FrP skal nyleg ha «tvinga» ei liberal gruppe ved namn «Statistics Norway» eller «Statistikk Noreg» til å offentleggjere kriminalitetsstatistikk. Resultata verkar ikkje lovande for «nye landsmenn» frå den tredje verda. Ikkje overraskande toppar somaliarar lista, og etiopiarar ligg ikkje langt bak. Dette melder Revolver.news. Som dei skriv (mi omsetjing):
«Som det viser seg, hadde desse sokalla ‘konspi-nissane rett: mangfald passar ikkje for alle. I realiteten er det ein dødsdom for vertslandet og folket der, og no har vi den stygge krimstatistikken som provar det.»
Kjelda til Revolver.news, X-brukaren «Whyvert», skriv:
«Noreg: Framstegspartiet tvinga Statistics Norway til å offentleggjere etniske kriminalitetsdata.
Nesten halvparten av unge somaliske menn i Oslo (483 av 1000) vart pågripne og sikta for valdsbrotsverk.»
Vedlagt ligg eit oversiktsskjema med tittelen «Siktelser for vold per 1000 innbygger». Det er laga av Espen Teigen i Document, og han har igjen brukt SSB som kjelde. 32 av 1000 nordmenn er sikta for vald og mishandling, Pakistan ligg på andre plass (111 av 1000), medan Irak, Etiopia og Somalia ligg på botnen (eller i dette tilfellet, på toppen). Irak har 288 av 1000, Etiopia 289 av 1000 og Somalia heile 483 av 1000.
Slik statistikk har erfaringsmessig blitt vanskelegare og vanskelegare å oppdrive, fordi styresmaktene ser ut til å ikkje ønskje at folk flest skal finne ut at mange av våre importerte «hjartebarn» i røynda er hardbarka kriminelle som mildt sagt tek lett på lovar og reglar.
X-brukaren «Inquisitive Bird» («nysgjerrig fugl»), kjem med eit liknande oversiktskjema med tittelen «Immigration and violent crime in Norway, 2020-2023». Der skil vedkomande mellom «desendants» (etterkomarar) og «immigrants». Lesaren kan sjølv lese skjemaet og trekkje sine konklusjonar, men eg konstaterer at Somalia òg her ligg på topp, tett etterfølgt av Marokko og Irak. Noreg ligg temmeleg langt nede på lista, og blir som uskuldsreine englar å rekne. Er rasistiske nordmenn eit stort problem i Noreg, seier de? Statistikken seier noko heilt anna.
Revolver.news kjem med følgjande hjartesukk:
«Noreg brukte å vere kjent som eit fredeleg, ikkje-valdeleg samfunn – kanskje vart dei leie av å vere ein ‘trygg’ modell for resten av verda å beundre. Korleis forklarer de elles det å late ein flaum av valdelege dritsekkar frå u-land å velte inn? Dei ville nok gje desse folka eit ‘betre liv’, men var prisen å betale deira eigen tryggleik og lykke?»
Mangfald høyrest greitt ut på papiret, og det gjer i grunnen det meste heilt til ein prøver det ut i praksis. Ukritisk innvandring frå inkompatible kulturar som ikkje er interesserte i å lære seg norsk språk og kultur, og som opprettar parallellsamfunn har blitt den harde realiteten. Er dette dumskap, uvitenheit eller eit bevisst ønske om å øydeleggje Noreg og resten av Vesten? Det veit nok berre dei som styrer, og dei held sine eigne kort ganske tett til brystet.
