!

Akkurat då spratt det ein kvit katt ned på altanen frå det overhengande, overgrodde bratthenget. Åge kjende med éin gong igjen katten. Det var katten til Ragnhild. Han hadde for vane å grave opp blomsterbedet deira og drite nedi der, til foreldra hans si store misnøye. Vanlegvis var faren til Åge ein som mildt sagt ikkje fann seg i tull og tøys, men sjølv ein høg, kraftig brande som han hadde lite å stille opp med mot ein katt. Kattar var som vakre kvinnfolk – dei gjorde nett som dei ville og dreit i konsekvensane.

Det dukka bokstavleg tala opp djevelhorn i panna på vår unge, dumme venn. Han lokka til seg katten med eit listig smil, og snart kom det malande, firbeinte pelsdyret etter han inn i stova og inn på kjøkkenet. Guten opna kjøleskåpet og tok ut ei heilt ny flaske med sennep. Av den sterke typen. I den eine handa hadde han sennepsflaska, og i den andre hadde han eit stykke fisk frå gårsdagens middag. Medan katten åt frå neven hans og ante fred og inga fare, knipsa Åge av den vesle korken på sennepsflaska, trykte ho opp i ræva på han og kneip til. Iallfall ein fjerdedel av flaska fór inn i det vesle dyret med ein høg slurpelyd.

Katten spratt i vêret med ei forundra vokalisering. Deretter laud det såraste katteskriket Åge nokosinne hadde høyrt – det skar gjennom lufta som ein barberkniv gjennom ein strupe. Det fresande og skrikande remjedyret sprang vegg-i-mellom og reiv ned alt som ikkje var skrudd fast. Åge braut ut i perpleks lått, han lo so han måtte bøye seg. Katten skaut som ein rakett ut altandøra og forsvann inn i buskene. Åge hadde aldri sett eit levande vesen bevege seg so fort før – pelsen hadde omtrent problem å halde følgje med den katten!

Åge heiv diskret sennepsflaska inn i buskene nedanfor altanen, før han gjekk over til å gjere andre ting.

**

Dagen etter ringde det brått på døra. Åge var på det tidspunktet åleine heime, so det var han som gjekk og opna. Han var ikkje på nokon måte førebudd på kva som venta han, og kven kunne vel det?

Utafor stod Ragnhild, faren til Ragnhild og kjærasten hennar. Åge sleppte frå seg eit forundra, pubertalt grynt og ein fis. Ragnhild var omtrent bandasjert frå topp til tå, og det same var faren og kjærasten. Alle tre såg ut som om dei ville drepe han. Før Åge fekk sagt noko, inviterte dei seg sjølv inn med brutalitet og knyttnevar. Før Åge visste ordet av det, stod dei tre inne i hans eiga stove.

«Åge, din sjuke jævel,» sa faren aggressivt. «Eg veit det var du som gjorde det, og du treng ikkje ein gong å nekte.»

«Kva har eg gjort?» spurde Åge, før nok ein fis skaut ut ræva på han.

Faren tok deretter fram ein svart bosspose, snudde han opp ned og sleppte ut ein daud katt. Åge vreid ut av seg eit forpint stønn og ein like forpint fis. Katten tilhøyrde Ragnhild, og var daud som ei sild. Ei sterk lukt av sennep og blod fylde naseborene til den unge guten. I same augneblink viste kjærasten fram ei nesten full flaske med sennep som framleis hadde restar av mose og jordrestar på seg.

«Dette var ikkje meg!» peip ungguten med ei stemme som sprakk i eit klynk.

«Vi fann sennepsflaska utafor din altan!» snerra kjærasten. «Og katten kom byksande som om ræva hans stod i brann! Det stinka sennep! Vi la saman to og to! Trur du vi er dumme?»

«Du er riktignok dum sjølv, Åge, men dette var i drygaste laget sjølv for deg,» sa faren med andletet vride i avsky.

«Du drap katten vår!» utbraut Ragnhild. «Du pinte han i hel!»

«Er du klar over kva som skjer dersom du sprøytar ei halv flaske sennep opp i ræva på ein stakkars liten katt?» spurde faren.

«Det var ikkje ei halv flaske!» kvein Åge. «Det kan umogleg ha vore meir enn ein fjerdedel!»

Akkurat då fauk kjærasten i strupen på den dumme guten, og berre det faktum at faren skilde dei, hindra Åge frå å bli prylt i fillebitar. Ragnhild omfamna kjærasten, medan faren stod bryskt framfor Åge. Han heldt fram:

«Sennep svir jævla mykje, gut. Katten vår klorte oss til blods. Han var heilt hysterisk. Vi måtte til slutt berre hive han inn i eit kott. Det vart til slutt for mykje for han. Han døydde no i dag tidleg. Ingen av oss har sove i natt.» No var han meir trist enn sint. «Men veit du kva det verste var? Det verste var at eg måtte forklåre mine to tvillingsøner på tre år kvifor katten vår ikkje lever meir.» Han tok deretter armen til Åge og halte han med seg. «Og no skal du vere med oss.»

Åge, som måtte bere den daude katten, vart nådelaust dregen med opp til huset til Ragnhild. Den skrekkslegne guten vart nådelaust tvinga til å fortelje to små ungar som ikkje eingong kunne snakke reint, kva han hadde gjort. Då dei to smårollingane spurde han kvifor han hadde gjort det, visste ikkje Åge kva han skulle svare. Det visste derimot Ragnhild.

«Han veit ikkje betre,» sa ho trist. Det var stor semje om at Åge til sjuande og sist ikkje kunne hjelpe for at han var so ufatteleg dum, og der og då svei ein slik merkelapp grenselaust i det unge sinnet hans.

«Dette kjem eg til å fortelje til faren din,» sa faren alvorleg. Åge vart minst ti år eldre i andletet, og miste det vesle han hadde igjen av farge. Dødsdommen var no gjeven, og han kunne ingenting anna enn å vente på at han skulle finne stad.

Då faren til Åge fekk vete kva han hadde gjort, fekk Åge ein slik omgang med pryl at han ikkje kunne sitje på ti dagar. Han halta i nesten eit halvt år etterpå. Det verste var likevel ikkje korleis han hadde drite på draget i kjærleiken, eller korleis han hadde fått grisebank av sin eigen far for å ha pint eit dyr til daude.

Det verste var uttrykka i andleta på dei to treåringane, og dei skremde, forvirra, gråtande andleta deira ville forfølgje han dag og natt i fleire år etterpå.

Og framleis, til denne dag, ville den vaksne Åge aldri, aldri, aldri finne på å ete sennep.

Kommenter innlegget