Dei lærde stridest: Kvifor «vil» ikkje uføretrygda vere i arbeid?

Ei heit potet den siste tida har vore sjukelønna, med all kontroversen den fører med seg. Ei anna like brennvarm potet er «permanent sjukelønn», betre kjent som uføretrygd. Det kan sjå ut som det blir stadig fleire personar som går på trygd, og som dermed slepp å slite seg ut i eit uføreseieleg arbeidsliv med ustabil leiing og vrange kollegaer. Er det sånn å forstå at dei uføretrygda ikkje er i arbeid fordi dei ikkje kan, eller fordi dei ikkje vil?

Ein artikkel i iNyheter skriven av den pensjonerte læraren Sverre Avnskog oppsummerer desse to motstridande punkta. Han viser til fleire artiklar av Simen Bondevik, barnebarnet til tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik, der Bondevik den yngre meiner at alle uføretrygda eigentleg ønskjer å vere i jobb, men at dei ikkje er i stand til det på grunn av alvorleg sjukdom.

Bakgrunnen er det visstnok store talet unge menneske som blir uføretrygda, sokalla unge uføre. Enkelte politikarar har snakka om ei «nedre aldersgrense» for å bli uføretrygda – korleis dette enn skal utførast i praksis. Skal vi liksom be kroniske sjukdommar om å «roe seg litt ned» før fylte 30?

Bondevik den yngre (av meg frå no av kalla Vesle-Bondevik) verkar ifølgje Avnskog «i overkant naiv og godtroende om sine medmennesker», for Vesle-Bondevik meiner at det berre er sjukdom som fører til uføretrygd, og absolutt ingen andre ting, som til dømes dårleg moral, latskap og eit ønske om å vere ein parasitt eller ubrukeleg etar.

Som Avnskog sjølv skriv:

«Men er virkeligheten slik? Jeg kan jo fortelle ut fra min egen kontakt med mennesker med rusproblemer og med innvandrerbakgrunn, at deres aller høyeste ønske har vært å få uføretrygd, slik at samfunnet vil gi dem penger til livsopphold.»

Avnskog etterlyser i tillegg forsking om kvifor arbeidstakarar søkjer om uføretrygd. Skuldast dette berre sjukdom, eller ligg det «andre motiver inne i bildet»? Det beste han greidde å grave fram, er tydelegvis følgjande sitat frå forskar og overlege på STAMI, Hans Magne Gravseth:

«Tidligere forskning har tydet på at både alvorlige skader og lav sosioøkonomisk status kan øke risikoen for langvarige helseproblemer og arbeidsuførhet. Men vi trenger mer kunnskap om hvordan disse faktorene påvirker hverandre.»

I tillegg kjem det fram følgjande i studien: «Tre av fire som fikk uføretrygd, hadde en diagnose som ikke var skaderelatert.»

Avnskog skriv rett ut at «mye tyder på at både en god del innvandrere og nordmenn med lav sosioøkonomisk status, heller ønsker å bli uføretrygdet enn å leve av sosialtrygd.»

Som Saksyndig tidlegare har skrive om, er sosialhjelpsatsane mildt sagt ikkje noko å skryte av.

Sjå òg «Knut Hallvard (54) har vore sosialklient i fire år: ‘Mitt mål og ønske er å kunne leve’», publisert 17.oktober 2023.

Eg personleg jobba 17 år i helsesektoren, der 11 av desse åra var miljøarbeid med psykisk utviklingshemma. Bortimot alle hadde fått innvilga trygd ved fylte 18 år, fordi det var forventa at dei ikkje skulle kunne fungere i eit vanleg arbeidsforhold. Det tyda derimot ikkje at dei sat heime på ræva og dreiv dank – dei aller fleste hadde eit dagtilbod, anten på dagsenter eller i verna bedrift. Det var derimot tre av dei som bokstavleg tala sat heime og dreiv dank i staden for å drive med fornuftige ting – alle tre var unge menn.

Den eine hadde ressurssterke foreldre som sydde puter på storleik med hoppeslott under armane på han. Mitt oppdrag var å reise heim til den vesle kjellarleilegheita han budde i hjå foreldra og få han opp om morgonen. Det var ein langdryg og ofte fånyttes prosess, og heile to timar var sett av til denne «oppvekkinga». Som regel måtte eg reise derifrå utan å få han opp – fyren ville helst berre liggje og dra seg i senga. Etter kvart stengde faren – som var tømrar og dreiv eige føretak – av delar av kjellarleilegheita, inkludert vaskerommet, slik at sonen måtte avtale med foreldra når vaskemaskina skulle brukast. Dette vart sannsynlegvis gjort for å «motivere» han til å gjere noko med livet sitt. Fyren skjønte nok teikninga; han var ikkje dum, sjølv om diagnosen hans eksplisitt sa det.

Etter kvart greidde foreldra etter mykje mas å få han over i arbeidstrening i ein sportsbutikk. Då vart oppdraget mitt å få han opp om morgonen og køyre han til butikken. Eg sleppte han av utanfor like før dei opna, med den forventinga at butikksjefen tok han imot. Tilbakemeldingar eg fekk kort tid etter, tyda på at den unge mannen snudde og tok bussen heim igjen i staden for. Eg måtte då ta kontakt med butikksjefen og passe på at den 20 år gamle mannen kom seg frå parkeringsplassen og inn i butikken.

Arbeidstreninga varte kanskje ein månads tid. So fekk vi fleire tilbakemeldingar: Guten tok ikkje instruksar, og han verka ikkje på nokon måte motivert for arbeidsoppgåvene. Butikksjefen gav han beskjed at han ikkje trong å kome tilbake igjen. Då vart det søknad om uføretrygd i staden, og den unge mannen viste meg i triumf brevet om vedtak på trygd som han hadde fått frå NAV. Eg gratulerte han med uføretrygd, ein tanke syrleg. Det var ingenting meir vi kunne gjere for han. Og ettersom han no var kasta ut av kjellarleilegheita fordi broren hans og sambuaren flytta inn der, måtte han flytte inn i ei kommunal leilegheit i ein meir sentral del av bydelen.

Både Avnskog og Vesle-Bondevik har på ein måte rett: Mange er uføretrygda fordi helsa deira forbyr dei å jobbe – er dei heldige, kjem dei seg ut av senga om morgonen. Enkelte har diverre oppdaga at systemet kan utnyttast slik at dei kan få dekt livets opphald utan å bidra til samfunnet.

Problemet i den offentlege diskursen oppstår fyrst når vi generaliserer, for generalisering blir feil i alle tilfelle. Ikkje alle uføretrygda er uføretrygda på grunn av sjukdom, og ikkje alle uføretrygda er uføretrygda fordi dei er for late til å vere i arbeid. Faktum er diverre at det ikkje er berekraftig for eit sokalla velferdssamfunn om 10% av dei arbeidsføre av ymse årsaker ikkje er i arbeid.

Skrive av redaktøren i Saksyndig, som sjølv er i full jobb.

Kommenter innlegget